Tredje Mosebok 14
1 Og Herren tala til Moses og sa:
2 So er dei fyresegnene de skal fylgja når ein som hev havt spillsykja, skal reinsast: Han skal førast fram for presten;
3 og presten skal ganga utanfor lægret og sjå han yver, og dersom han er lækt for sjukdomen,
4 so skal presten segja folk til å henta tvo levande reine fuglar og noko sedertre og karmosinraud ull og isop til den som skal reinsast,
5 og lata dei slakta den eine fuglen uppyver eit leirfat som er fyllt med kjelde- eller bekkevatn.
6 So skal han tala den levande fuglen og sedertreet og den karmosinraude ulli og isopen og duppa alt saman, den levande fuglen med, i blodet av den fuglen som er slakta yver kjeldevatnet,
7 og skvetta sju gonger på den som skal reinsast etter spillsykja, og reinsa han, og den levande fuglen skal han lata fljuga sin veg.
8 So skal den som vert reinsa, två klædi sine og raka av seg alt håret og lauga seg, so er han rein, og sidan kann han få koma inn i lægret; men han skal halda seg utanfor tjeldbui si i sju dagar.
9 Den sjuande dagen skal han raka seg att; både hovudhåret og skjegget og augnebrunene, alt håret sitt, skal han raka av seg; og han skal två klædi sine og lauga lekamen sin i vatn. Då er han rein.
10 Den attande dagen skal han taka tvo verlamb som ikkje hev lyte, og eit årsgamalt lytelaust saulamb og til matoffer tri tiandepartar av ein efa fint mjøl som er blanda med olje, og so ein log* med olje.
11 Og presten som stend fyre reinsingi, skal føra den som vert reinsa, og alle offergavone hans fram for Herrens åsyn, til møtetjelddøri.
12 So skal presten taka det eine verlambet og oljen som høyrer til, ein log, og bera fram til skuldoffer og svinga det att og fram for Herrens åsyn.
13 Verlambet skal dei slakta på same staden som dei slaktar syndofferet og brennofferet, på den heilage staden; for skuldofferet høyrer presten til liksom syndofferet; det er høgheilagt.
14 So skal presten taka noko av skuldofferblodet og strjuka på den høgre øyresnippen åt den som vert reinsa, og på den høgre tumarsfingeren og den høgre tumarståi hans;
15 og han skal taka noko av oljen og hella ut i den vinstre handi si
16 og so duppa den høgre peikefingeren i oljen som han hev i vinstre handi, og skvetta med fingeren av oljen sju gonger for Herrens åsyn.
17 Noko av den oljen som er att i handi hans, skal han strjuka på den høgre øyresnippen åt den som vert reinsa, og på den høgre tumarsfingeren og den høgre tumarståi hans, yver skuldofferblodet.
18 Og det som endå er att av oljen som presten hev i handi, skal han hella på hovudet åt den som vert reinsa. Soleis skal presten gjera soning for han for Herrens åsyn.
19 So skal presten bera fram syndofferet og gjera soning for den som vert reinsa for ureinskapen sin, og sidan skal han slakta brennofferet.
20 Når då presten hev bore fram brennofferet og matofferet på altaret, og fullført soningi for han, so er han rein att.
21 Men er det ein fatig mann som ikkje hev råd til so mykje, so skal han taka eit verlamb til skuldoffer - det skal svingast att og fram til soning for han - og tiandeparten av ein efa fint mjøl, blanda med olje, til matoffer, og ein log med olje
22 og so tvo turtelduvor eller duveungar, det som han hev råd til; den eine skal vera syndoffer og den andre brennoffer.
23 Den åttande dagen etter han hev vorte rein, skal han bera offergåvone fram for Herrens åsyn, til møtetjelddøri, og gjeva dei til presten.
24 Og presten skal taka skuldofferlambet og oljen og svinga det att og fram for Herrens åsyn.
25 Når skuldofferlambet er slakta, skal presten taka noko av skuldofferblodet og strjuka på den høgre øyresnippen åt den som vert reinsa, og på den høgre tumarsfingeren og den høgre tumarståi hans.
