«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Tredje Mosebok 10

1  Men tvo av Arons-sønene, Nadab og Abihu, tok kvar sitt glodfat og hadde glør i og la røykjelse på glørne og bar framand eld fram for Herrens åsyn, som han ikkje hadde gjeve dei påbod um.

2  Då for det eld ut frå Herren åsyn og tynte dei, og dei døydde for Herrens åsyn.

3  Og Moses sa til Aron: Dette var det Herren meinte då han sa: På dei som stend meg nær, vil eg syna min heilagdom, og for augo at alt folket skal eg lata min herlegdom lysa fram. Og Aron tagde.

4  Men Moses ropa på Misael og Elsafan, sønene hans Ussiel, som var farbror åt Aron, og sa til dei: Kom hit og ber brørne dykkar burt frå heilagdomen og ut or lægret!

5  So kom dei og gjorde som Moses sa, og bar dei ut or lægret i kjolane deira.

6  Og Moses sa til Aron og til Eleasar og Itamar, sønene hans: De skal ikkje raka dykk på hovudet og ikkje riva sund klædi dykkar; for då kjem de til å missa livet, og han* vert vreid på heile lyden. Men brørne dykkar, heile Israels-ætti, må gråta yver den elden som Herren hev sendt.

7  Og frå møtetjelddøri må de ikkje ganga burt, so sant de ikkje vil missa livet; for Herrens salvingsolje er på dykk. Og dei gjorde som Moses sa.

8  Og Herren tala til Aron og sa:

9  Vin eller nokon sterk drykk må du og sønene dine ikkje drikka når de gjeng inn i møtetjeldet; for då kjem de til å missa livet. Det skal vera ei æveleg lov for dykk, ætt etter ætt,

10  so de kann skilja millom heilagt og vanheilagt, millom ureint og reint,

11  og læra Israels-borni alle dei lovene som Herren hev late Moses kunngjera for dei.

12  Sidan sa Moses til Aron og til Eleasar og Itamar, dei av sønene hans som var i live: Tak det matofferet som er att av Herrens eldoffer, og et det usyrt frammed altaret; for det er høgheilagt.

13  De skal eta det på ein heilag stad; det er det som du og sønene dine hev rett til av Herrens eldoffer; for so hev Herren sagt meg fyre.

14  Og svinge bringa og lyftelåret skal de og eta på ein rein stad, du og sønene og døtterne dine med deg; for det er den luten som er gjeven deg og borni dine av takkofferi frå Israels-borni.

15  Både lyftelåret og svingebringa skal dei bera fram i hop med eldofferfeittet og svinga det att og fram for Herrens åsyn; sidan skal det høyra deg og borni dine til og vera retten dykkar æveleg og alltid, soleis som Herren hev sagt.

16  Då Moses spurde etter syndofferbukken, fekk han vita at han var uppbrend. Då vart han harm på Eleasar og Itamar, dei som var att av sønene hans Aron, og han sa:

17  Kvi hev de ikkje ete syndofferet på den heilage staden? De veit då det er høgheilagt, og han hev gjeve dykk det på den måten at de skal taka burt syndeskuldi frå lyden og gjera soning for dei for Herrens åsyn.

18  Blodet vart ikkje bore innar i heilagdomen; difor skulde de ha ete offerkjøtet på den heilage staden, soleis som eg hev sagt.

19  Då svara Aron: Du veit at dei i dag hev bore fram syndofferet og brennofferet sitt for Herrens åsyn, og endå hev slik ei ulukka* hendt meg. Um eg no hadde ete syndoffer i dag, trur du då Herren hadde tykt vel um det?

20  Då Moses høyrde det, tykte han det var rett.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23