Tredje Mosebok 26
1 De skal ikkje gjera dykk avgudar og ikkje reisa utskorne bilete eller minnestolpar eller setja biletsteinar i landet dykkar og kasta dykk på kne for dei; for eg er Herren dykkar Gud.
2 Sabbatane mine skal de halda og hava age for heilagdomen min; eg er Herren.
3 Lever de etter mine lover og aktar på mine bod og held dei,
4 so skal eg senda dykk regn i rette tid, og jordi skal gjeva si grøda og trei på marki si alda.
5 Treskjetidi skal vera hjå dykk til vinonni byrjar, og vinonni varer til såtidi, og de skal eta dykk mette av maten som de hev avla, og bu trygt i landet dykkar.
6 Fred vil eg gjeva i landet; de skal liggja og kvila, og ingen skal skræma dykk upp; udyri vil eg øyda, so dei kverv burt ifrå landet, og sverd skal ikkje herja i landet dykkar;
7 uvenene skal de elta, og dei skal falla for sverdet dykkar;
8 fem av dykk skal jaga eit hundrad, og hundrad jaga ti tusund, og fiendane skal falla for sverdet dykkar.
9 Med milda vil eg møta dykk og lata dykk aukast og veksa og halda mi pakt med dykk.
10 Fjorgamalt korn skal de eta, til dess de lyt rydja det undan so de fær rom åt det nye.
11 Eg vil reisa min bustad ibland dykk og aldri leidast av dykk.
12 Imillom dykk vil eg ferdast, og dykkar Gud vil eg vera, og de skal vera mitt folk.
13 Eg er Herren dykkar Gud, som henta dykk ut or Egyptar-landet, so de ikkje skulde træla der lenger, og eg braut sund stengene i åket, so de kunde ganga rake.
14 Men vil de ikkje høyra på meg, og gjer de ikkje alt det eg baud dykk,
15 mismæter de mine fyresegner og leidest lovene mine, so de ikkje held alle bodi mine, men bryt mi pakt,
16 so gjev eg dykk likt for like: då søkjer eg dykk med fælska, med sott som tærer og brenner, sykja som sløkkjer ut augo og syg makti or sjeli. Til fånyttes sår de ut kornet; for uvenene et det de avlar.
17 Eg kvesser augo imot dykk; for fiendane skal de rjuka, uvenene skal råda yver dykk, og de skal røma um ingen er etter dykk.
18 Og vil de endå ikkje lyda, so skal eg refsa dykk sju gonger meir for syndene dykkar.
19 Eg bryt dykkar ovmod og makt, eg gjer dykkar himmel som jarn og jordi dykkar som kopar.
20 Då øyder de krafti dykkar nyttelaust; for landet dykkar gjev ingi grøda, og trei i landet gjev ingi alda.
21 Og gjer de meg endå imot, og vil de ikkje høyra på meg, so slær eg dykk sju gonger meir, som syndene dykkar er verde.
22 Imot dykk sender eg udyr som ranar borni ifrå dykk og drep ned bufeet dykkar og veld at de tynnest i talet, so vegane dykkar vert aude.
23 Og let de dykk endå ikkje tukta, men driv på og gjer meg imot,
24 so gjer eg og dykk imot og slær dykk sju gonger meir for alt som de hev synda;
25 eg sender yver dykk eit sverd som skal hemna pakti*; og samlar de dykk i byane, so sender eg sott inn ibland dykk, og de skal falla i fiendehand.
26 Når eg bryt sund brød-staven for dykk, då skal ti konor steikja brødet åt dykk i ein omn; dei skal gjeva dykk brødet att etter vekt, og de skal ikkje få eta dykk mette.
27 Og høyrer de endå ikkje på meg, og herder de på og trassar,
28 so fer eg imot dykk med vreide og refsar dykk sju gonger meir for alle syndene de gjorde.
29 Då skal de nøydast til å eta kjøtet av sønene dykkar og kjøtet av døtterne dykkar.
30 Eg skal øyda offerhaugane dykkar og rydja solstolpane ut og kasta dykkar eigne lik på liki av skarnsgudane dykkar; for de byd mitt hjarta imot.
31 Eg vil leggja byane dykkar i røys og riva heilagdomane ned og vil ikkje ansa angen som stig upp frå offeri dykkar;
32 eg skal gjera landet so audt at fiendane som bur der, skal fæla.
33 Men dykk skal eg spreida millom heidningane, og med drege sverd skal eg elta dykk; landet dykkar skal verta ei øydemark, og byane skal verta røysar.
34 Då skal landet få svara sabbatsåri sine, alt medan det lyt liggja i øyde, og de er i fiendelandet - ja, då skal landet få kvila og svara sabbatsåri sine;
35 alt medan det ligg audt, skal det kvila; då skal det få seg den helgekvildi det ikkje fekk i sabbatsåri, so lenge de endå budde der.
36 Men dei av dykk som er att, skal eg gjeva slik redsla i hjarta medan dei held til i fiendelandet, at ljoden av eit fjukande lauv skal jaga dei av, og dei skal røma som når ein rømer for sverdet, og falla um ingen er etter dei.
37 Dei skal snåva og detta, ein yver hin, som dei hadde sverdet i hælane, endå det er ingen som elter. De skal ikkje stå dykk mot fiendane dykkar,
38 men ganga til grunns millom heidningane, og fiendelandet skal tæra dykk upp.
39 Og dei av dykk som endå er att, skal visna burt i fiendelandet for broti som dei hev gjort; og broti åt federne deira ligg på dei - for dei og skal dei folna burt.
40 Då skal dei stå til sine brot og broti åt sine feder, at dei fall frå meg og sveik meg og gjorde meg tvert imot,
41 so eg og laut stå dei imot og førde dei inn i fiendelandet - ja, då skal deira u-umskorne hjarta bøygja seg, og dei skal få bøta for broti sine.
42 Og so skal eg minnast mi pakt med Jakob og Isak og Abraham, og landet skal eg og minnast.
43 Men landet lyt fyrst vera kvitt dei og svara sabbatane sine, medan det ligg audt etter dei; og dei lyt bøta si skuld, etter di dei vanda lovene mine leiddest av bodi mine.
44 Men endå um det er so, og dei er i fiendelandet, vil eg ikkje vanda dei reint eller skjota dei heiltupp ifrå meg; eg vil ikkje rydja dei ut og brjota mi pakt med dei; for eg er Herren deira Gud.
45 Til bate for dei vil eg minnast mi pakt med federne, som eg henta ut or Egyptar-landet midt for augo på heidningfolki og var deira Gud; eg er Herren.
46 Dette er dei fyresegnene og bodi og lovene som Herren sette millom seg og Israels-folket på Sinai-fjellet og let Moses kunngjera for dei.