«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Klagesangene 1

1  Kor einsleg ho sit, den folkerike byen! Ho hev vorte som ei enkja; ho den store millom folki, fyrstinna i landi er trælkvinna vorti!

2  Ho græt so sort um natti, og hennar tåror trillar på kinn; ho hev ingen trøystar millom alle sine elskarar; alle hennar vener hev svike henne, dei hev vorte hennar fiendar.

3  I utlægd laut Juda fara, etter trengsla og mykje møda; hu bur millom folki og finn ikkje ro; alle hennar fiendar hev nått henne att på trong-stigane.

4  Vegane til Sion syrgjer av di ingen kjem til høgtidene; alle hennar portar er aude, hennar prestar sukkar, hennar ungmøyar er sorgtyngde, og sjølv ber ho ein trege so beisk.

5  Hennar uvener hev vorte hennar herrar, hennar fiendar er trygge; for Herren hev lagt sorg på henne for hennar mange synder skuld; småborni hennar hev fienden fanga og ført burt.

6  Frå Sions dotter kvarv all hennar pryda; hennar hovdingar vart som hjortar som ikkje finn beite, og maktstolne gjekk dei der framfor forfylgjaren.

7  I sin vesaldoms tid, medan ho er heimlaus, kjem Jerusalem i hug alt det herlege ho hadde i forne dagar; då hennar folk fall for fiendehand, og ingen hjelpte henne, då såg fiendane henne, dei gjønte med det ho hadde mist.

8  Storleg hev Jerusalem synda, difor hev ho vorte eit stygge; alle dei som æra henne, vanvyrder henne, for dei såg hennar skam; ho sjølv sukka og snudde seg burt.

9  Hennar kjolesnippar var sulka av ureinska hennar; ho tenkte ikkje på endelykti; då fall ho på underleg vis, ingen trøysta henne. Herre, sjå min armodsdom! Fienden gjer seg stor.

10  Fienden rette handi ut etter alle hennar eigneluter; for ho såg heidningar koma inn i hennar heilagdom, dei som du forbaud å koma i din lyd.

11  Alt hennar folk sukkar medan dei freistar å finna seg brød; dei gjev sine eigneluter burt for mat, so dei kann livberga seg. Sjå, Herre, sjå kor vanvyrd eg er vorti!

12  Gjeng det dykk ikkje til hjarta, alle de som fer framum på vegen? Skoda etter og sjå um det finst ei liding so tung som den eg hev fenge røynt, den som Herren harma meg med på sin brennande vreide-dag.

13  Frå høgdi sende han eld i mine bein og let han råda; han breidde ut garn for mine føter, han støytte meg undan, han gjorde meg aud, sjuk all dagen.

14  Mine synder hev hans hand knytt i hop til eit åk; samantvinna er dei lagde på min nakke; han hev teke makti frå meg. Herren hev gjeve meg i hendene på dei som eg ikkje kann standa meg for.

15  Herren vanda alle kjempone som fanst hjå meg, han kalla i hop ei samling mot meg, vilde krasa sveinane mine. Herren trødde vinpersa for møyi, Judas dotter.

16  Yver dette græt eg, mitt auga, mitt auga let tårone renna; for langt burte frå meg er trøystaren som kunde kveikja mi sjel; mine born er tynte, for fienden vart den sterkaste.

17  Sion retter ut sine hender, ingen trøystar hev ho; Herren hev bode ut imot Jakob hans fiendar rundt ikring; Jerusalem hev vorte ein styggedom hjå dei.

18  Herren er rettferdig, for eg var ulydig mot hans bod. Høyr no, alle folk, og sjå mi liding! Mine møyar og sveinar er fanga og førde burt.

19  Eg ropa på elskarane mine; dei sveik meg. Mine prestar og styresmenner let livet i byen medan dei leita etter mat til å berga livet med.

20  Sjå, Herre, eg er i trengsla! Det syd inni bringa og barm, mitt hjarta snur seg i mitt brjost; for eg hev vore trassig; ute hev sverdet gjort meg barnlaus, inne er det som dauden.

21  Dei høyrde kor eg sukka, det var ingen som trøysta meg; alle mine fiendar høyrde um mi ulukka, dei gledde seg av di du hev gjort det. Men du lét koma ein dag som du hev forkynt, og då skal dei verta som eg.

22  Lat all deira vondskap koma for di åsyn, og gjer med dei som du hev gjort med meg for alle mine synder skuld! For mine sukkar er mange, og hjarta mitt er sjukt.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23