«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Tredje Mosebok 16

1  Då dei tvo Arons-sønene var slokna, dei som laut døy den gongen dei gjekk fram for Herrens åsyn, då tala Herren til Moses

2  og sa til han: Seg til Aron, bror din, at han ikkje må ganga inn i heilagdomen innanfor forhenget og fram åt nådestolen som er yver kista, kva tid han vil; då kunde han missa livet; for eg vil syna meg i skyi uppyver nådestolen.

3  Soleis lyt Aron vera budd når han skal ganga inn i heilagdomen: Han skal hava med seg ein ung ukse til syndoffer og ein ver til brennoffer.

4  Og han skal klæda seg i ein heilag underkjole av lin og hava ei linbrok på seg næst kroppen og binda eit linbelte kring livet og sveipa eit linplagg kring hovudet; dette er dei heilage klædi, og fyrr han tek dei på seg, skal han lauga lekamen sin i vatn.

5  Og av Israels-lyden skal han få tvo geitebukkar til syndoffer og ein ver til brennoffer.

6  So skal Aron leida fram syndofferuksen sin og gjera soning for seg og huset sitt.

7  Og han skal taka båe bukkane og leida dei fram for Herrens åsyn, til møtetjelddøri.

8  Og Aron skal kasta lut um bukkane, ein lut for Herren og ein for Asasel*.

9  Og den bukken som fell på Herrens lut, skal Aron leida fram og ofra til syndoffer.

10  Men den som fell på Asasels lut, skal leidast levande fram for Herrens åsyn, so dei kann gjera soning med han, og so skal han sendast ut i øydemarki til Asasel.

11  Når Aron leider fram syndofferuksen sin og gjer soning for seg og huset sitt, so skal han fyrst slakta uksen,

12  og so skal han fylla glodfatet sitt med glør frå altaret for Herrens åsyn og taka tvo nevar med finstøytt, angande røykjelse og bera innanfor forhenget,

13  og han skal leggja røykjelsen på elden for Herrens åsyn, so røykjelse-skyi gøymer nådestolen, som er yver vitnemålet; elles lyt han døy.

14  So skal han taka noko av ukseblodet og skvetta med fingeren på framsida av nådestolen, og framfor nådestolen skal han skvetta med fingeren av blodet sju gonger.

15  So skal han slakta den bukken som er etla til syndoffer for folket, og bera blodet innanfor forhenget og gjera med det som han gjorde med blodet av uksen: skvetta det på nådestolen og framanfor nådestolen.

16  Soleis skal han gjera soning for heilagdomen og reinska han for ureinskapen åt Israels-borni og for alle broti deira, alt det dei hev synda i, og det same skal han gjera med heile møtetjeldet, som er reist millom dei midt i ureinskapen deira.

17  Og det må ikkje finnast noko menneske i møtetjeldet frå Aron gjeng inn og skal gjera soning i heilagdomen, og til han kjem ut att. Soleis skal han gjera soning for seg og for huset sitt og for heile Israels-lyden.

18  So skal han ganga ut til altaret som er reist for Herrens åsyn, og gjera soning for det; han skal taka noko av ukseblodet og noko av bukkeblodet og strjuka rundt ikring på altarhorni

19  og skvetta med fingeren av blodet på altaret sju gonger og reinsa det for ureinskapen åt Israels-borni og helga det.

20  Når Aron hev fullført soningi for heilagdomen og møtetjeldet og altaret, so skal han leida fram den levande bukken

21  og leggja hendene på hovudet hans og skrifta uppyver han alle dei misgjerningar og brot som Israels-borni hev gjort so ofte dei hev synda, og leggja dei på hovudet åt bukken og so senda han ut i øydemarki med ein mann som stend reidug.

22  Og bukken skal bera alle misgjerningane deira med seg ut i villmarki, og mannen skal sleppa bukken der i øydemarki.

23  Sidan skal Aron ganga inn i møtetjeldet og taka av seg linklædi som han hadde på seg då han gjekk inn i heilagdomen, og gøyma dei der.

24  So skal han lauga lekamen sin i vatn på ein heilag stad og klæda seg i den vanlege bunaden sin og so ganga ut att og ofra brennofferet sitt og brennofferet for folket og gjera soning for seg og for folket.

25  Og feittet av syndofferet skal han brenna på altaret.

26  Den som leidde bukken ut til Asasel, lyt två klædi sine og lauga lekamen sin i vatn; då fyrst kann han få koma inn i lægret.

27  Uksen og bukken som vart slakta til syndoffer, og som dei tok blodet av og bar inn i heilagdomen til å gjera soning med, skal dei føra ut or lægret og brenna både skinni og kjøtet og møki.

28  Den som brenner det, lyt två klædi sine og lauga lekamen sin i vatn; sidan kann han koma inn i lægret.

29  Og dette skal vera ei æveleg lov for dykk: Den tiande dagen i den sjuande månaden skal de fasta og ikkje gjera noko slag arbeid, korkje den dom er fødd og boren i landet, eller den framande som held til hjå dykk.

30  For den dagen skal dei gjera soning for dykk og reinsa dykk for alle syndene dykkar, so de vert reine for Herren.

31  Ein høgheilag sabbat skal det vera for dykk, og då skal de fasta; det skal vera ei æveleg lov.

32  Den som skal standa for soningi, er presten, han som hev vorte salva og vigd til å gjera prestetenesta etter far sin. Han skal klæda seg i linklædi, dei heilage klædi,

33  og gjera soning for det høgheilage romet og møtetjeldet og altaret; og prestane og heila ålmugen skal han og gjera soning for.

34  Det skal vera ei æveleg lov for dykk at dei ein gong um året skal gjera soning for Israels-borni og reinsa dei for alle syndene deira. Og Aron gjorde som Herren hadde sagt Moses fyre.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23