Tredje Mosebok 5
1 Når nokon høyrer at dei tek han i eid, og han hev set eller veit noko so han kunde vitna um det, men like vel ikkje segjer ifrå, og soleis syndar og fører skuld yver seg,
2 eller nokon seg uvitande kjem innåt noko ureint, anten det er etslet av eit ureint villdyr eller av eit ureint krøter eller av eit ureint krek, og soleis sjølv vert urein og fører skuld yver seg,
3 eller når han kjem nær noko ureint av folk, kva det so er for ureinska som er på dei, og han ikkje veit av det, men sidan fær vita det og ser at han hev ført skuld yver seg,
4 eller når nokon sver tankelaust burt i veret at han vil gjera eitt eller anna, vondt eller godt, slikt som folk kann koma til å sverja på i tankeløysa, og han ikkje håttar det, men sidan vert vis med at han hev ført skuld yver seg med eitkvart sovore,
5 so skal den som soleis hev ført skuld yver seg, standa til kva han hev synda i,
6 og til bot for den syndi han hev gjort, skal han koma til Herren med eit syndoffer - det skal vera eit småkrøter av hoslaget, søya eller geit - og presten skal gjera soning for han og reinsa han for syndi.
7 Hev han ikkje råd til eit småkrøter, so skal han til bot for den syndi han hev gjort, bera fram for Herren tvo turtelduvor eller tvo duveungar, den eine til syndoffer og den andre til brennoffer.
8 Han skal koma til presten med dei, og presten skal fyrst bera fram den duva som skal vera til syndoffer. Han skal vrida um hovudet på henne tett uppmed nakken, men ikkje skilja det frå bulen.
9 So skal han skvetta noko av syndofferblodet på altarveggen, og det som er att av blodet, skal kreistast ut so det renn ned innmed altarfoten; det er eit syndoffer.
10 Av den andre duva skal han laga til eit brennoffer, på rette gjerdi. Soleis skal presten gjera soning for han og reinsa han for den syndi han hev gjort, so han fær tilgjeving.
11 Hev han ikkje råd til tvo turtelduvor eller tvo duveungar, so skal han til bot for di han hev synda, koma med tiandeparten av ein efa fint mjøl; det skal vera syndofferet hans. Han skal ikkje hava olje på det og ikkje leggja røykjelse attmed; for det er eit syndoffer.
12 Til presten skal han koma med det, og presten skal taka ein neve av mjølet til minningsoffer og brenna det på altaret saman med Herrens eldoffer; det er eit syndoffer.
13 Soleis skal presten gjera soning for han for den syndi han på den eine eller den andre måten hev gjort*, so han fær tilgjeving. Og det som er att, skal høyra presten til på same vis som med matofferet**.
14 Og Herren tala til Moses og sa:
15 Er det nokon som uviljande eignar til seg noko av det som er helga til Herren, og soleis vert saka i svik, so skal han til bot for si synd koma til Herren med ein lytelaus ver av fenaden sin, ein som etter ditt skyn er verd minst tvo sylvsekel i heilag mynt; det skal vera skuldofferet hans.
16 Det han med urett hev eigna til seg av det heilage, skal han gjeva att og attåt leggja femteparten av verdet. Han skal gjeva det til presten, og presten skal gjera soning for han med skuldofferveren, so han fær tilgjeving.
17 Når nokon seg uvitande syndar og gjer noko av det som Herren hev forbode å gjera, og han soleis hev ført skuld yver seg og ber på misgjerd,
18 so skal han til bot for si skuld koma presten med ein lytelaus ver av fenaden sin, ein som etter ditt skyn er eit fullgodt offer; og presten skal gjera soning for han for den syndi han hev gjort og ikkje visste av, so han fær tilgjeving.
19 Dette er eit skuldoffer; for han hev ført yver seg skuld imot Herren.
20 Og Herren tala til Moses og sa:
21 Når nokon syndar og gjer svik imot Herren, med di han dyl burt noko som næsten hans hev gjeve han i varveitsla eller sett i vissa hjå han, eller som han hev teke eller truga til seg av næsten sin,
22 eller han hev funne noko som ein annan hev mist, og so dyl det, eller han gjer rang eid um eitt eller anna som han eller andre kann ha synda med,
23 so skal den som soleis hev synda og ført skuld yver seg, gjeva att det han hev teke eller truga til seg eller fenge i varveitsla eller funne,
24 og det han hev gjort rang eid um, kva det no kann vera. Han skal gjeva det att med fullt verd og leggja femteparten attåt; til eigarmannen skal han gjeva det, og det same dagen som han ber fram skuldofferet sitt.
25 Og til bot for si synd skal han koma til Herren med ein lytelaus ver av fenaden sin, ein som etter ditt skyn er eit fullgodt offer, og gjeva han til presten; det skal vera skuldofferet hans.
26 So skal presten gjera soning for han for Herrens åsyn, so han fær tilgjeving for alle gjerningar som han kann ha ført skuld yver seg med.