Lukas' evangelium 10
1 Sidan tok Herren ut endå sytti læresveinar og sende dei fyre seg, tvo og tvo, til kvar by og bygd som han sjølv skulde til.
2 Og han sa til dei: Grøda er stor, men onnefolki er få. Bed då han som eig grøda, at han vil senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si!
3 Far i veg! Sjå, eg sender dykk ut som lamb millom ulvar.
4 Ber ikkje med dykk pung, ikkje skreppa og ikkje skor, og gjev dykk ikkje i svall på vegen!
5 Kvar gong de kjem inn i eit hus, so seg fyrst: Fred vere med dette huset!
6 Og dersom det er nokon der som er verd fred, skal freden dykkar bia hjå han: dersom ikkje, so skal han venda att til dykk sjølve.
7 Gjev dykk til der i huset, og et og drikk det dei byd dykk! For ein arbeidsmann er verd løni si. Flytt ikkje frå hus til hus!
8 Kvar gong de kjem inn i ein by, og dei tek imot dykk, so et det dei set fram!
9 Læk dei sjuke der er, og seg til dei: Guds rike er kome nær dykk!
10 Men når de kjem til ein by der dei ikkje vil taka imot dykk, so gakk ut på gatone og seg:
11 Jamvel dusti som vart hangande ved føtene våre i byen dykkar, stryk me av oss; her hev de henne att! Men det skal de vita at Guds rike er kome nær!
12 Eg segjer dykk: På den siste dag skal det ganga Sodoma likare enn den byen.
13 Ve yver deg, Korasin! Ve yver deg, Betsaida! Hadde dei underi som er gjorde i dykk, vore gjorde i Tyrus og Sidon, so hadde dei longe vendt um og sete i sekk og oska.
14 Men det skal ganga Tyrus og Sidon likare i domen enn dykk.
15 Og du Kapernaum, du hev vore lyft upp til himmelen, til helheimen skal du støytast ned!
16 Den som høyrer på dykk, høyrer på meg, og den som vandar dykk, vandar meg; men den som vandar meg, vandar han som sende meg.
17 Dei sytti kom glade attende og sa: Herre, jamvel dei vonde åndene lyder oss når me nemner ditt namn!
18 Då sa han til dei: Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit ljon.
19 Kom i hug: Eg hev gjeve dykk makt til å trøda på ormar og skorpionar og yver alt fiendens velde; og ingen ting skal gjera dykk den minste skade.
20 Men gled dykk ikkje yver det at åndene lyder dykk, gled dykk heller for di namni dykkar er uppskrivne i himmelen!
21 I same stundi sa han, sæl i den Heilage Ande: Eg lovar deg, Fader, du som råder yver himmel og jord, at du hev løynt dette for dei lærde og kloke og openberra det for dei ulærde og barnslege! Ja, Fader, for soleis tykte du det best.
22 Alt hev Far min gjeve i mine hender; og ingen veit kven Sonen er, utan Faderen, og kven Faderen er, utan Sonen og dei som Sonen vil openberra det for.
23 So vende han seg til læresveinane sine i ser og sa: Sæle dei augo som ser det de ser!
24 For eg segjer dykk at mange profetar og kongar var huga til å sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det de høyrer, og fekk ikkje høyra det.
25 Då gjekk det fram ein som var kunnig i lovi; han vilde freista Jesus og sa: Meister, kva skal eg gjera so eg kann vinna eit æveleg liv?
26 Kva stend det i lovi? sa Jesus. Korleis les du?
27 Du skal elska Herren, din Gud, av heile ditt hjarta og med all din hug og med all di makt og av alt ditt vit, og elska næsten din som deg sjølv, sa han.
28 Då sa Jesus til han: Du svara rett. Gjer det, so skal du leva.
29 Men mannen vilde orsaka seg rettferdig og sa til Jesus: Kven er so næsten min?
30 Jesus tok upp spursmålet og sa: Det var ein mann som for frå Jerusalem ned til Jeriko, og fall i hendene på røvarar. Dei klædde han naken og skamslo han; so gjekk dei sin veg og let han liggja der halvdaud.
31 Det høvde so til at ein prest for same vegen; han såg mannen, men for radt framum.
32 Like eins ein levit; han kom til same staden og såg han, men for radt framum.
33 Ein samaritan som var ute og ferdast, kom og dit han låg, og såg han og tykte synd um han.
34 Han gjekk burt til han og fetla såri hans og helte olje og vin på, lyfte han so upp på sitt eige asen førde han til eit herbyrge og sytte vel for han.
35 Andre morgonen tok han fram tvo penningar og gav til gjestgjevaren og sa: Syt vel for han, og det meir du legg ut, skal du få att av meg når eg kjem attende.
36 Kven av desse tri tykkjer no du for åt som ein næste mot han som fall i hendene på røvarane?
37 Den som gjorde sælebot på han, svara den lovkunnige. Då sa Jesus til han: Gakk du av og gjer like eins!
38 Medan dei var på ferdavegen, kom han til ein liten by; der var det ei kvinna som tok imot han i huset sitt; namnet hennar var Marta.
39 Ho hadde ei syster som heitte Maria, og ho sette seg nedmed Herrens føter og lydde på ordi hans.
40 Marta hadde det so annsamt med å stella til mykje for han at ho ikkje hadde tankar for anna. Ho gjekk fram og sa: Herre, bryr du deg ikkje um at syster mi let meg vera åleine um å stella for deg? Seg då til henne at ho skal hjelpa meg!
41 Då svara Herren: Marta, Marta! Du gjer deg hugsott og uro med mange ting;
42 men det er eitt som trengst! Maria hev valt seg den gode luten, og den skal ikkje takast ifrå henne.