«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Lukas' evangelium 11

1  Ein gong var han ein stad og bad; då han heldt upp, sa ein av læresveinane til han: Herre, lær oss å beda! Det lærde Johannes og sveinane sine.

2  Han svara: Når de bed, skal de segja: Fader vår! Lat namnet ditt helgast; lat riket ditt koma; lat viljen din råda på jordi so som i himmelen;

3  gjev oss kvar dag vårt daglege brød;

4  og forlat oss våre synder, for me og forlat kvar den som er oss skuldig; og før oss ikkje ut i freisting; men frels oss frå det vonde.

5  So sa han til dei: Um nokon av dykk hev ein ven og gjeng til han midt på natti og segjer: Kjære, lån meg tri brødleivar!

6  for ein ven hev kome innum meg på ei ferd, og eg hev ikkje noko å setja fram åt han -

7  skulde so han der inne svara: Gjer meg ikkje slikt bry! Døri er alt stengd, og småborni mine er i seng med meg; eg kann ikkje standa upp og gjeva deg det?

8  Eg segjer dykk: Um han ikkje stend upp og gjev han det for di det er hans ven, so ris han upp og gjev han alt han treng, for di han er so tråsøkjen.

9  Og eg segjer dykk: Bed, so skal de få. Leita, so skal de finna! Banka på, so skal det verta upplate for dykk!

10  For kvar den som bed, han fær, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, vert det upplate for.

11  Finst det nokon far ibland dykk som gjev son sin ein stein når han bed um brød, eller når han bed um ein fisk, gjev han ein orm i staden for ein fisk

12  eller når han bed um eit egg, gjev han ein skorpion?

13  Når då de som er vonde, veit å gjeva borni dykkar gode gåvor, kor mykje meir vil so ikkje Faderen, som er i himmelen, gjeva den Heilage Ande åt dei som bed han!

14  Ein gong dreiv han ut ei vond ånd, som var mållaus, og då åndi var utfari, tala den mållause. Folket undra seg,

15  men sume av dei sa: Det er Be'elsebul, djevelhovdingen, som hjelper han til å driva ut djevlar.

16  Andre vilde freista han og bad han syna dei eit teikn frå himmelen.

17  Men Jesus visste kva dei hadde i tankar, og sa til dei: Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og eitt hus dett yver hitt.

18  Er no Satan komen i strid med seg sjølv, korleis kann då riket hans standa? - sidan de segjer at det er Be'elsebul som hjelper meg til å driva ut dei vonde åndene.

19  Og hjelper Be'elsebul meg til å driva ut dei vonde åndane, kven fær då dykkar eigne folk hjelp av til å driva dei ut? Difor skal dei vera domarane dykkar.

20  Men er det med Guds finger eg driv dei vonde åndene ut, so er då Guds rike kome til dykk.

21  Når ei kjempa væpna vaktar sin gard, fær han hava alt sitt i fred;

22  Men kjem det ein sterkare og vinn yver han, so tek han våpni hans, som han sette si lit til, og skifter ut alt han rana ifrå han.

23  Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje sankar med meg, han spreider.

24  Når den ureine åndi fer ut or eit menneske, flakkar ho igjenom vasslause vidder og leitar etter ein kvilestad, og når ho ingen kvilestad finn, segjer ho: Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flutte ifrå.

25  Når ho so kjem dit, finn ho huset feia og fjelga.

26  Då fer ho av stad og tek med seg sju andre ånder, som er argare enn ho er sjølv, og dei gjeng inn og vert buande der, og hev det vore ille med det mennesket fyrr, so vert det endå verre sidan.

27  Medan han tala soleis, var det ei kvinna bland folket som sette i og ropa: Sælt det livet som bar deg, og det brjostet du saug!

28  Då sa han: Sæle er heller dei som høyrer Guds ord og tek vare på det!

29  Som no folket flokka seg kring han, tok han til ords og sa: Denne ætti er ei vond ætt; dei krev etter teikn, men dei skal ikkje få anna teikn enn Jonas-teiknet.

30  For liksom Jonas vart eit teikn for Ninive-folket, soleis skal og Menneskesonen vera det for denne ætti.

31  Sud-lands-dronningi skal standa fram for domen i hop med mennene av denne ætti og fella dei. For ho kom frå verdsens ende og vilde høyra Salomos visdom, og her er meir enn Salomo!

32  Ninive-mennene skal møta for domen i hop med denne ætti og fella dei; for dei vende um då Jonas tala for dei; og her er meir enn Jonas.

33  Ingen som kveikjer eit ljos, set det i kjellaren eller under skjeppa, men i staken, so dei som kjem inn, kann sjå ljosken.

34  Ljoset i lekamen, det er auga ditt; er auga ditt klårt, so er heile lekamen og ljos; men er det dimt, so er lekamen og myrk.

35  Sjå då til at ikkje ljoset inni deg er myrker!

36  Er so heile lekamen ljos, og ingen lut av han myrk, då vert han upplyst alt igjenom, som når ljoset skin på deg med sine strålar.

37  Då han hadde tala ut, bad ein farisear han eta dagverd hjå seg. So gjekk han inn der og sette seg til bords.

38  Men farisearen vart forundra då han såg at han ikkje tvo seg fyrst fyre målet.

39  Men Herren sa til han: Ja, de farisearar, de reinskar skåler og fat utvendes, men innvendes er de fulle av ran og vondskap.

40  Dårar! Han som gjorde det som er utvendes, gjorde han ikkje det som er innvendes og?

41  Men gjer ei sælebotsgåva av det som inni er; då skal de sjå at alt er reint for dykk.

42  Men ve yver dykk, farisearar! De gjev tiend av mynta og ruta og allslags maturter, men vyrder ikkje rettferd og kjærleik til Gud. Det skulde ein gjera, og ikkje lata vera hitt heller.

43  Ve yver dykk farisearar! De trår etter å sitja fremst i synagogone, og vil at folk skal helsa dykk på torgi.

44  Ve yver dykk! De er som ukjennelege graver, folk gjeng på dei og veit ikkje av det.

45  Då tok ein av dei lovkunnige til ords og sa: Meister, når du segjer slikt, gjeng du oss og for nær!

46  Jesus svara: Ve yver dykk lovkunnige og! De lesser svære byrer på folk, og sjølve rører de ikkje byrdene med ein einaste finger.

47  Ve yver dykk! De byggjer minnesmerke yver profetane, og det var federne dykkar som slo dei i hel.

48  So vitnar de då um det som federne dykkar gjorde, og samtykkjer de; for dei slo profetane i hel, og de byggjer.

49  Difor sa og Guds visdom: Eg vil senda profetar og apostlar til dei, og sume av dei skal dei slå i hel, og sume skal dei forfylgja,

50  so alt profetblod som hev runne frå verdi vart grunnlagd, skal krevjast att av denne ætti,

51  frå Abels blod til Sakarias' blod, han som let livet millom altaret og templet. Ja, segjer eg dykk, det skal krevjast att av denne ætti.

52  Ve yver dykk lovkunnige! De hev teke kunnskapslykelen til dykk! Sjølve gjekk de ikkje inn, og dei som vilde inn, fekk de hindra.

53  Då han gjekk ut att, tok dei skriftlærde og farisearane til å verta fælt nærsøkne og frega han um mangt og mykje,

54  alt medan dei lurde på han og vilde få tak i eitkvart ordet frå hans munn.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23