Lukas' evangelium 13
1 I same tidi kom det nokre og fortalde um dei galilearane som Pilatus drap medan dei bar fram offeret sitt, so blodet deira blanda seg med offerblodet.
2 Då tok han til ords og sa til dei: Trur de desse galilearane var større syndarar enn alle andre galilearar, sidan det gjekk dei soleis?
3 Nei, segjer eg dykk, men vender de ikkje um, skal de alle umkomast på sovori vis.
4 Eller dei attan som Siloa-tårnet datt nedyver og slo i hel, trur de dei var verre brotsmenn enn alt hitt folket som bur i Jerusalem?
5 Nei, segjer eg dykk, men vender de ikkje um, skal de alle umkomast på same vis.
6 So sa han denne likningi: Ein mann hadde eit fiketre som stod i vingarden hans. Han kom og leita etter frukt på det, men fann ingi.
7 Då sa han til vingardsmannen: No er det tridje året eg kjem og leitar etter frukt på dette fiketreet og finn ingi. Hogg det ned! Kvi skal det og taka burt jordi til unyttes?
8 Herre, lat det få standa i år og! svara vingardsmannen, til eg fær grave kring det og lagt hevd innåt;
9 kann henda det ber eit anna år; gjer det ikkje det, so fær du hogga det ned!
10 Ein sabbat lærde Jesus i ei av synagogone.
11 Der var det ei kvinna som hadde havt ei vond ånd i seg i attan år, og den hadde gjort henne so maktlaus at ho var tvikrokut og ikkje på nokor vis kunde halda seg upprett.
12 Då Jesus fekk sjå henne, kalla han henne til seg. No er du løyst frå vanmakti di, kvinna! sa han
13 og la hendene på henne; og med ein gong rette ho seg upp og lova Gud.
14 Då tok synagoge-forstandaren til ords - han var harm for di Jesus hadde lækt på sabbaten - og sa til folket: Det er seks dagar ein lyt arbeida; på dei kann de koma og lata dykk lækja, og ikkje på sabbaten!
15 Hyklarar! svara Herren han då, løyser ikkje kvar ein av dykk uksen og asnet sitt av båsen um sabbaten, og leider dei av og vatnar dei?
16 Og denne kvinna, som er Abrahams dotter, og som Satan hev halde bundi, tenkje seg til, i attan år, skulde ikkje ho løysast or det bandet, for di um det er sabbat?
17 Då han sa det, skjemdest alle dei som stod han imot, og heile folket gledde seg yver alt det underfulle han gjorde.
18 So sa han då: Kva er Guds rike likt? kva skal eg likna det med?
19 Det er likt eit senapskorn som ein mann tok og la ned i hagen sin, og det voks og vart til eit tre, og fuglane i lufti bygde reir i greinene på det.
20 So sa han atter: Kva skal eg likna Guds rike med?
21 Det er likt ein surdeig som ei kvinna tok og gøymde i tri skjeppor mjøl, til alt saman var syrt.
22 So for han kring frå by til by og frå grend til grend og lærde folket, alt medan han var på vegen til Jerusalem.
23 Det var ein som sa til han: Herre, er det få som vert frelste? Då sa han til dei:
24 Streva alt de kann for å koma inn igjenom den tronge døri! Mange, segjer eg dykk, skal freista å koma inn, men er ikkje god til.
25 Når husbonden fyrst hev reist seg og stengt døri, og de so gjev dykk til å standa utanfor og banka på døri og segja: Herre, lat upp åt oss! då skal han svara dykk so: Eg veit ikkje kvar de er ifrå.
26 Tek de då på å segja som so: Me hev ete og drukke i lag med deg, og du lærde i gatone våre,
27 so skal han svara: Eg segjer dykk: Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Hav dykk burt frå meg, alle de som gjorde urett!
28 Der skal det vera gråt og tanngnistring når de fær sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike, men de sjølve vert kasta ut.
29 Og det skal koma folk frå aust og frå vest og frå nord og frå sud og setja seg til bords i Guds rike.
30 Men kom i hug at det finst dei som er millom dei siste og skal vera millom dei fyrste, og det finst dei som er millom dei fyrste og skal vera millom dei siste.
31 I same belet kom det nokre farisearar og sa til han: Tak ut og far herifrå! Herodes tenkjer på å drepa deg.
32 Han svara: Gakk og seg den reven: I dag og i morgon driv eg ut vonde ånder og gjer sjuke friske att; tridje dagen er eg til endes komen;
33 men i dag og i morgon og dagen etter lyt eg ferdast; for det ber aldri til at ein profet let livet annanstad enn i Jerusalem.
34 Jerusalem, Jerusalem, du som slær i hel profetar og steinar dei som er sende til deg, kor ofte vilde eg ikkje ha samla borni dine kring meg, liksom ein fugl samlar ungeflokken under vengene! Men de vilde ikkje.
35 Sjå no skal de få hava huset dykkar sjølve. Eg segjer dykk: De fær aldri sjå meg fyrr den tidi kjem då de ropar: Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!