Tredje Mosebok 25
1 Og Herren tala til Moses på Sinai-fjellet og sa:
2 Tala til Israels-borni og seg til dei: Når de kjem inn i det landet som eg vil gjeva dykk, so skal landet og halda helg for Herren og kvila.
3 Seks år skal du så åkeren din, og seks år skal du stella vintrei dine og sanka det som jordi gjev av seg;
4 men i det sjuande året skal det vera ein høgheilag sabbat for landet, ein sabbat for Herren; då skal du ikkje så åkeren din og ikkje stella vintrei.
5 Det kornet som renn upp av seg sjølv etter fjorgrøda, skal du ikkje skjera, og druvone på det ustelte vintreet skal du ikkje skjera, og druvone på det ustelte vintreet skal du ikkje sanka; eit sabbatsår skal det vera for landet.
6 Og det som jordi ber i det året landet hev sabbat, skal vera til føda for dykk alle: for deg og drengen din og tenestgjenta di og leigekaren og dei framande som held til hjå deg;
7 og bufeet ditt og villdyri som er i landet, skal og eta av all den grøda som veks der.
8 So skal du telja fram sju sabbatsår, sju gonger sju, so tidi som svarar til dei sju sabbatsåri, vert ni og fyrti år;
9 og den tiande dagen i den sjuande månaden skal du blåsa i lur; på soningsdagen skal de lata luren ljoma i heile landet dykkar.
10 Og de skal halda det femtiande året heilagt og lysa ut fridom i landet for alle som der bur. Det skal vera eit jubelår for dykk; då skal de koma attende kvar til sin odel og venda heim att kvar til si ætt.
11 Eit jubelår skal det femtiande året vera for dykk; ikkje skal de så, og ikkje skal de hausta det sjølvsådde kornet, og ikkje skal de sanka druvone av dei ustelte vintrei det året.
12 For det er eit jubelår; det skal vera heilagt for dykk; frå marki skal de henta maten dykkar etter kvart som de treng han.
13 I jubelåret skal kvar få att odelen sin.
14 Når du sel noko til landsmannen din eller kjøper noko av han, so skal de ikkje gjera urett mot kvarandre.
15 Kjøper du jord av han, so skal du telja dei åri som er lidne frå jubelåret, og han skal rekna etter kor mange åringar det er att.
16 Etter som det då er mange eller få år att, skal prisen auka eller minka; for det er berre eit visst tal med avlingar* han sel deg.
17 Gjer ikkje urett mot kvarandre; hev age for din Gud! For eg er Herren dykkar Gud.
18 Lyd lovene mine og haldt bodi mine og lev etter dei, so skal de bu trygt i landet;
19 landet skal gjeva dykk grøda si, og de skal hava nøgdi å leva av og bu der trygt.
20 Og dersom de spør: Kva skal me eta i det sjuande året, når me ikkje sår og ikkje samlar inn grøda vår? -
21 so må de vita at i det sette året vil eg senda dykk mi velsigning, og de skal få so rik ei grøda at ho rekk til for tri år.
22 Når de sår i det åttande året, skal de endå eta av fyrrårsavlen; alt til grøda kjem det niande året, skal de leva av den gamle avlen.
23 Jordi må de ikkje selja for ollo; for det er eg som eig landet; de er berre framande og leiglendingar hjå meg.
24 Difor skal det i heile landet dykkar gjelda løysingsrett for jord.
25 Når det gjeng ut for bror din, og han lyt selja noko av garden sin, so skal næmaste odelsmannen koma og løysa att det som skyldingen hans hev selt.
26 Finst det ingen som kann løysa att jordi for han, og han sjølv fær so mykje med hand at han kann greida løysingsummen,
27 so skal han rekna frå dei åri som er lidne sidan han selde, og gjeva den han selde til lika for det som att er; då vert eigedomen hans;
28 men er han ikkje god til å greida det han skal ut med, so skal jordi høyra kjøparen til alt til jubelåret; i jubelåret vert ho fri og kjem under den gamle eigaren.
29 Når ein sel eit stovehus i ein by med murar ikring, so gjeld løysingsretten berre for ei tid; so lenge som eit fullt år etter huset vart selt, skal han hava rett til å løysa det att.