26 So skal han hella noko av oljen ut i den vinstre handi si
27 og med den høgre peikefingeren skvetta sju gonger for Herrens åsyn av oljen som han hev i vinstre handi.
28 Noko av den oljen som presten hev i vinstre handi, skal han strjuka på den høgre øyresnippen åt den som vert reinsa, og på den høgre tumarsfingeren og den høgre tumarståi hans, yver skuldofferblodet,
29 og det som endå er att av oljen som presten hev i handi, skal han hella på hovudet åt den som vert reinsa, og gjera soning for han for Herrens åsyn.
30 So skal han bera fram turtelduvone eller duveungane - det som han hev råd til -
31 den eine til syndoffer, og den andre til brennoffer, og i hop med dei matofferet. Soleis skal presten gjera soning framfor Herrens åsyn for den som skal reinsast.
32 Dette er dei fyresegnene de skal fylgja når ein som hev liti råd, skal reinsast etter spillsykja.
33 Og Herren tala til Moses og Aron og sa:
34 Når de kjem inn i Kana'ans-landet, som eg gjev dykk til eiga, og eg let det koma spillsykja på noko av husi i landet dykkar,
35 so skal huseigaren koma og segja frå til presten at det hev synt seg flekker som likjest spillsykja på huset hans.
36 Då skal presten setja dei til å rydja utor huset innan han sjølv kjem og skodar flekkene, so ikkje alt som er der, skal verta ureint, og so skal han koma og skoda huset.
37 Ser han då at flekkene på husveggene ter seg som grønvorne eller raudvorne søkk, som synest liggja djupare enn veggflata,
38 so skal han ganga ut or huset, til husdøri, og stengja huset og halda det læst i sju dagar.
39 Den sjuande dagen skal presten koma att og sjå etter, og ser han då at flekkene hev ete um seg på husveggene,
40 so skal han setja folk til å brjota ut dei steinane som flekkene hev synt seg på, og kasta det på ein urein stad utanfor byen.
41 Dei skal skrapa huset innantil, rundt ikring, og leiret som dei hev skrapa av, skal dei og føra burt og kasta på ein urein stad utanfor byen.
42 Og so skal dei taka andre steinar og setja inn i staden for dei gamle, og nytt leir skal dei taka og klina huset med.
43 Bryt flekkene ut att på huset etter steinane er uttekne og huset er skrapa og klint,
44 so skal presten koma og sjå etter, og ser han då at flekkene hev ete um seg, so er det stygg spillsykja på huset; det er ureint,
45 og dei skal riva det ned, både steinane og timberet og alt leiret, og føra det ut or byen, til ein urein stad.
46 Den som gjeng inn i huset dei dagane det er attlæst, han skal vera urein alt til kvelds.
47 Den som ligg i huset, skal två klædi sine, og det same skal den som et der.
48 Ser presten, når han kjem og skodar huset, at flekkene ikkje hev ete um seg på det etter det vart klint, so skal han segja huset reint; for då er det vonde burte.
49 So skal han til reinsingsoffer for huset taka tvo fuglar og noko sedertre og karmosinraud ull og isop.
50 Den eine fuglen skal han slakta yver eit leirfat som er fyllt med kjelde- eller bekkevatn,
51 og so skal han taka sedertreet og isopen og den karmosinraude ulli og den levande fuglen og duppa det i blodet av den fuglen som er slakta, og i kjeldevatnet og skvetta på huset sju gonger.
52 Når han hev reinsa huset for synd med fugleblodet og kjeldevatnet og den levande fuglen og sedertreet og isopen og den karmosinraude ulli,
53 so skal han sleppa den levande fuglen ut or byen og lata han fljuga. Soleis skal han gjera soning for huset, so det vert reint.
54 So er fyresegnene um allslags spillsykja og um skurv
55 og um spillsykja på klæde og hus
56 og um notror og utbrot og ljose flekker på hudi,
57 so de kann vita når noko er ureint, og når det er reint, Dette er lovi um spillsykja.