Tredje Mosebok 3
1 Vil nokon bera fram eit takkoffer, og han tek det av storfeet, so kann det offerdyret han leider fram for Herrens åsyn, vera anten ukse eller ku, men lytelaust skal det vera.
2 Han skal leggja handi på hovudet åt offerdyret og slakta det innmed døri til møtetjeldet, og Arons-sønene, prestane, skal skvetta blodet rundt ikring på altaret.
3 So skal han av takkofferet bera fram eit eldoffer åt Herren, og det skal vera netja og alt feittet som er på innvolen,
4 og båe nyro med talgi som er på dei og rekk burtåt låri, og den store levreflaga - den skal han skjera utor i hop med nyro -
5 og Arons-sønene skal brenna det på altaret saman med brennofferet som ligg på veden dei hev lagt på elden; det er eit eldoffer som gjev god ange for Herren.
6 Er det av småfeet han tek det dyret som han vil bera fram for Herren til takkoffer, so kann det vera anten han eller ho, men det skal vera fritt for lyte.
7 Vil han ofra ein sau, so skal han leida han fram for Herrens åsyn.
8 Han skal leggja handi på hovudet åt offerdyret og slakta det framanfor møtetjeldet, og Arons-sønene skal skvetta blodet rundt ikring på altaret.
9 So skal han av takkofferet bera fram eit eldoffer åt Herren, og det skal vera alt feittet som er på sauen: spælen heil og halden - den skal han skjera av tett innmed roti - og netja og alt feittet som er på innvolen,
10 og båe nyro med talgi som er på dei og rekk burtåt låri, og den store levreflaga - den skal han skjera utor i hop med nyro -
11 og presten skal brenna det på altaret; det er eit eldoffermål for Herren.
12 Er det ei geit han vil ofra, so skal han leida henne fram for Herrens åsyn.
13 Han skal leggja handi på hovudet hennar og slakta henne framanfor møtetjeldet, og Arons-sønene skal skvetta blodet rundt ikring på altaret.
14 So skal han av offeret sitt bera fram eit eldoffer åt Herren, og det skal vera netja og alt feittet som er på innvolen,
15 og båe nyro med talgi som er på dei og rekk burtåt låri, og den store levreflaga - den skal han skjera utor i hop med nyro -
16 og presten skal brenna det på altaret; det er eit eldoffermål som angar godt. Alt feitt høyrer Herren til.
17 Ei æveleg lov skal det vera for dykk, frå ætt til ætt, kvar de so bur. Feitt og blod må de aldri eta.