Tredje Mosebok 15
1 Og Herren tala til Moses og Aron og sa:
2 Tala til Israels-borni og seg til dei: Når det gjeng flod frå lekamen åt ein mann, so er han urein for flodi skuld.
3 So lenge flodi varer, fylgjer det ureinskap med han, og det anten lekamen gjev væta frå seg eller held henne inne; i båe høve er han urein.
4 Kvar lega han ligg på, og kvar sess han sit på, skal vera urein.
5 Den som kjem nær lega hans, lyt två klædi sine og lauga seg og vera urein alt til kvelds.
6 Og den som set seg på noko han hev sete på, lyt og två klædi sine og lauga seg og vera urein alt til kvelds.
7 Like eins den som kjem nær den sjuke sjølv; han lyt två klædi sine og lauga seg og vera urein alt til kvelds.
8 Kjem den sjuke til å sputta på ein som er rein, so lyt den han hev sputta på, två klædi sine og lauga seg og vera urein alt til kvelds.
9 Kvar sal som den sjuke sit på, vert urein.
10 Den som kjem nær noko av det han hev under seg, skal vera urein alt til kvelds, og den som ber det burt, lyt två klædi sine og lauga seg og vera urein alt til kvelds.
11 Tek den sjuke burtpå nokon og ikkje fyrst hev skylt hendene sine i vatn, so lyt den han hev teke burtpå, två klædi sine og lauga seg og vera urein alt til kvelds.
12 Kjem den sjuke nær eit leirfat, so skal det slåast sund; men er det eit trefat, so skal det skyljast i vatn.
13 Når den sjuke hev kome seg av flodi, skal han telja sju dagar fram frå di han vart god att; då skal han två klædi sine og lauga lekamen sin i kjelde- eller bekkevatn, so er han rein.
14 Den åttande dagen skal han taka tvo turtelduvor eller tvo duveungar og ganga fram for Herrens åsyn, til møtetjelddøri, og gjeva dei til presten,
15 og presten skal ofra dei, den eine til syndoffer og den andre til brennoffer. Soleis skal presten gjera soning for han for Herrens åsyn, so han vert rein att etter flodi.
16 Når det gjeng såd frå ein mann, so skal han lauga heile lekamen sin i vatn og vera urein alt til kvelds.
17 Og alle klædeplagg eller skinnplagg som sådet hev kome på, lyt tvåast i vatn og vera ureine alt til kvelds.
18 Ligg ein mann hjå ei kvinna, og det gjeng såd frå han, so lyt dei båe lauga seg og vera ureine alt til kvelds.
19 Når ei kvinna hev flod, og det gjeng blod frå lekamen hennar, so skal ho vera urein i sju dagar, og den som kjem nær henne, skal vera urein alt til kvelds.
20 Alt ho ligg eller sit på medan ho hev det soleis, vert ureint.
21 Den som kjem nær lega hennar, lyt två klædi sine og lauga seg og vera urein alt til kvelds.
22 Og den som kjem nær noko av det ho hev sete på, lyt og två klædi sine og lauga seg og vera urein alt til kvelds.
23 Ligg det eitkvart i lega eller i sessen hennar, og noko kjem nær det, so skal han vera urein alt til kvelds.
24 Og dersom ein mann ligg hjå henne, og ureinska hennar kjem på han, so skal han og vera urein i sju dagar, og alt det han ligg på, skal vera ureint.
25 Når det gjeng blod frå ei kvinna i mange dagar på ei tid som ho ikkje hev månadssjuken sin, eller når blodet gjeng frå henne lenger enn vanleg i månadstidi, so skal ho vera urein so lenge denne ureine flodi varer, liksom når ho hev månadssjuken.
26 Um alt det ho ligg på medan ho hev blodflod, gjeld det same som er sagt um lega hennar det bel ho hev månadssjuken, og alt ho sit på, skal vera ureint, som når ho hev månadssjuken.
27 Den som kjem nær det, skal vera urein; han lyt två klædi sine og lauga seg og vera urein alt til kvelds.
28 Når ho vert god att av blodflodi, so skal ho telja sju dagar fram; so er ho rein.
29 Og den åttande dagen skal ho taka tvo turtelduvor eller tvo duveungar og koma med dei til møtetjelddøri, til presten,
30 og presten skal ofra dei, den eine til syndoffer og den andre til brennoffer. Soleis skal presten gjera soning for henne for Herrens åsyn, so ho vert rein att etter den ureine flodi.
31 De skal skilja Israels-borni med ureinska deira, so dei ikkje skal gjera mitt tabernakel ureint, det som stend midt imillom dei, og døy i ureinska si.
32 Dette er lovi um dei som hev flod, og um menner som det gjeng såd frå, so dei vert ureine,
33 og um kvinnor som hev månadstidi si, og um folk som er flodsjuke, både menner og kvinnor, og um menner som ligg med ureine kvinnor.