«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Lukas' evangelium 14

1  Ei sabbat hende det at Jesus kom heim til ein av dei øvste farisearane og skulde halda måltid der, og dei gjætte på han.

2  Best det var, såg han framfor seg ein mann som hadde vass-sotti.

3  Då tok han til ords og spurde dei lovkunnige farisearane: Er det rett å lækja på sabbaten, eller er det ikkje?

4  Dei tagde. Då tok han burt på mannen og lækte han, og let han ganga.

5  So tok han til ords att og sa til dei: Kven av dykk dreg ikkje straks upp att son sin eller uksen sin, dersom dei dett nedi ein brunn på ein sabbat?

6  Men dei var ikkje god til å svara han noko på det.

7  Då han gådde korleis gjestene valde seg ut dei øvste sæti, sa han dei denne likningi:

8  Når nokon hev bede deg til brudlaups, so set deg ikkje øvst ved bordet! For det kunde henda at ein gjævare enn du var beden,

9  og at den som hadde bede dykk båe, kom og sa til deg: Gjev rom åt denne mannen! og då fekk du den skammi at du laut setja deg nedst.

10  Nei når du er beden ein stad, so gakk og set deg på det nedste romet! Når han so kjem han som hev bede deg, segjer han til deg: Flytt deg høgre upp, venen min! Då fær du æra hjå alle dei som sit til bords med deg.

11  For kvar den som set seg sjølv høgt skal gjerast låg, men den som set seg sjølv lågt, skal gjerast høg.

12  So sa han og til den som hadde bede han åt seg: Når du vil gjera eit middags- eller kveldslag, so bed ikkje venene eller brørne eller skyldfolket ditt eller rike grannar! For dei kjem til å beda deg att, so du fær lika for det du hev gjort.

13  Nei, når du gjer gjestebod, so bed fatige, kryplingar, halte, blinde!

14  Då vert du sæl; for dei hev ingen ting å gjeva deg att, men du fær lika for det når dei rettferdige stend upp att.

15  Ein av dei andre bordgjestene sa då han høyrde det: Sæl den som fær sitja til bords i Guds rike!

16  Då svara han: Det var ein gong ein mann som vilde gjera eit stort gjestebod og bad mange.

17  Då tidi kom at gjestebodet skulde vera, sende han sveinen sin i veg for å segja til dei bedne: Kom! No er det ferdigt!

18  Då tok dei til å beda seg undan alle som ein. Den fyrste sa: Eg hev kjøpt ein jordveg og er nøydd til å ganga ut og sjå på han. Du lyt gjera so vel og orsaka meg.

19  Ein annan sa: Eg hev kjøpt fem par uksar, og no skal eg av og prøva dei. Du lyt gjera so vel og orsaka meg.

20  Endå ein annan mann sa: Eg hev teke meg ei kona; difor kann eg ikkje koma.

21  Sveinen kom og sa det til herren sin. Då vart husbonden harm og sa til sveinen: Gakk snøgt ut på gatone og streti i byen, og før hit alle tiggarar og kryplingar og blinde og halte!

22  Sveinen sa: Herre, det er gjort som du sa, og det er endå rom.

23  Då svara herren: Gakk ut på vegane og ved gjerdi og nøyd dei til å koma inn, so huset mitt vert fullt!

24  For eg segjer dykk at ingen av dei mennene som vart bedne, skal smaka min gjestebodskost.

25  Det fylgde mykje folk med han, og han snudde seg og sa til dei:

26  Um nokon kjem til meg og hatar ikkje far og mor og kona og born og brør og syster, ja endå sitt eige liv, so kann han ikkje vera min læresvein.

27  Den som ikkje ber krossen sin og kjem etter meg, kann ikkje vera min læresvein.

28  Vil nokon av dykk byggja eit tårn, tur han ikkje då fyrst set seg ned og reknar etter kva det vil kosta, um han hev nok til å fullføra det.

29  For hev han lagt grunnsteinane, og ikkje er god til å gjera det ferdigt, so tek alle som ser det, til å gjera narr av han og segja:

30  Den mannen tok til å byggja, og var ikkje god til å gjera det ferdigt!

31  Eller um ein konge vil draga ut i strid mot ein annan konge, tru han ikkje då fyrst set seg ned og slær yver um han med ti tusund mann kann møta ein som kjem imot han med tjuge tusund?

32  Og kann han ikkje, so sender han menn av stad og tingar um fred, medan hin endå er langt burte.

33  Soleis kann ingen av dykk vera min læresvein utan han segjer frå seg alt det han hev.

34  Salt er ein god ting; men vert saltet og dove, kva skal so gjeva det smak?

35  Det duger korkje i mold eller møk; dei kastar det ut. Høyr etter, kvar som øyro hev å høyra med!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23