«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Lukas' evangelium 22

1  No leid det nær innåt usyrdebrødhelgi, som dei kallar påske.

2  Og øvsteprestane og dei skriftlærde grunda på korleis dei skulde bera seg åt for å få rudt han or vegen; for dei var redde for folket.

3  Då for Satan i Judas, han som dei kalla Iskariot, og som var ein av dei tolv;

4  han gjekk av stad og tala med øvsteprestane og hovdingane for tempelvakti um korleis han skulde få gjeve Jesus yver til dei.

5  Dei vart glade, og lova gjeva han pengar.

6  Han vart forlikt med dei, og sidan leita han etter eit lagleg høve til å gjeva han yver til dei utan uppstyr.

7  So kom usyrdebrøds-dagen, den dagen då påskelambet skulde slaktast.

8  Då sende han Peter og Johannes i veg og sa: Gakk av stad og stell til påskemålet åt oss, so me kann halda måltid!

9  Kvar vil du me skal stella det til? spurde dei.

10  Høyr her! svara han; når de kjem inn i byen, møter de ein mann som ber ei krukka med vatn. Han skal de fylgja til han gjeng inn i eit hus,

11  og so skal de segja til huseigaren: Meisteren helsar: Kvar er romet der eg kann halda påskemåltid med læresveinane mine?

12  Og han skal syna dykk ein stor sal med duka bord. Der skal de stella til måltidi.

13  So gjekk dei, og fann det so som han hadde sagt, og dei stelte til påskemålet.

14  Då tidi kom, sette han seg til bords, og apostlane med han.

15  Og han sa til dei: Eg hev lengta so etter å eta dette påskemålet i lag med dykk, fyrr eg skal lida;

16  for eg segjer dykk: Eg kjem aldri til å eta meir fyrr det hev fenge fullnaden sin i Guds rike.

17  So tok han ein kalk i handi, og takka og sa: Tak dette og skift det imillom dykk!

18  For eg segjer dykk: Heretter skal eg aldri drikka av druvesafti fyrr Guds rike er kome.

19  Og han tok brødet, takka og braut det, og gav dei og sa: Dette er lekamen min, som vert gjeven for dykk! Gjer dette til minne um meg!

20  Like eins kalken etter dei hadde ete kveldverden, og sa: Denne kalken er den nye pakt i blodet mitt, det som renn for dykk.

21  Men sjå: Han som svik meg, held handi si framyver bordet med meg!

22  Menneskesonen gjeng fulla burt; for so er det laga. Men ve yver den mannen som veld at han vert gjeven i fiendehand!

23  Då tok dei til å dryfta seg imillom kven det då kunde vera som skulde gjera dette.

24  Det vart og ein ordstrid millom dei um kven av dei som skulde gjelda for den største.

25  Då sa han til dei: Kongane råder yver folki sine, og dei som hev velde yver dei, vert kalla velgjerdsmenn.

26  So er det ikkje med dykk; den største ibland dykk skal vera som den yngste, og styraren som tenaren.

27  For kven er størst, den som sit til bords, eller den som ber på bordet? Er det ikkje den som sit til bords? Men eg er berre som ein bordsvein ibland dykk.

28  De er dei som heldt ut hjå meg i røyningane mine,

29  og eg lovar dykk kongedøme, liksom far min hev lova meg det;

30  de skal eta og drikka ved bordet mitt i mitt rike, og sitja i kvar sitt høgsæte og styra dei tolv Israels-ættene.

31  Simon, Simon, høyr: Satan kravde å få dykk i si vald, so han kunde sælda dykk liksom korn.

32  Men eg hev bede for deg at trui di ikkje må trjota, og når du ein gong vender um, so styrk brørne dine!

33  Herre, sa Peter, med deg er eg reidug til å ganga både i fangehuset og i dauden.

34  Herren svara: Eg segjer deg, Peter: Hanen gjel ikkje i natt fyrr du tri gonger hev neitta at du kjenner meg.

35  So sa han til dei: Då eg sende dykk i veg forutan pung og skreppa og skor, vanta de då nokon ting? - Ingen ting, svara dei.

