Lukas' evangelium 6
1 Den næstfyrste sabbaten bar det so til at han gjekk gjenom ein åker, og læresveinane hans reiv av aks og gnudde dei millom hendene og åt.
2 Då sa nokre av farisearane: Kvi gjer de slikt som ingen hev lov til å gjera på sabbaten?
3 Men Jesus tok til ords og sa: Hev de då ikkje lese kva David gjorde då han og mennene hans var svoltne?
4 Korleis han gjekk inn i Guds hus og tok skodebrødi og åt, og gav mennene sine med! Og dei brødi hev ingen lov til å eta utan berre prestane.
5 So sa til dei: Menneskesonen råder yver sabbaten og.
6 Ein annan sabbat bar det so til at han gjekk inn i synagoga og lærde. Der var det ein mann som den høgre handi var nomi på,
7 og dei skriftlærde og farisearane gjætte på han, um han vilde lækja på sabbaten, so dei kunde finna noko å klaga han for.
8 Men han kjende tankane deira og sa til mannen som hadde den nonne handi: Reis deg upp og kom fram! Då reiste han seg upp og gjekk fram,
9 og Jesus sa til dei: Eg spør dykk; Er det rett å gjera godt på sabbaten eller å gjera vondt, berga liv eller øyda liv?
10 Han såg rundt ikring på dei alle og sa til mannen: Rett ut handi di! Han so gjorde, og handi hans vart god att.
11 Men dei vart so vonde at dei var reint frå vitet, og tala med kvarandre um kva dei skulde gjera med Jesus.
12 I dei dagane hende det at han gjekk upp i fjellet og vilde beda, og han var der heile natti i bøn til Gud.
13 Då det vart dag, kalla han til seg læresveinane sine og valde ut tolv; dei kalla han apostlar.
14 Det var Simon - som han og kalla Peter - og Andreas, bror hans, Jakob og Johannes, og Filip og Bartolomeus,
15 og Matteus og Tomas og Jakob, son åt Alfeus, og Simon, som dei kalla Selotes,
16 og Judas, son åt Jakob, og Judas Iskariot, han som vart svikar.
17 So gjekk han nedyver i lag med dei, og vart ståande på ei sletta. Der var ein heil flokk av læresveinane hans og ei stor mengd med folk frå heile Judea og Jerusalem og frå sjøbygdene ved Tyrus og Sidon,
18 som var komne for å høyra på han og lækjast for sjukdomane sine. Då vart dei gode att dei som var plaga av ureine ånder;
19 og alt folket freista å koma nær han, for det gjekk ei kraft ut ifrå han som lækte alle.
20 Då lyfte han upp augo og såg på læresveinane sine og sa: Sæle de fatige er! Guds rike er dykkar.
21 Sæle de som no svelt! De skal mettast. Sæle de som no græt! De skal koma til å læ!
22 Sæle er de når folk hatar dykk, og når dei ikkje vil vita av dykk, og spottar dykk og bannlyser namnet dykkar som noko vondt, for Menneskesonen skuld!
23 Den dagen må de gleda dykk, ja, de må hoppa av gleda, stor er løni som ventar dykk i himmelen; for på same vis for federne deira åt mot profetane.
24 Men ve yver dykk, de som rike er! De hev alt fenge hugnaden dykkar!
25 Ve yver dykk, de som no er mette! De skal koma til å svelta! Ve yver dykk som no lær! De skal syrgja og gråta.
26 Ve når alle folk talar vel um dykk! For på same vis for federne deira åt med dei falske profetane.
27 Men til dykk som høyrer, segjer eg: Elska fiendane dykkar! Gjer vel mot dei som hatar dykk!
28 Velsigna dei som bannar dykk! Bed for dei som talar ille um dykk!
29 Slær nokon deg på det eine kinnet, so bjod den andre og fram! Tek nokon kjolen din frå deg, so neitta han ikkje trøya heller!
30 Gjev kvar som bed deg, og tek nokon det som ditt er, so krev det ikkje att!
31 Gjer mot anna folk som de vil at dei skal gjera mot dykk!
32 Um de elskar dei som elskar dykk, kva er det å takka dykk for? Syndarane elskar då og dei som deim elskar.
33 Og um de gjer vel mot dei som gjer vel mot dykk, kva er det å takka dykk for? So gjer syndarane og.
34 Og um de låner til dei som de ventar å få att av, kva er det å takka dykk for? Syndarar låner og til syndarar på den måten at dei skal få like mykje att.
35 Nei, elska fiendane dykkar, gjer vel og lån burt, og venta ikkje å få noko att! Då skal løni de fær, vera stor, og de skal vera borni åt den Høgste; for han er god mot dei utakksame og vonde.
36 Ver miskunnsame, som Far dykkar er!
37 Døm ikkje, so skal de ikkje dømast! Fordøm ingen, so skal ingen fordøma dykk! Tilgjev, so skal de få tilgjeving!
38 Gjev, so skal dei gjeva dykk! Eit godt, stappa, sikka og yverfullt mål skal dei gjeva dykk i fanget. For det målet de mæler med, skal dei mæla att åt dykk med.
39 Han sa dei og ei likning: Kann ein blind leida ein blind? kjem dei ikkje båe til å falla i grefti?
40 Læresveinen er ikkje yver meisteren; men er han heilt utlært, so vert han lik meisteren sin.
41 Kvi ser du flisi i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga vert du ikkje var?
42 Korleis kann du segja til bror din: Bror, lat meg taka ut flisi som sit i auga ditt! du som ikkje ser bjelken i ditt eige auga? Hyklar! Tak fyrst bjelken ut or ditt auga, då kann du sjå å taka flisa ut or auga åt bror din.
43 For det finst ikkje noko godt tre som ber låk frukt, ikkje heller noko låkt tre som ber god frukt;
44 for treet kjenner me på den frukti det ber; Ingen kann sanka fikor av tistlar eller plukka druvor av klunger.
45 Ein god mann ber fram berre godt av det gode han gøymer i hjarta sitt, og ein vond mann ber fram berre vondt av det vonde han gøymer på. For frå munnen hans kjem det som hjarta er fullt av.
46 Men kvi kallar de meg Herre, Herre, og gjer ikkje det som eg segjer?
47 Eg skal syna dykk kven han er lik, den som kjem til meg og høyrer ordi mine og gjer etter dei:
48 Han er lik ein mann som vilde byggja seg eit hus, og som grov djupt i tufti og la grunnsteinane på berget. Då det so kom ein flaum, og straumen braut imot huset, vann han ikkje å rikka det, av di det var godt bygt.
49 Men den som høyrer, og ikkje gjer etter det han høyrer, han er lik ein mann som bygde seg eit hus på berre marki, forutan grunnsteinar. Då so straumen braut imot huset, datt det i hop med ein gong, og det vart eit stort fall då huset datt.