Tredje Mosebok 18
1 Og Herren tala til Moses og sa:
2 Tala til Israels-borni og seg til dei: Eg er Herren dykkar Gud.
3 De skal ikkje fara åt som dei gjer i Egyptar-landet, der de fyrr budde, eller i Kana'ans-landet, som eg fører dykk til, og ikkje fylgja skikkane deira.
4 Mine bod skal de lyda, og mine lover skal de halda dykk etter og fylgja; eg er Herren dykkar Gud.
5 De skal halda lovene og bodi mine; for det mennesket som held dei, skal leva ved dei; eg er Herren.
6 Ingen av dykk må koma innåt nokor nærskyld kvinna og søkja seng med henne; eg er Herren.
7 Du skal ikkje skjemma lega åt far din og mor di. Ho er mor di; du skal ikkje søkja seng med henne.
8 Du skal ikkje søkja seng med stykmor di; ho er kona åt far din.
9 Du skal ikkje søkja seng med syster di; som hev same far eller same mor som du; anten ho er fødd i eller utanfor huset, so skal du ikkje søkja seng med henne.
10 Du skal ikkje søkja seng med sonedotter eller dotterdotter di; for det er ditt eige avkjøme.
11 Du skal ikkje søkja seng med dotter åt stykmor di; ho er dotter åt far din, og ho er syster di.
12 Du skal ikkje søkja seng med farsyster di; det er same blodet som far din.
13 Du skal ikkje søkja seng med morsyster di; det er same blodet som mor di.
14 Du skal ikkje skjemma lega åt farbror din og koma kona hans for nær; for ho er farsyster di.
15 Du skal ikkje søkja seng med verdotter di. Ho er kona åt son din; Du skal ikkje søkja seng med henne.
16 Du skal ikkje søkja seng med brorkona di - ikkje skjemma lega åt bror din.
17 Hev du havt samlega med ei kvinna, so skal du ikkje søkja seng med dotter hennar; heller ikkje skal du ganga i seng med sonedotter eller dotterdotter hennar. Det er skjemdarferd; for dei er same folket.
18 Du skal ikkje gifta deg med versyster di og søkja seng med henne medan kona di lever; for då set du hat millom dei.
19 Du skal ikkje koma innåt nokor kvinna og søkja seng med henne medan ho hev månadssjuken sin og er urein.
20 Du skal ikkje liggja hjå kona åt næsten din og på den måten gjera deg urein.
21 Du skal ikkje gjeva noko av borni dine frå deg til eldoffer åt Molok*; du skal ikkje vanhelga namnet åt din Gud; eg er Herren.
22 Du skal ikkje liggja hjå ein kar som ein ligg hjå ei kvinna; det er ein styggedom.
23 Med dyr må du aldri blanda deg; for då vert du urein. Og heller ikkje må ei kvinna gjeva seg i lag med dyr og para seg med dei; det er skjemdarferd.
24 Gjer dykk ikkje ureine med sovori åtferd! For slikt var det dei gjorde seg ureine med dei heidningane som eg driv ut for augo dykkar;
25 då vart landet ureint, og eg heimsøkjer det for broti deira, so landet spyr ut dei som bur der.
26 Men de skal halda lovene og bodi mine og ikkje gjera noko av desse skjemdarverki, korkje den som er fødd i landet, eller den framande som bur millom dykk;
27 for alle desse skjemdarverki hev dei gjort dei som hev butt i landet fyre dykk, so landet vart ureint.
28 Elles kjem landet til å spy dykk ut, for di de gjer det ureint, liksom det spyr ut det folket som hev vore der fyre dykk.
29 For alle dei som gjer slike skjemdarverk, dei skal rydjast ut or folket sitt - kvar og ein som gjer noko sovore.
30 So haldt då dei bodi eg hev gjeve dykk, og tak ikkje etter dei fæle skikkane som dei hadde, dei som var fyre dykk; for med det gjer de dykk ureine: Eg er Herren dykkar Gud.