«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Lukas' evangelium 18

1  Då sa han dei ei likning um at dei stødt skulde beda og ikkje trøytna.

2  I ein by, sa han, var det ein gong ein domar, som ikkje ottast Gud og ikkje hadde age for noko menneske.

3  I same byen var det ei enkja; ho kom jamleg til domaren og sa: Hjelp meg, so eg fær rett på motparten min!

4  Lenge vilde han ikkje; men då det leid på, sa han med seg: Endå eg ikkje ottast Gud og ikkje hev age for noko menneske,

5  so vil eg like vel hjelpa denne enkja til retten sin, av di ho plagar meg so; elles kjem ho vel til slutt og legg meg midt i syni!

6  Høyr kva den urettferdige domaren segjer, sa Herren;

7  skulde so ikkje Gud hjelpa sine utvalde til retten deira, dei som ropar til han dag og natt, og drygjer han når det gjeld dei?

8  Eg segjer dykk: Han skal hjelpa dei til retten sin, og det fort. Men når Menneskesonen kjem, skal han då finna trui på jordi?

9  Til nokre som trudde um seg sjølve at dei var rettferdige, og som vanvyrde alle andre, sa han denne likningi:

10  Det var ein gong tvo menn som gjekk upp i templet og vilde beda; den eine var ein farisear og den andre ein tollmann.

11  Farisearen stelte seg upp for seg sjølv og bad soleis: Eg takkar deg, Gud, for di eg ikkje er som anna folk, ein røvar, svikar, horkar, eller og som den tollmannen der!

12  Eg fastar tvo gonger i vika, og gjev tiend av alt eg tek inn.

13  Tollmannen stod langt undan; han vilde ikkje ein gong lyfta augo mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: Å Gud, ver meg syndaren nådig!

14  Eg segjer dykk: Han var rettferdiggjord då han gjekk heim til sitt hus, men hin ikkje; for kvar den som set seg sjølv høgt, skal gjerast låg, men den som set seg sjølv lågt skal gjerast høg.

15  Dei bar og småborni sine til han, so han skulde røra ved dei. Då læresveinane såg det, tala dei hardt til dei;

16  men Jesus kalla dei til seg og sa: La småborni koma til meg, og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til.

17  Det segjer eg dykk for sant: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal på ingen måte koma inn i det.

18  Ein rådsherre spurde han: Gode meister, kva skal eg gjera so eg kann vinna eit æveleg liv?

19  Kvi kallar du meg god? sa Jesus. Ingen er god utan ein - Gud!

20  Bodi kjenner du: Du skal ikkje gjera hor! Du skal ikkje drepa! Du skal ikkje stela! Du skal ikkje vitna rangt! Du skal æra far din og mor di!

21  Alt det hev eg halde frå eg var ung, svara han.

22  Då Jesus høyrde det sa han: Eitt vantar deg endå: sel alt det du hev, og byt det ut åt dei fatige, so fær du ein skatt i himmelen! Og kom so og fylg meg!

23  Mannen vart sturen då han høyrde dei ordi; for han var svært rik.

24  Jesus såg det på han og sa: Kor vandt det er for dei som hev gods og gull å koma inn i Guds rike!

25  Det er lettare for ein kamel å ganga gjenom eit nålauga enn for ein rik å koma inn i Guds rike.

26  Kven kann då verta frelst? sa dei som høyrde på det.

27  Han svara: Det som er umogeleg for menneske, er mogeleg for Gud.

28  Enn me som hev skilt oss med alt som er vårt, og fylgt deg! sa Peter.

29  Då sa han til dei: Det segjer eg dykk for sant: Det er ingen som hev skilt seg med hus eller kona eller brør eller foreldre eller born for Gudsriket skuld

30  utan han skal få det att mangdobbelt i denne tidi, og i den verdi som kjem eit æveleg liv.

31  So kalla han dei tolv innåt seg og sa til dei: No fer me upp til Jerusalem, og alt det som profetane hev skrive um Menneskesonen, skal ganga fram.

32  Han gjevast yver til heidningane og spottast og svivyrdast og sputtast på,

33  og dei skal hudfletta han og slå han i hel, og tridje dagen skal han standa upp att.

34  Men dei forstod ikkje noko av dette; det var dult for dei kva som låg i det ordet, og dei skyna ikkje det han sa.

35  Då han no kom burtimot Jeriko, sat ein blind mann attmed vegen og bad seg.

36  Då han høyrde det for so mykje folk fram igjenom, spurde han kva var tids.

37  Dei fortalde han at Jesus frå Nasaret for framum.

38  Då ropa han: Jesus, Davids son, gjer sælebot på meg!

39  Dei som gjekk fyre, truga han og sa han skulde tegja; men han ropa berre endå meir: Davids son, gjer sælebot på meg!

40  Då stana Jesus, og sa at dei skulde leida den blinde hit til han, og då han kom innåt, spurde han:

41  Kva vil du eg skal gjera for deg? - Herre, lat meg få att syni mi! svara han.

42  No fær du att syni! Trui di hev hjelpt deg, sa Jesus.

43  Og straks fekk han att syni si, og fylgde han medan han lova Gud; og alt folket som såg det, gav Gud æra og pris.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23