«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Tredje Mosebok 20

1  Og Herren tala til Moses og sa:

2  Seg til Israels-borni: Hender det at nokon av Israels-borni eller av dei framande som held til i Israel, gjev noko av borni sine frå seg til Molok, so skal han lata livet; landslyden skal steina han i hel.

3  Og eg vil kvessa augo mot den mannen og rydja han ut or folket hans, for di han hev gjeve Molok barnet sitt og gjort heilagdomen min urein og vanhelga mitt heilage namn.

4  Um landslyden let att augo og ikkje læst sjå at han gjev barnet sitt til Molok, og ikkje drep han,

5  so vil eg kvessa augo mot den mannen og mot ætti hans og rydja han ut or folket hans, både han og alle dei som fylgjer i fotfaret hans og held seg med Molok.

6  Vender nokon seg til dei som manar fram daudingar og spåvette, og held seg med dei, so vil eg kvessa augo mot den mannen og rydja han ut or folket hans.

7  De skal helga dykk og vera heilage; for eg er Herren dykkar Gud.

8  Akta vel på lovene mine og lev etter dei; eg er Heren, som helgar dykk.

9  Den som bannar far sin eller mor si, han skal lata livet. Han hev banna far og mor; blodet hans kome på han sjølv!

10  Den som held seg med ei gift kona, med kona åt næsten sin, han skal lata livet, både han og den kona han hev halde seg med.

11  Ligg nokon hjå kona åt far sin, so skjemmer han lega åt far sin; dei skal båe lata livet; blodet deira kome på dei sjølve!

12  Ligg nokon hjå sonekona si, so skal dei båe lata livet. Dei hev gjort eit skjemdarverk; blodet deira kome på dei sjølve!

13  Ligg nokon hjå ein kar som ein ligg hjå ei kvinna, so gjer dei båe ei stygg gjerning; dei skal lata livet; blodet deira kome på dei sjølve!

14  Tek nokon både mor og dotter til kona, so er det skjemdarferd; dei skal brennast på bål, både han og dei; sovori sedløysa må ikkje finnast hjå dykk.

15  Blandar nokon seg med eit dyr, skal han lata livet, og dyret skal de drepa.

16  Og held ei kvinna seg innåt eit dyr og parar seg med det, so skal de slå i hel både kvinna og dyret; dei skal lata livet; blodet deira kome på dei sjølve!

17  Tek nokon syster si, som hev same far og same mor som han, og søkjer seng med henne, og ho med han, so er det skjemdarferd, og dei skal rydjast ut for augo på landslyden. Han hev søkt seng med syster si, han lyt lida for brotet sitt.

18  Ligg nokon med ei kvinna medan ho hev månadssjuken sin, og nækjer blygsli hennar, so hev han teke dekket av kjelda hennar, og ho hev nækt blodkjelda si; dei skal båe rydjast ut or folket sitt.

19  Du skal ikkje søkja seng med morsyster eller farsyster di; den som det gjer, skjemmer si eigi ætt; dei lyt lida for brotet sitt.

20  Ligg nokon hjå kona åt farbror sin, so vanærar han farbror sin; dei lyt lida for syndi si og skal døy barnlause.

21  Gifter nokon seg med brorkona si, so er det ei skam; han hev vanæra bror sin, dei skal ikkje få born.

22  So akta då på alle lovene og alle bodi mine og lev etter dei, so landet ikkje skal spy dykk ut att, det landet som eg fører dykk til og vil lata dykk bu i!

23  Far ikkje etter skikkane åt det folket som eg jagar ut for dykk! Dei gjorde alt dette; då fekk eg stygg til dei,

24  og eg sa til dykk: De skal få landet deira, eit land som fløymer med mjølk og honning; eg vil gjeva dykk det til eiga; eg er Herren dykkar Gud, som hev skilt dykk ut frå alle andre folk.

25  Difor skal de skilja millom reine og ureine dyr og reine og ureine fuglar og ikkje gjera dykk sjølve til eit stygge med å eta dei dyri eller fuglane eller noko av det kreket som eg hev skilt ut og sagt de skal halda for ureine.

26  De skal vera meg heilage; for eg, Herren, er heilag, og eg hev skilt dykk ut frå alle andre folkeslag, so de skal høyra meg til.

27  Er det nokon mann eller nokor kvinna som fer med å mana fram daudingar og spåvette, so skal dei lata livet; dei skal steinast i hel; blodet deira kome på dei sjølve.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23