«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Lukas' evangelium 24

1  Men den fyrste dagen i vika, tidleg i otta, kom dei til gravi, og hadde med seg kryddone som dei hadde laga til.

2  Då fekk dei sjå at steinen var velt ifrå gravi;

3  dei gjekk inn, men fann ikkje lekamen åt Herren Jesus.

4  Dei visste ikkje kva dei skulde tenkja um dette; då stod det med ein gong tvo menn i skinande klæde innmed dei,

5  og medan dei fulle av otte stirde nedfyre seg, sa mennene til dei: Kvi leitar de etter den levande millom dei daude?

6  Han er ikkje her; han hev stade upp att. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea,

7  at Menneskesonen skulde gjevast i hendene på syndige menneske og krossfestast og standa upp att tridje dagen!

8  Då kom dei i hug ordi hans,

9  og dei gjekk burt att frå gravi, og fortalde alt dette til dei elleve og alle dei andre.

10  Det var Maria Magdalena og Johanna og Maria, mor åt Jakob og dei hine kvinnone i fylgjet deira - dei sa dette med apostlane;

11  men dei tenkte det var noko vas dei for med, og trudde dei ikkje.

12  Peter sprang like vel av stad til gravi, og då han lutte seg ned, såg han ikkje anna enn likklædi; so gjekk han burt att, og undrast med seg yver det som var hendt.

13  Same dagen gjekk tvo av dei utetter til ein liten by som heiter Emmaus og ligg seksti stadier frå Jerusalem,

14  og på vegen tal dei med einannan um alt det som nyst hadde hendt.

15  Medan dei no gjekk og tala og dryfte det med kvarandre, kom Jesus sjølv innåt og slo fylgje med dei;

16  men augo deira var fjetra, so dei kjende han ikkje.

17  Kva er det for ting de røder so um medan de gjeng etter vegen? spurde han. Då stana dei og såg sorgfulle ut.

18  Og den eine av dei - han heitte Kleopas - tok til ords og sa til han: Du må visst vera den einaste som held til i Jerusalem og ikkje veit kva som hev hendt der desse dagane!

19  Kva for noko? spurde han. Det med Jesus frå Nasaret, svara dei, han som var ein profet, mektig i gjerning og ord for Gud og alt folket,

20  korleis øvsteprestane og rådsherrane våre fekk dømt han frå livet og krossfeste han.

21  Og me vona at han var den som skulde løysa ut Israel. Og med alt det so er det no på tridje dagen sidan dette gjekk fyre seg.

22  Men so hev og nokre kvinnor i flokken vår sett oss i uro og undring; dei var i otta ved gravi,

23  og fann ikkje lekamen hans, men kom og fortalde at dei hadde set eit syn av englar, og at englane hadde sagt at han lever.

24  Nokre av dei som var med oss, gjekk då ut til gravi og fann det heiltupp so som kvinnone hadde sagt, men honom såg dei ikkje.

25  Å for uvituge de er, svara han, og for seinhuga til å tru alt det som profetane hev tale!

26  Laut ikkje Messias lida dette fyrr han kunde ganga inn til sin herlegdom?

27  So tok han til frå Moses og alle profetane, og i alle skriftene la han ut for dei det som er sagt um han der.

28  Då dei var tett innmed den byen dei skulde til, lest han vilja ganga lenger.

29  Men dei nøydde han og sa: Ver hjå oss! Det lid til kvelds, og dagen hallar. So gjekk han inn og var hjå dei.

30  Som han no sat til bords med dei, tok han brødet og velsigna det, og braut det og gav dei.

31  Då vart augo deira upplatne, so dei kjende han att; men i det same kvarv han burt for augo deira.

32  Då sa dei til einannan: Brann ikkje hjarta i oss då han tala med oss på vegen, då han la ut skriftene åt oss?

33  Og dei tok ut i same stund og gjekk attende til Jerusalem. Dei fann dei elleve og felagane deira samla, og DEI sa:

34  Herren hev sanneleg stade upp att, og hev synt seg for Simon.

35  Og sjølve fortalde dei um det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent han då han braut brødet.

36  Best dei tala um dette, stod han sjølv midt ibland dei og sa: Fred vere med dykk!

37  Dei kvakk og vart redde, og trudde det var ei ånd dei såg.

38  Då sa han til dei: Kvi er de so forstøkte, og kvifor vaknar det tvil i hjarta dykkar?

39  Sjå hendene og føtene mine, og sjå at det er eg sjølv! Kjenn på meg og sjå! Ei ånd hev då ikkje kjøt og bein, som de ser eg hev.

40  Då han hadde sagt det, synte han dei hendene og føtene sine.

41  Då dei endå ikkje kunde tru for gleda, men berre undra seg, sa han: Hev de noko etande her?

42  Dei gav han eit stykke steikt fisk og noko av ei honningkaka,

43  og han tok det og åt det for augo deira.

44  So sa han til dei: Dette var det eg tala til dykk um medan eg endå var i lag med dykk, at alt som er skrive um meg i Moselovi og profetane og salmane, laut sannast.

45  So let han upp for tankane deira, so dei kunde skyna skriftene.

46  So stend skrive, sa han, at Messias skal lida og standa upp frå dei daude tridje dagen,

47  og i hans namn skal umvending og syndeforlating ropast ut for alle folkeslag; frå Jerusalem skal det ganga ut.

48  De skal sjølve vitna um dette.

49  Og no vil eg senda yver dykk det som far min hev lova; men de skal halda dykk rolege i byen til de vert budde med kraft frå det høge.

50  Sidan tok han dei med seg ut or byen, til burt imot Betania, og han lyfte upp hendene og velsigna dei.

51  Og medan han lyste velsigningi, skildest han frå dei og for upp til himmelen.

52  Og dei kasta seg på kne og tilbad han. So gjekk dei attende til Jerusalem i stor gleda,

53  og sidan var dei allstødt i templet og lova og prisa Gud.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23