Tredje Mosebok 2
1 Når nokon vil bera fram eit matoffer for Herren, so skal offergåva hans vera fint mjøl; det skal han hella olje yver og leggja røykjelse attmed,
2 og so skal han koma til Arons-sønene, til prestane, med det, og presten skal taka ein neve av mjølet og oljen, og so all røykjelsen og brenna det på altaret til minningsoffer; då er det eit eldoffer som gjev god ange for Herren.
3 Det som er att av matofferet, skal Aron og sønene hans hava; det høyrer til det som er høgheilagt av Herrens eldoffer.
4 Når du vil bera fram eit matoffer av noko som er baka i omn, so skal det vera av fint mjøl, anten hellekakor med olje i eller olje smurde tunnbrødleivar.
5 Vil du gjeva eit matoffer som er steikt på takka, so skal det og vera av fint mjøl som er blanda med olje, og usyrt.
6 Du skal brjota det i bitar og hella olje yver det; det er eit matoffer.
7 Vil du gjeva eit matoffer som er steikt i panna, so skal det med vera tillaga av fint mjøl og olje.
8 Når matofferet er tillaga på ein av dei måtane, skal du bera det fram for Herren. Du skal koma til presten med det, og han skal bera det fram åt altaret.
9 So skal presten taka av det som skal vera til minningsoffer, og brenna det på altaret; då er det eit eldoffer som gjev god ange for Herren.
10 Og det som då er att av matofferet, skal Aron og sønene hans hava. Det høyrer til det som er høgheilagt av Herrens eldoffer.
11 Eit matoffer som de vil bera fram for Herren, må aldri vera syrt; for det som det er surdeig eller honning, må de ikkje brenna til eldoffer for Herren.
12 Til nygrødeoffer kann de bera fram sovore; men på altaret må det ikkje koma, til godange for Herren.
13 Alle matoffer som du ber fram, skal du salta; aldri må du lata det vanta på salt i matofferet ditt. Saltet høyrer til pakti med din Gud; difor skal du bera fram salt attåt alle offeri dine.
14 Vil du gjeva Herren eit matoffer av nygrøda, so skal du ofra aks som er steikte yver elden, nyhausta korn som er grøypt.
15 Det skal du hella olje yver og leggja røykjelse attmed; det er eit matoffer.
16 Og presten skal brenna noko av det grøypte kornet og av oljen og all røykjelsen til minningsoffer; det er eit eldoffer for Herren.