36  Men no lyt den som hev pung, taka han med, sa han, og like eins den som hev skreppa, og den som ikkje hev noko sverd, lyt selja kjolen sin og kjøpa seg eit.

37  For eg segjer dykk at på meg lyt det sannast det ordet som stend skrive: Og han vart rekna millom brotsmenn. For med meg lid det mot enden.

38  Då sa dei: Herre, sjå her er tvo sverd. - Det er nok, svara han.

39  So gjekk han ut og tok vegen til Oljeberget, som han var van ved; og læresveinane fylgde og med.

40  Då han var komen dit, sa han til dei: Bed at de ikkje må koma i freisting!

41  Han drog seg ifrå dei so langt som eit steinkast, og la seg på kne og bad:

42  Fader, um du vilde taka denne skåli ifrå meg! Men lat det ikkje vera som eg vil, berre som du vil!

43  Ein engel frå himmelen synte seg for han og styrkte han.

44  Og i si såre hjartekvida bad han endå heitare, og sveiten hans vart som blodsdråpar, som fall ned på jordi.

45  So reiste han seg frå bøni. Då han kom til læresveinane, såg han at dei hadde sovna av sorg.

46  Då sa han til dei: Kvi søv de? Statt upp og bed at de ikkje må koma i freisting!

47  Fyrr han hadde tala ut, fekk han sjå ein flokk som kom; han som heitte Judas - ein av dei tolv - gjekk fyre dei og kom burtåt Jesus, vilde kyssa han.

48  Då sa Jesus til han: Judas, svik du Menneskesonen med ein kyss?

49  Då dei som var ikring han, såg korleis det bar i veg, sa dei: Herre, skal me slå til med sverdet?

50  Og ein av dei hogg til tenaren åt øvstepresten og sneidde av han det høgre øyra.

51  Då tok Jesus til ords og sa: Lat dei berre gjera dette og! Og han tok burtpå øyra hans og lækte han.

52  So sa han til dei som var komne og skulde taka han, øvsteprestane og hovdingane for tempelvakti og styresmennene: De kjem med sverd og stavar som eg skulde vera ein røvar!

53  Den tidi eg var saman med dykk i templet dag etter dag, då baud de ikkje til å gripa meg. Men no er det dykkar time, no er det myrkret som råder.

54  So tok dei han og førde han burt og inn i garden åt øvstepresten; og Peter fylgde eit langt stykke etter.

55  Dei hadde gjort upp ein eld midt i gardsromet og sett seg ikring, og Peter sette seg midt ibland dei.

56  Medan han sat der i ljoset, vart ei tenestgjenta var han; ho stirde på han og sa: Denne var og med han!

57  Men han neitta og sa: Eg kjenner han ikkje, kvinna!

58  Eit lite bel etter vart ein annan var han og sa: Du er og ein av dei! - Nei, mann, det er eg ikkje! svara Peter.

59  Då um lag ein time var liden, var det ein til som sanna det og sa: Jau visst var denne og med han; han er då ein galilear.

60  Eg skynar ikkje kva du meiner, mann! sa Peter. Og straks, fyrr han hadde tala ut, gol hanen.

61  Då vende Herren seg og såg på Peter; og Peter kom i hug det ordet Herren hadde sagt til han: Fyrr hanen gjel i natt, hev du avneitta meg tri gonger.

62  Og han gjekk ut og gret sårt.

63  Dei mennene som heldt Jesus, spotta han og slo han.

64  Dei kasta eit klæde yver han og spurde: Kven var det som slo deg? Seg oss det, du som er ein profet!

65  Og mange andre hædingsord tala dei til han.

66  Då det vart dag, kom styresmennene åt folket i hop, og øvsteprestane og dei skriftlærde; dei førde han fram i rådsmøtet sitt

67  og sa: Er du Messias, so seg oss det! - Um eg segjer det åt dykk, trur de det ikkje, svara han,

68  og um eg spør, svarar de ikkje.

69  Men heretter skal Menneskesonen sitja ved høgre handi åt Guds allmakt.

70  Då spurde dei alle: Er du då Guds Son? Han svara: De segjer det; eg er det.

71  Kva skal me med fleire vitnemål? sa dei då; no høyrde me det av hans eigen munn!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23