30 Vert ikkje huset attløyst fyrr eit fullt år er lide, so skal det - so framt det ligg i ein by med murar ikring - falla under den som hev kjøpt det, og høyra han og etterkomarane hans til for godt, og det vert ikkje fritt i jubelåret.
31 Men hus i småbyar som det ikkje er murar ikring, skal reknast til landet; dei kann løysast att, og i jubelåret vert dei frie.
32 Er det levitbyane det gjeld, husi i dei byane som høyrer Levi-sønene til, so varer løysingsretten for alle tider.
33 Når nokon kjøper eit hus av ein levit, so vert huset fritt i jubelåret, so framt det ligg i fedrebyen hans; for husi i dei byane som høyrer levitane til, er deira odel millom Israels-borni.
34 Men beitemarki kring byane deira må ikkje seljast; ho skal høyra dei til for alle tider.
35 Når det gjeng ut for bror din, og han ikkje kann greida seg lenger, so skal du halda handi yver han, og han skal leva hjå deg som ein framand eller busete.
36 Du må ikkje taka renta eller yvermål av han; du skal hava age for din Gud og lata bror din leva med deg.
37 Du må ikkje låna han pengar på den måten at han skal gjeva deg renta, eller mat på den måten at han skal gjeva deg noko attpå.
38 Eg er Herren dykkar Gud, som førde dykk ut or Egyptar-landet og vil gjeva dykk Kana'ans-landet og vera dykkar Gud.
39 Når bror din vert utarma og sel seg til deg, so skal du ikkje lata han gjera slavearbeid for deg.
40 Han skal vera hjå deg som ein leigekar eller busete og tena hjå deg til jubelåret;
41 då skal han flytja frå deg, både han og borni hans, og fara heim att til ætti si og fedregarden.
42 For dei er mine tenarar, eg henta dei ut or Egyptar-landet; dei må ikkje seljast som ein sel ein slave.
43 Du må ikkje vera hard med han; du skal hava age for din Gud.
44 Vil du få deg tenestdrenger eller tenestgjentor som skal vera din eigedom, so kann de kjøpa både drenger og gjentor av heidningane som bur rundt ikring dykk,
45 og like eins av borni åt innflytjarane som held til hjå dykk; av dei og etterkomarane deira som bur hjå dykk og er fødde i landet dykkar, kann de kjøpa dykk tenarar som de må eiga
46 og kann lata borni dykkar få i arv etter dykk med full eigedomsrett; dei kann de bruka til slavar so lenge de vil; men brørne dykkar, Israels-borni må du ikkje gjera deg til herre yver - bror yver bror!
47 Når ein framand eller innflutt mann hjå deg kjem til velstand, og bror din som bur innmed han, vert utarma og lyt selja seg til den innflutte framande mannen eller til ein som er runnen av framand rot,
48 so kann han løysast ut att etter han hev selt seg. Ein av brørne hans lyt då løysa han ut,
49 eller farbroren eller son åt farbroren eller ein annan av det næmaste skyldfolket i ætti hans; og fær han utkoma til det, so skal han løysa seg ut sjølv.
50 Når han då gjer upp med den han hev selt seg til, skal dei rekna ut tidi frå det året han selde seg og til jubelåret; kjøpesummen skal bytast med åretalet, og det skal vera som han hadde vore leigekar hjå han og arbeidt etter dagen.
51 Er det endå mange år att, so skal han i utløysnad leggja so mykje av kjøpesummen som svarar til dei åri;
52 og er det få år att til jubelåret, so skal han gjera upp med han etter dei; han skal i utløysnad gjeva det som svarar til dei åri han er attskuldig.
53 Han skal vera jamgod med ein leigekar som arbeider hjå han år for år; du skal ikkje tola at han fer hardt med han.
54 Vert han ikkje utløyst på ein av desse måtane, so vert han fri i jubelåret, både han og borni hans.
55 For meg høyrer Israels-borni til og er tenarane mine; dei er mine tenarar, som eg hev ført ut or Egyptar-landet; eg er Herren dykkar Gud.