«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Lukas' evangelium 3

1  I det femtande styringsåret åt keisar Tiberius, medan Pontius Pilatus var landshovding i Judea, og Herodes var fylkeskonge i Galilea, og Filip, bror hans, fylkeskonge i Iturea- og Trakonitis-landet, og Lysanias fylkeskonge i Abilene,

2  og medan Annas og Kaifas var øvsteprestar, kom Guds ord til Johannes, son åt Sakarias, i øydemarki.

3  Då for han kring i heile Jordan-kverven og ropa ut umvendings-dåp til forlating for syndene,

4  som skrive stend i boki som inneheld talane åt Esaias, profeten: Høyr han som ropar i heidi: Ryd vegen for Herren, jamna stigane hans!

5  Kvar djuv skal fyllast, kvart fjell skal lægjast, og kvar ein haug; det krokute skal verta beint, og dei staupute vegane verta slette,

6  og alt kjøt skal sjå Guds frelsa.

7  Som no folket kom ut og vilde få han til å døypa seg, sa han til dei: Orme-ungar, kven lærde dykk å røma frå vreiden som skal koma?

8  Ber då frukter som svarar til umvendingi, og gjev dykk ikkje til å tenkja som so: Me hev Abraham til far! for eg segjer dykk at Gud kann vekkja upp born åt Abraham av desse steinane.

9  Øksi ligg alt innmed roti på trei; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.

10  Kva skal me då gjera? spurde folket.

11  Han svara dei: Den som hev tvo trøyor, skal gjeva ei av dei til den som ingi hev, og den som hev mat, skal gjera sameleis.

12  Det kom og nokre tollmenn som vilde døypast, og sa: Meister, kva skal me gjera?

13  Krev ikkje meir enn de er fyresagde! svara han.

14  Like eins var det nokre hermenn som spurde han: Og me, kva skal me gjera? Då svara han: De skal ikkje truga pengar utav folk anten med vald eller falske klagemål! De skal nøgja dykk med løni dykkar!

15  Men folket gjekk i venting, og alle tenkte med seg: Tru Johannes skulde vera Messias.

16  Då tok han til ords og sa til alle: Eg døyper dykk med vatn, men det kjem ein som er sterkare enn eg - eg er ikkje verdig å løysa skobandet hans; han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld.

17  Han hev kasteskovli i handi, og skal gjera av låven sin og samla kornet i stabburet sitt; men agnene skal han brenna i ein eld som aldri sloknar.

18  Dette og mykje anna la han folket på hjarta, og kunngjorde evangeliet åt dei.

19  Men då han tala til Herodes, fylkeskongen, for giftarmålet med Herodias, brorkona hans, og for alt det vonde han hadde gjort,

20  so gjorde Herodes det og attpå alt, at han sette Johannes i fengsel.

21  Då no alt folket vart døypt, og Jesus og vart døypt, då hende det, medan han bad, at himmelen opna seg,

22  og den Heilage Ande dala ned yver han i duveham, og det kom ei røyst frå himmelen: Du er Son min, som eg elskar; deg hev eg hugnad i.

23  Jesus var um lag tretti år då han stod fram, og var, etter som dei meinte, son åt Josef, son åt Eli,

24  son åt Mattat, son åt Levi, son åt Melki, son åt Jannai, son åt Josef,

25  son åt Mattatias, son åt Amos, son åt Nahum, son åt Esli, son åt Naggai,

26  son åt Ma'at, son åt Mattatias, son åt Sime'i, son åt Josek, son åt Joda,

27  son åt Johanan, son åt Resa, son åt Serubabel, son åt Salatiel, son åt Neri,

28  son åt Melki, son åt Addi, son åt Kosam, son åt Elmadam, son åt Er,

29  son åt Josva, son åt Elieser, son åt Jorim, son åt Mattat, son åt Levi,

30  son åt Simeon, son åt Juda, son åt Josef, son åt Jonam, son åt Eljakim,

31  son åt Melea, son åt Menna, son åt Mattata, son åt Natan, son åt David,

32  son åt Isai, son åt Obed, son åt Boas, son åt Salmon, son åt Nahson,

33  son åt Aminadab, son åt Ram, son åt Hesron, son åt Peres, son åt Juda,

34  son åt Jakob, son åt Isak, son åt Abraham, son åt Tarah, son åt Nakor,

35  son åt Serug, son åt Re'u, son åt Peleg, son åt Eber, son åt Salah,

36  son åt Kenan, son åt Arpaksad, son åt Sem, son åt Noah, son åt Lamek,

37  son åt Metusalah, son åt Enok, son åt Jared, son åt Malalael, son åt Kenan,

38  son åt Enos, son åt Set, son åt Adam, Guds son.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23