«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Tredje Mosebok 11

1  Og Herren tala til Moses og Aron og sa til dei:

2  Tala til Israels-borni og seg: Høyr no kva det er for nokre de må eta av alle dei firføtte dyri som lever på jordi:

3  Alle firføtte dyr som hev klauver og jortar, dei kann de eta.

4  Det er berre desse de ikkje må eta av dei som jortar og av dei som hev klauver: kamelen, for han jortar, men hev ikkje klauver; han skal vera urein for dykk,

5  og bergtassen, for han jortar, men hev ingi klauver; han skal vera urein for dykk,

6  og haren, for um han jortar, so hev han ikkje klauver han heller; han skal vera urein for dykk,

7  og svinet, for det hev klauver, men det jortar ikkje; det skal vera ureint for dykk.

8  Kjøtet deira må de ikkje eta, og er dei daude, so må de ikkje røyva dei; dei skal vera ureine for dykk.

9  Høyr so kva de må eta av det som er i vatnet: Alt som er i vatnet - i havet og elvane - og hev uggar og reist, kann de eta.

10  Men slikt som ikkje hev uggar og reist av alt det som finst i hav eller elvar, av alt det som yrer i vatnet, alle kvikjende som held til der, det skal vera ein styggedom for dykk.

11  Ein styggedom skal dei vera for dykk; kjøtet deira må de ikkje eta, og er dei daude, so skal de styggjast ved kroppane deira.

12  Alt i vatnet som ikkje hev uggar og reist, skal vera ein styggedom for dykk.

13  Høyr no og kva det er for fuglar de skal hava stygg til og ikkje må eta, av di dei er ein styggedom: Ørnen og sjøørnen og fiskeørnen

14  og glenta og heile falkeætti

15  og alle fuglar av ramneætti

16  og strussen og gauken og måsen og alle haukeslag

17  og kattula og kavfuglen og stunulven

18  og kveldknarren og pelikanen og gribben

19  og storken, og hegren med alle andre fuglar av same ætti, og herfuglen og skinnvengja.

20  Alt krek som hev venger og krabbar på marki, skal vera ein styggedom for dykk.

21  Av alt sovore krek må de ikkje eta anna enn det som ovanfor bakføtene hev legger til å hoppa på marki med.

22  Av det kann de eta dei slagi som dei kallar arbe og solam og hargol og hagab*.

23  Men alt anna krek som hev venger og krabbar på marki, skal vera ein styggedom for dykk.

24  No skal eg segja dykk kva det er for dyr de vert ureine av - den som kjem nær kroppen deira etter dei er daude, skal vera urein alt til kvelds,

25  og den som hev bore på slik ein daud kropp, lyt två klædi sine og vera urein alt til kvelds -:

26  Alle firføtte dyr som hev høver og ikkje klauver, og som ikkje jortar, skal vera ureine for dykk; den som kjem nær dei, vert urein.

27  Og alle firføtte dyr som gjeng på labbar, skal vera ureine for dykk; den som kjem nær dei når dei er daude, skal vera urein alt til kvelds,

28  og den som hev bore på slikt eit daudt dyr, lyt två klædi sine og vera urein alt til kvelds. Ureine skal dei vera for dykk.

29  Av alle smådyr som røyver seg på jordi, er det desse som skal vera dei ureinaste for dykk: moldvarpen og musi og alle fjorføtleslag,

30  og bustyvelen og vonden og padda og snigelen og kameleonen*.

31  Dei skal de halda for dei ureinaste av alle smådyr; den som kjem nær dei når dei er daude, skal vera urein alt til kvelds.

32  Og alt det som slike dyr dett ned på når dei daudar, vert ureint, både trekoppar og klæde og skinn og sekker og kva det elles er som vert nytta i huset; det skal leggjast i vatn og vera ureint alt til kvelds; sidan er det reint.

33  Dett eit av dyri ned i ein leirkopp, so vert alt det som er i koppen ureint, og koppen sjølv skal slåast sund.

34  All mat som folk et, og som vert tillaga med vatn, og alt drikka som folk drikk, vert ureint, kva kjerald det er i.

35  Alt det som slik ein daud kropp dett ned i, vert ureint; anten det er omn eller gryta, so skal dei brjotast sund; dei er ureine og skal vera ureine for dykk.

36  Berre kjeldor og brunnar som det renn vatn åt, skal vera like reine; men den som kjem nær den daude kroppen som ligg der, vert urein.

37  Dett dyret ned i korn som skal vera til såfrø, so er kornet like reint,

38  men hev dei havt vatn på det, og det so dett slikt eit daudt dyr ned i, so skal kornet vera ureint for dykk.

39  Daudar noko av dei firføtte dyri som skal vera til føda for dykk, so skal den som kjem nær skrotten deira, vera urein alt til kvelds,

40  den som hev ete av kjøtet deira, lyt två klædi sine og vera urein alt til kvelds, og den som hev bore på den daude skrotten, lyt og två klædi sine og vera urein alt til kvelds.

41  Alt kreket som krelar på marki, skal vera ein styggedom og må ikkje etast.

42  Korkje det som skrid på buken, eller det som gjeng på fire eller fleire føter, må de eta; det skal vera ein styggedom.

43  Gjer dykk ikkje sjølve til eit stygge med noko av det krelande kreket, og sulka dykk ikkje med det, so de vert ureine!

44  For eg er Herren dykkar Gud, og de skal helga dykk og vera heilage; for eg er heilag; de skal ikkje gjera dykk sjølve ureine med noko av det kreket som krabbar på marki.

45  For eg er Herren, som førde dykk ut or Egyptar-landet og vil vera dykkar Gud, og de skal vera heilage; for eg er heilag.

46  Dette er lovi um dei firføtte dyri og fuglane og alt det levande som leikar i vatnet, og alle dei kvikjende som yrer på jordi,

47  so de kann skilja det reine frå det ureine, og dei dyri som kann etast, frå det som ikkje må etast.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23