Tredje Mosebok 23
1 Og Herren tala til Moses og sa:
2 Tala til Israels-borni og seg til dei: No skal eg nemna dykk Herrens høgtider, dei dagane som de skal kalla folket i hop til eit heilagt møte og halda høgtid for meg:
3 Seks dagar lyt de arbeida og vera onnuge; men den sjuande dagen skal vera høgheilag sabbat, med heilagt møte. Då må de ikkje gjera noko arbeid; i alle heimane dykkar skal det vera sabbat for Herren.
4 Herrens høgtider, dei heilage møti som de skal kalla i hop, kvart på si visse tid, det er desse:
5 Den fjortande dagen i den fyrste månaden, soleglads bel, tek Herrens påskehelg til.
6 Og den femtande dagen i den same månaden skal de halda usyrdebrødhelgi for Herren. I sju dagar skal de eta usyrt brød.
7 Den fyrste dagen skal de halda eit heilagt møte og må ikkje gjera noko utearbeid,
8 og alle dei sju dagane skal de bera fram eldoffer åt Herren; den sjuande dagen skal de og halda eit heilagt møte, og noko utearbeid må de ikkje gjera då heller.
9 Og Herren tala til Moses og sa:
10 Tala til Israels-borni og seg til dei: Når de kjem inn i det landet som eg vil gjeva dykk, og haustar inn grøda der, so skal de koma til presten med det fyrste kornbandet av nygrøda,
11 og han skal svinga det att og fram for Herrens åsyn, so Herren kann hava hugnad i dykk; dagen etter sabbaten skal presten svinga kornbandet.
12 Og same dagen som de svingar kornbandet, skal de bera fram eit årsgamalt lamb som er lytelaust, til brennoffer åt Herren.
13 Matofferet som fylgjer med, skal vera tvo tiandepartar av ein efa fint mjøl, blanda med olje - då er det eit eldoffer åt Herren, eit som gjev god ange - og drykkofferet fjordeparten av ein hin vin.
14 Og brød eller steikte aks eller rått korn må de ikkje eta fyrr den dagen, ikkje fyrr de hev bore fram den gåva som er etla åt dykkar Gud. Det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar i kvar ein heim.
15 Frå den fyrste dagen etter sabbaten, frå den dagen de ber fram kornbandet som skal svingast for Herrens åsyn, skal de telja sju fulle vikor;
16 femti dagar skal de telja, til dagen etter den sjuande sabbaten, og då skal de bera fram for Herren eit offer av nygrøda.
17 Tvo svingingsbrød skal de koma med frå heimane dykkar; i dei skal det vera tvo tiandepartar av ein efa fint mjøl, og dei skal vera syrte; det er eit nygrødeoffer åt Herren.
18 Og attåt brødet skal de bera fram sju årsgamle lytelause lamb og ein ung ukse og tvo verar til brennoffer åt Herren, og det matofferet og dei drykkofferi som fylgjer med; det er eit eldoffer til godange for Herren.
19 Til syndoffer skal de ofra ein geitebukk og til takkoffer tvo årsgamle lamb;
20 dei skal presten svinga att og fram for Herrens åsyn saman med nygrødebrødet og tvo lamb; dei skal vera helga til Herren og høyra presten til.
21 Og same dagen skal de kalla folket i hop og halda eit heilagt møte; de må ikkje gjera noko utearbeid den dagen. Dette skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar i kvar heim.
22 Og når de haustar inn grøda i landet dykkar, skal du ikkje skjera kornet heilt utåt åkerreini, og dei aksi som ligg att etter skurden, skal du ikkje plukka upp; du skal etla dei att åt dei fatige og framande; eg er Herren dykkar Gud.
23 Og Herren tala til Moses og sa:
24 Tala til Israels-borni og seg: Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda kviledag; då skal luren ljoma og minna dykk, og de skal halda eit heilagt møte.
25 Den dagen må de ikkje gjera noko utearbeid, og de skal bera fram eldoffer for Herren.
26 Og Herren tala til Moses og sa:
27 So den tiande dagen i den same månaden er det soningsdag. Då skal de halda eit heilagt møte, og de skal fasta og bera fram eldoffer for Herren.
28 Den dagen må de ikkje gjera noko arbeid; for det er ein soningsdag; då skal dei gjera soning for dykk framfor åsyni åt Herren dykkar Gud.
29 Alle som ikkje fastar den dagen, skal rydjast ut or folket sitt.
30 Og kvar den som gjer noko arbeid, han vil eg tyna midt ibland folket hans.
31 Ikkje det minste grand må de gjera den dagen; det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar i kvar ein heim.
32 Ein høgheilag sabbat skal det vera for dykk, og de skal fasta; frå niande dags kvelden i den månaden til kvelden etter skal de halda sabbatskvild.
33 Og Herren tala til Moses og sa:
34 Tala til Israels-borni og seg: Frå den femtande dagen i den sjuande månaden skal de halda lauvhyttehelg for Herren i sju dagar.
35 Den fyrste dagen skal de halda eit heilagt møte, og noko utearbeid skal de ikkje gjera.
36 Sju dagar skal de bera fram eldoffer for Herren; og den åttande dagen skal de halda eit heilagt møte og bera fram eldoffer for Herren. Då er det stor samlingshøgtid, og de må ikkje gjera noko utearbeid.
37 Dette er dei høgtidene då de skal kalla folket i hop til heilagt møte og bera fram eldoffer for Herren, brennoffer og matoffer, slaktoffer og drykkoffer, kvar dag det som høyrer den dagen til,
38 umfram Herrens sabbatar og umfram gåvone dykkar og alle dei offeri de hev lova eller kjem til Herren med av dykk sjølve.
39 Men frå den femtande dagen i den sjuande månaden, når de samlar grøda i hus, skal de halda Herrens helg i sju dagar. Den fyrste dagen skal vera kviledag, og den åttande dagen skal vera kviledag.
40 Og den fyrste dagen skal de taka fagre frukter og palmegreiner og kvister av lauvrike tre og seljebuskor og gleda dykk for åsyni åt Herren dykkar Gud i sju dagar.
41 Soleis skal de kvart år halda helg for Herren i sju dagar; det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar. I den sjuande månaden skal de halda den helgi.
42 Då skal de bu i lauvhyttor i sju dagar; alle som er fødde og borne i Israel, skal bu i lauvhyttor,
43 so etterkomarane dykkar skal vita at eg let Israels-borni bu i lauvhyttor då eg førde dei ut or Egyptar-landet; eg er Herren dykkar Gud.
44 Og Moses kunngjorde Herrens høgtider for Israels-folket.