Lukas' evangelium 2
1 I dei dagane let keisar Augustus lysa ut at det skulde takast manntal yver heile verdi.
2 Dette var fyrste gongen dei tok manntal, medan Kvirinius var landshovding i Syria.
3 Då for alle heim, kvar til sin eigen by, og skulde skriva seg i manntalet.
4 Josef og for frå Galilea, frå den byen som heiter Nasaret, upp til Judea, til Davids-byen, den som dei kallar Betlehem, - for han høyrde til Davids hus og ætt -
5 og vilde skriva seg der. Maria, festarmøyi hans, var med han; ho gjekk då med barn,
6 og medan dei var der, bar det so til at tidi hennar kom,
7 og ho åtte den fyrste sonen sin; ho sveipte han og la han i ei krubba, for det var ikkje rom åt dei i herbyrget.
8 Det var nokre hyrdingar der i bygdi som låg ute og vakta buskapen sin um natti.
9 Best det var, stod ein engel frå Herren innmed dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei fælande redde;
10 men engelen sa til dei: Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk um ei stor gleda som skal timast alt folket:
11 I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren!
12 Og det skal de hava til merke teikn: De skal finna eit lite barn som er sveipt og ligg i ei krubba.
13 Og brått var det ein stor her av himmelånder med engelen; dei lova Gud og kvad:
14 Æra vere Gud i det høgste, og fred på jordi, og hugnad med menneske!
15 Då englane hadde fare burt att og upp til himmelen, sa hyrdingane seg imillom: Lat oss no ganga radt til Betlehem og sjå dette som hev hendt, og som Herren hev varsla oss um!
16 So skunda dei seg dit, og fann Maria og Josef, og det vesle barnet som låg i krubba.
17 Og då dei hadde set det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei um dette barnet.
18 Alle som høyrde på hyrdingane, undra seg yver det dei fortalde;
19 men Maria gøymde alle desse ordi i hjarta, og grunda på dei.
20 Og hyrdingane for heim att, og lova og prisa Gud for alt det dei hadde høyrt og set, og som høvde so vel med alt som var sagt dei.
21 Då åtte dagar var lidne, og han skulde umskjerast, kalla dei han Jesus; det var det namnet engelen hadde nemnt fyrr han var komen i morsliv.
22 So snart reinsingstidi som er fyreskrivi i Moselovi, var til endes for dei, tok dei han med seg upp til Jerusalem; Dei vilde té han fram for Herren
23 - soleis som det stend skrive i Herrens lov: Alt mannkyn som kjem fyrst frå morsliv, skal kallast heilagt åt Herren -
24 og vilde bera fram offer, etter det som er sagt i Herrens lov: eit par turtelduvor eller tvo duve-ungar.
25 I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon, ein rettferdig og gudleg mann som venta på Israels trøyst; den Heilage Ande var yver han
26 og hadde vitra han um at han ikkje skulde fara or verdi fyrr han hadde set Herrens Messias.
27 No kom han til templet - det var Anden som dreiv han - og då foreldri kom berande inn med Jesus-barnet og vilde fara med det som visi var etter lovi,
28 tok han det på armane og lova Gud og sa:
29 Herre, no let du tenaren din fara herifrå i fred, etter ditt ord;
30 for augo mine hev set di frelsa,
31 som du hev skipa til for åsyni åt alle folk,
32 eit ljos åt openberring for heidningane, og ein herlegdom for Israel, folket ditt.
33 Far hans og mor hans undra seg yver det som vart sagt um han.
34 Og Simeon velsigna dei, og sa til Maria, mor hans: Dette barnet er sett åt fall og uppreising for mange i Israel, og til eit motsegjingsteikn;
35 men deg skal sverdet stinga gjenom sjeli; då kjem det upp kva tankar mange gøymde i hjarta.
36 Det var og ei profetkvinna der, Anna Fanuelsdotter av Asers-ætti. Ho var langt ut i åri; etter ho vart gift, hadde ho butt i hop med mannen sin i sju år,
37 og sidan sete enkja til ho no var fire og åtti år. Ho kom aldri frå templet, og tente Gud i fasta og bøn natt og dag.
38 I denne stundi gjekk ho fram og takka og prisa Gud, og tala um barnet til alle som venta på utløysing for Jerusalem.
39 Då dei hadde gjort alt som er fyreskrive i Herrens lov, for dei attende til heimstaden sin, Nasaret i Galilea.
40 Og barnet voks og vart sterkt og fullt av visdom, og Guds nåde var yver han.
41 År um anna for foreldri hans til Jerusalem i påskehelgi.
42 Då han var tolv år, drog dei og dit upp, som skikk og bruk var på høgtidi;
43 men då dei hadde vore der høgtidsdagane til endes, og skulde taka på heimvegen, vart Jesus-barnet att i Jerusalem, og foreldri hans gådde det ikkje.
44 Dei tenkte han var med i ferdafylgjet, og for ei dagsleid fram, og leita etter han millom skyldfolk og kjenningar.
45 Som dei no ikkje fann han, for dei attende til Jerusalem og leita etter han der;
46 og då tri dagar var lidne, fann dei han i templet; der sat han midt ibland lærarane og lydde på dei og spurde dei,
47 og alle som høyrde på han, var reint upp i under kor vitug han var, og for svar han gav.
48 Då dei fekk sjå han, vart dei mest frå seg av undring, og mor hans sa: Kvi for du soleis åt mot oss, barn? Far din og eg hev leita so sårt etter deg!
49 Han svara: Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg lyt vera i huset åt Far min?
50 Men dei skyna ikkje kva han meinte med det ordet.
51 So fylgde han dei heim til Nasaret og var lydig mot dei. Men mor hans gøymde alle desse ordi i hjarta sitt.
52 Og Jesus gjekk fram i visdom og vokster og velvilje hjå Gud og menneske.