Tredje Mosebok 19
1 Og Herren tala til Moses og sa:
2 Tala til heile Israels-lyden og seg til dei: Dei skal vera heilage; for eg, Herren dykkar Gud er heilag.
3 Kvar og ein av dykk skal hava age for mor og far og halda sabbatane mine; eg er Herren dykkar Gud.
4 De skal ikkje venda dykk til avgudane og ikkje gjera dykk støypte gudar; eg er Herren dykkar Gud.
5 Når de vil ofra eit takkoffer til Herren, skal de gjera det soleis at han kann hava hugnad i dykk.
6 De skal eta kjøtet same dagen som de ofrar, eller og dagen etter; men det som er att tridje dagen, skal brennast upp i elden.
7 Den tridje dagen skal det haldast for ein styggedom; et nokon av det då, so hev Herren ingen hugnad i offeret,
8 og den som et av det, gjer ei synd som han lyt lida for; han hev vanhelga det som var helga til Herren, og han skal rydjast ut or folket sitt.
9 Når de haustar inn grøda i landet dykkar, so skal du ikkje skjera kornet heilt utåt åkerreini, og det som vert liggjande att etter skurden, skal du ikkje plukka upp.
10 Heller ikkje skal du sanka dei bæri som er att på trei etter du hev hausta vinhagen din, eller henta upp dei som er neddotne. Dei skal du lata vera att til dei fatige og framande; eg er Herren dykkar Gud.
11 De skal ikkje stela, og de skal ikkje ljuga, og de skal ikkje svika kvarandre.
12 De skal ikkje sverja på lygn ved namnet mitt; for då vanhelgar du namnet åt din Gud; eg er Herren.
13 Du skal ikkje taka noko ifrå næsten din med urett og ikkje rana noko ifrå han. Det ein dagarbeidar skal hava i løn, må ikkje verta liggjande hjå deg natti yver.
14 Du skal ikkje banna den som dauv er, og ikkje leggja mein i vegen for den som er blind. Du skal hava age for din Gud; eg er Herren.
15 De skal ikkje gjera urett mot nokon på tinget; ikkje skal du halda med ein mann for di han er ring, og ikkje skal du gjeva han rett for di han er mektig; rettferdigt skal du døma næsten din.
16 Du skal ikkje ganga ikring og baktala folk. Du skal ikkje stå næsten din etter livet; eg er Herren.
17 Du skal ikkje bera hat til bror din i hjarta; men du må vel tala næsten din til rettes, so du ikkje skal bera synd for hans skuld.
18 Du skal ikkje hemna deg og ikkje bera agg til nokon av landsfolket ditt, men du skal elska næsten din som deg sjølv; eg er Herren.
19 De skal halda lovene mine: Du skal ikkje lata tvo dyr av ulikt slag i buskapen para seg. Du skal ikkje så åkeren din med tvo ulike kornslag. Du skal ikkje ganga med klæde som er vovne av tvo ulike garnslag.
20 Når ein mann ligg hjå ei kvinna og skjemmer henne, og ho er trælkvinna og trulova med ein annan mann, men ikkje er utløyst eller frigjevi, so skal ein fylgja dei med retten, men dei skal ikkje straffast på livet, etter di ho ikkje var fri kvinna.
21 Han skal til bot for brotet sitt koma til møtetjelddøri med ein ver, som skal vera skuldoffer åt Herren,
22 og når presten hev gjort soning for han for Herrens åsyn med skuldofferveren, skal han få tilgjeving for den syndi han hev gjort.
23 Når de kjem inn i landet og plantar allslags frukttre, so skal de halda den fyrste frukti dei ber, for urein; tri år skal trei vera ureine for dykk, og de må ikkje eta frukti deira.
24 Det fjorde året skal all frukti vigjast åt Herren med ei gledehøgtid,
25 og fyrst i det femte året må de eta frukti deira - so dei kann bera so mykje meir åt dykk sidan; eg er Herren dykkar Gud.
26 De må ikkje eta noko med blodet i. De skal ikkje fara med å tyda varsel eller spå av skyene.
27 De skal ikkje rundklyppa håret dykkar og ikkje stytta skjegget.
28 De skal ikkje skjera dykk i holdet av sorg yver ein som er avliden, og ikkje brenna inn skriftteikn på dykk; eg er Herren.
29 Du skal ikkje vanhelga dotter di og lata henne verta skjøkja, so folket vert usedugt og landet fullt av ulivnad.
30 De skal halda sabbatane mine og hava age for heilagdomen min; eg er Herren.
31 Vend dykk ikkje til dei som manar fram daudingar og spåvette, so de gjer dykk ureine med dei; eg er Herren dykkar Gud.
32 For dei grå håri skal du reisa deg og æra den som gamal er; du skal hava age for din Gud; eg er Herren.
33 Når ein framand bur hjå dykk i landet dykkar, skal de ikkje vera harde med han;
34 han skal vera for dykk som ein av landsmennene dykkar, og du skal elska han som deg sjølv; for de hev sjølve vore framande i Egyptar-landet; eg er Herren din Gud.
35 De skal ingen urett gjera på tinget, og ikkje med vekt eller mål, anten det er aln eller kanna.
36 Rett vekt og rette lodd, rett efa og rett hin skal de bruka. Eg er Herren dykkar Gud, som førde dykk ut or Egyptar-landet.
37 Akta vel på alle lovene og bodi mine og lev etter dei; eg er Herren.