«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Dommernes bok 8

1  Efra'ims-mennene sa til Gideon: Korleis er det du hev fare åt imot oss? Kvifor sende du ikkje bod etter oss då du tok ut i striden mot midianitane? Og dei tok kvast på han.

2  Då sa han til dei: Kva hev eg gjort no som kann liknast med det de hev gjort? Var ikkje etterrakstren åt Efra'im betre enn avlingi åt Abieser?

3  I dykkar hender gav Gud midianitar-hovdingane Oreb og Se'eb! Og kva hev eg vunnest gjort, so eg kunde mæla meg med dykk? Då han tala so, logna dei og var ikkje vonde på han lenger.

4  Gideon kom til Jordan og for yver, han og dei tri hundrad mann som var med han, og dei var trøytte, so hardt som dei hadde elt fienden.

5  Då sa han til Sukkot-mennene: Kjære, gjev folki som fylgjer meg, nokre matbetar! Dei er trøytte, og eg elter Sebah og Salmunna, Midians-kongane.

6  Men hovdingane i Sukkot sa: Hev du alt fenge kloi i Sebah og Salmunna, sidan me skal gjeva heren din mat?

7  Då sa Gideon: Godt, når Herren hev gjeve Sebah og Salmunna i hendene mine, so skal eg treskja kroppane dykkar med villtornar og tistlar.

8  So for han upp til Pnuel og tala like eins der. Og Pnuels-mennene svara han på same vis som Sukkot-buane hadde svara.

9  Då sa han til dei og: Når eg kjem vel heim att, so skal eg riva ned dette tårnet.

10  Sebah og Salmunna låg i Karkor med herane sine, um lag femtan tusund mann; det var alt som var att av heile austmannheren, og hundrad og tjuge tusund våpnføre menner var falne.

11  Og Gideon for uppetter driftevegen austanfor Nobah og Jogbea og kom yver fiendeheren medan dei låg ottelause i lægret.

12  Sebah og Salmunna rømde, men han sette etter dei; han tok båe Midians-kongane, Sebah og Salmunna, og støkte heile heren ifrå einannan.

13  Då Gideon Joasson var komen til Heresskardet, vende han heim att frå striden.

14  Han fekk tak i ein gut som høyrde heime i Sukkot, og spurde han ut; og guten skreiv upp for han hovdingane og styresmennene i Sukkot, sju og sytti mann.

15  Då han so kom til Sukkot-buane, sa han: Sjå her er Sebah og Salmunna, dei som de spotta meg med då de sa: Hev du alt fenge kloi i Sebah og Salmunna, sidan me skal gjeva mat til dei trøytte mennene dine?

16  So greip han styresmennene i byen, og han tok villtornar og tistlar og tukta med dei Sukkot-buane.

17  Pnuel-borgi reiv han ned, og slo i hel mennene i byen.

18  Sidan sa han til Sebah og Salmunna: Korleis såg dei ut, dei mennene som de slo i hel på Tabor? Dei svara: Dei var like eins som du; kvar var som ein kongsson på skapnad.

19  Han sa: Då var det brørne mine, sønene åt mi eigi mor. So sant Herren lever: Hadde de spart livet deira, skulde eg ikkje ha drepe dykk.

20  So sa han til Jeter, eldste son sin: Gakk fram og slå dei i hel! Men guten drog ikkje sverdet sitt. Han torde ikkje; han var endå berre ein gut.

21  Då sa Sebah og Salmunna: Kom du og hogg oss ned! For som mannen er, so er styrken hans. So gjekk Gideon fram og slo Sebah og Salmunna i hel, og tok halvmånane som kamelane deira hadde kring halsen.

22  Og Israels-mennene sa til Gideon: Du skal vera kongen vår, både du og son din og soneson din; for du hev berga oss frå midianitane!

23  Men Gideon svara: Ikkje vil eg vera kongen dykkar, og ikkje skal son min vera det; Herren skal vera kongen dykkar.

24  Sidan sa Gideon til dei: Eg vil beda dykk um ein ting: at de alle vil gjeva meg dei ringane de hev vunne i krigen! For Midians-mennene gjekk med gullringar; dei var ismaelitar.

25  Dei svara: Det skal du då visst få. So breidde dei ut ei kåpa, og på den kasta alle mann dei ringane dei hadde vunne i krigen.

26  Då dei so vog gullringane som han hadde bede um, so var det eit tusund og sju hundrad sekel gull, umfram halvmånane og øyredobbone og purpurklædi som midianitarkongane hadde havt på seg, og umfram lekkjone som kamelane deira hadde bore kring halsen.

27  Av gullet gjorde Gideon ein messehakel. Den sette han upp i Ofra, heimbygdi si; der dyrka heile Israel han* som ein avgud, Og han vart til ei snara for Gideon og hans hus.

28  Soleis laut midianitane bøygja seg under Israels-borni og vann ikkje reisa hovudet meir, og sidan hadde landet ro i fyrti år, so lenge som Gideon levde.

29  So for Jerubba'al Joasson heim att til garden sin og vart buande der.

30  Gideon hadde sytti søner som var hans eigne born; for han hadde mange konor.

31  Med fylgjekona si i Sikem fekk han og ein son og kalla han Abimelek.

32  Gideon Joasson døydde i høg alder og vart nedsett i gravstaden åt Joas, far sin, i Ofra, bygdi åt Abieser-ætti.

33  Då Gideon var burte, tok Israels-borni atter til å halda seg med Ba'alane og gjorde Ba'al-Berit til guden sin.

34  Israels-borni kom ikkje i hug Herren sin Gud, som hadde berga dei frå alle fiendar rundt ikring,

35  og dei gjorde ikkje vel mot Jerubba'als, Gideons, ætt for alt det gode han hadde gjort Israel.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23