Lukas' evangelium 1
1 Det er alt mange som hev teke seg til å setja upp ei fråsegn um dei hendingane som hev gjenge fyre seg hjå oss,
2 so som dei hev bore det fram dei som frå fyrsten var augvitne og vart ærendsveinar åt ordet.
3 Difor hev eg sett meg fyre, sidan eg hev granska alt vel frå grunnen, å skriva det upp åt deg, gjævaste Teofilus - stykke for stykke, soleis som det heng saman,
4 so du kann sjå kor truverdig ho er den soga som du hev høyrt.
5 I den tidi då Herodes var konge i Jøde-land, var det ein prest der som heitte Sakarias; han høyrde til det prestelaget som hev namn etter Abia. Kona hans var ætta frå Aron, og heitte Elisabet.
6 Båe var dei rettferdige for Gud; dei fylgde alle Herrens bod og fyresegner, og ingen kunde finna noko å lasta dei for.
7 Men dei hadde ikkje born; for Elisabet var ikkje barnkjømd, og dei var båe langt uti åri.
8 So var det ein dag Sakarias gjorde presteteneste for Gud; for turen var komen til hans lag,
9 og då dei kasta lut, som visi er millom prestane, fall det på han å ganga inn i Herrens tempel og bera fram røykofferet,
10 medan heile folkemengdi stod utanfor og bad i røykoffertimen.
11 Då fekk han med ein gong sjå ein Herrens engel, som stod på høgre sida åt røykofferaltaret.
12 Då Sakarias såg engelen, stokk han, og det kom ein otte yver han.
13 Men engelen sa til han: Ver ikkje redd, Sakarias! Gud hev høyrt bøni di. Du og Elisabet, kona di, skal få ein son, og du skal kalla han Johannes.
14 Då vert du både glad og fegen, og mange skal gleda seg av di han er fødd.
15 For han skal vera stor i Herrens augo; han skal ikkje drikka vin eller sterke drykker, og alt ifrå morsliv skal han fyllast av den Heilage Ande.
16 Mange av Israels-borni skal han venda um til Herren deira Gud,
17 og sjølv skal han ganga fyre han i Elias' ånd og kraft og venda hjarto åt federne um til borni og dei ulydige til den hug som bur i rettferdige menn, so han kann vinna Herren eit vel fyrebutt folk.
18 Korleis kann eg vita um dette er sant? sa Sakarias til engelen; eg er då ein gamal mann, og kona mi er og langt ut i åri.
19 Då svara engelen: Eg er Gabriel, som stend for Guds åsyn. Eg er send hit for å tala med deg og bera dette gledebodet til deg.
20 Og no skal du ljota tegja, og ikkje kunna tala, alt til den dagen dette hender, for di du ikkje trudde meg; men det eg hev sagt, skal sannast når tidi er komi.
21 Medan stod folket og venta på Sakarias, og undra seg yver at han drygde so lenge i templet.
22 Men då han kom ut, og ikkje kunde tala med dei, skyna dei at han hadde set ei syn i templet; sjølv nikka han og gjorde teikn til dei, men var og vart mållaus,
23 og då tenestedagane hans var til endes, for han heim att.
24 Eit bel etter hende det at Elisabet, kona hans, vart med barn. Då heldt ho seg heime i fem månader, og sa:
25 Soleis hev Herren laga det for meg då tidi var komi at han i nåde vilde taka burt skammi mi millom folk.
26 Då det leid på sette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som dei kallar Nasaret,
27 åt ei møy som var trulova med ein mann som heitte Josef, av Davids-ætti, og møyi heitte Maria.
28 Då engelen kom inn til henne, sa han: Guds fred, du som hev fenge slik nåde! Herren er med deg! Velsigna er du millom kvinnor!
29 Ved desse ordi stokk ho, og tenkte med seg: Kva er dette for ei helsing?
30 Men engelen sa til henne: Ver ikkje redd, Maria! Du hev funne nåde hjå Gud.
31 Du skal verta med barn og få ein son, og kalla han Jesus.
32 Han skal vera stor og kallast son åt den Høgste, og Herren Gud skal gjeva han kongsstolen åt David, ættefaren hans;
33 han skal vera konge yver Jakobs-ætti i all æva, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.
34 Korleis skal det ganga til, når eg ikkje veit av mann? sa Maria.
35 Den Heilage Ande skal koma yver deg, og krafti åt Den Høgste skal skyggja yver deg, svara engelen; difor skal og det heilage som vert født, kallast Guds Son.
36 Og høyr: Elisabet, som er skyld deg, skal og hava ein son på sine gamle dagar; dei sa ho ikkje var barnkjømd, men no er ho alt i sette månaden;
37 for ingen ting er umogeleg for Gud.
38 Då sa Maria: Her stend eg - eg er Herrens tenestkvinna! Lat det ganga meg som du hev sagt! So for engelen burt att.
39 Straks etter tok Maria av stad og for so fort ho kunde upp i fjellbygdene, til ein by i Juda-land;
40 der gjekk ho inn i huset åt Sakarias og helsa på Elisabet.
41 Då hende det at med same Elisabet høyrde helsingi hennar Maria, hoppa fostret i livet hennar; og ho vart fyllt av den Heilage Ande
42 og kvad med høg røyst: Velsigna er du millom kvinnor, velsigna er ditt livs frukt!
43 Kvi skal det timast meg at mor åt Herren min kjem til meg?
44 For då di helsing nådde øyra mitt, då hoppa fosteret i mitt liv av frygd.
45 Ja, sæl er ho som trudde; for det skal fullførast det som er sagt henne frå Herren.
46 Og Maria svara: Mi sjel høglovar Herren,
47 og mi ånd gleder seg i Gud, min frelsar!
48 Han tenkte på si ringe tenestkvinna! For ifrå denne stund skal alle ætter prisa meg sæl,
49 av di han hev gjort store for meg, han, den mektige, og heilagt er hans namn;
50 hans miskunn er frå ætt til ætt yver dei som ottast han.
51 Han gjorde veldigt verk med armen sin, ovmodige spreidde han for ver og vind med deira høgferdshug;
52 han støytte stormenn ned frå deira høgsæte og lyfte låge upp;
53 Hungrige metta han med gode gåver, og rikingar sende han tomhendte burt.
54 Han hjelpte Israel, sin tenar, for å koma i hug miskunn -
55 so som han tala til federne våre - mot Abraham og hans ætt til æveleg tid.
56 Maria vart verande hjå henne um lag tri månader; sidan for ho heim att.
57 So kom tidi då Elisabet skulde eiga barn, og ho åtte ein son.
58 Og då grannane og skyldfolket hennar høyrde kor stor ei miskunn Herren hadde vist henne, vart dei glade og ynskte henne til lukka.
59 Åtte dagar etter kom dei og skulde umskjera guten; dei vilde kalla han Sakarias etter faren,
60 men då tok mor hans til ords og sa: Nei, han skal heita Johannes!
61 Det er ingen i ætti som heiter so, svara dei,
62 og dei gjorde teikn til faren, kva han vilde guten skulde kallast.
63 So bad han um ei tavla og skreiv: Johannes er namnet hans. Alle undra seg;
64 men i det same fekk han att mål og mæle, og han tala og prisa Gud,
65 Då kom det ein otte på alle dei som budde der ikring; i heile Juda-heidi vart alt dette mykje umtala,
66 og alle som høyrde det, tok det til minnes og sa: Kva tru den guten er etla til? For Herren heldt si hand yver han.
67 Men Sakarias, far hans, vart fyllt av den Heilage Ande, og han tala profetord og kvad:
68 Lova vere Herren, Israels Gud, for di han såg um folket sitt og løyste det ut!
69 Og han reiste åt oss eit horn til frelse i sin tenar Davids ætt,
70 so som han tala gjenom sine heilage profetars munn frå fordom,
71 ei frelse frå våre fiendar, frå kvar ei hatarhand.
72 Han vilde gjera miskunn imot federne våre og koma i hug si heilage pakt,
73 den eiden han svor Abraham, ættefaren vår,
74 han vilde fria oss ut or fiendehand og gjeva oss å tena han utan otte
75 i heilagdom og rettferd for hans åsyn alle våre dagar.
76 Du og, mitt barn, skal kallast profeten åt den Høgste; for du skal fara fram for Herrens åsyn og rydja vegane hans,
77 og gjeva hans folk kunnskap um frelsa, ved forlating for syndene deira
78 for vår Guds hjartelege miskunn skuld, som let solrenning frå det høge gjesta oss,
79 til å lysa for dei som sit i myrker og daudeskugge, og styra våre føter inn på fredens veg.
80 Og guten voks og vart sterk i åndi; han heldt seg i øydemarkene til tidi kom då han skulde førast fram for Israel.