Dommernes bok 7
1 Jerubba'al - det er den same som Gideon - og alt folket som var med han, tok ut tidleg um morgonen og lægra seg ved Harodkjelda, og Midians-heren låg nordanfor, frå More-haugen og ned i dalen.
2 Då sa Herren til Gideon: Du hev for mykje folk med deg! Eg vil ikkje gjeva midianitane i hendene på so mange; elles kunde Israel kyta for meg og segja: Det er mi eigi hand som hev berga meg!
3 Ropa no ut for folket: Den som er redd og fælen, kann snu og fara heim att frå Gilead-fjellet! Då var det tvo og tjuge tusund mann som snudde heim, og ti tusund vart att.
4 Men Herren sa til Gideon: Du hev endå for mykje folk! Lat dei ganga ned til kjelda, so skal eg røyna dei for deg der, og dei som eg segjer skal vera med deg, dei skal du taka med, men alle dei som eg segjer ikkje skal vera med deg, dei skal du ikkje hava med.
5 So let han folket ganga ned til, kjelda, og Herren sa til han: Alle dei som lepjar vatnet i seg med tunga liksom hunden, skal du setja for seg, og sameleis alle dei som legg seg på kne og drikk.
6 Dei som då førde vatnet til munnen med handi og lepja, var tri hundrad i talet. Alt hitt folket la seg på kne og drakk av vatnet.
7 Og Herren sa til Gideon: Med dei tri hundrad mann som lepja, vil eg berga dykk og gjeva midianitane i hendene dine; Alt hitt folket kann ganga heim att.
8 So tok dei til seg ferdakosten åt folket og lurane deira, og Gideon let alle Israels-menner fara heim, so nær som dei tri hundrad; dei hadde han att hjå seg. Midians-lægret låg lenger nede i dalen.
9 Og då det vart natt, sa Herren til han: Gjer deg reidug og tak på lægret der nede! Eg gjev det i hendene dine!
10 Er du redd, so gakk fyrst ned med Pura, sveinen din!
11 Då fær du høyra kva dei talar um, og sidan kjem du til å kjenna deg so sterk at du torer taka på lægret. So gjekk han og Pura, sveinen hans, ned til forpostane i lægret.
12 Og midianitane og amalekitane og alle austmennene låg i dalen so tett som grashoppar, og det var ikkje tal på kamelane deira; dei var som sand på havsens strand.
13 Med det same Gideon kom, var der ein som fortalde felagen sin ein draum og sa: No skal du høyra kva eg hev drøymt: Eg tykte eg såg ei byggkaka kom trillande inn i Midians-lægret, og då ho kom til tjeldet, skuva ho til det, so det rulla i koll, og der låg det.
14 Då svara hin: Dette er ikkje noko anna enn sverdet åt Gideon Joasson, israeliten; Gud hev gjeve midianitane og heile lægret i hendene hans.
15 Då Gideon høyrde draumen og uttydingi, la han seg på kne og takka Gud. Han gjekk attende til Israels-lægret og sa: Ris upp! Herren hev gjeve Midians-lægret i hendene dykkar!
16 So skifte han dei tri hundrad mann i tri flokkar og gav dei alle lurar og tome krukkor i hendene; men inni krukkone var det faklar.
17 Og han sa til dei: Sjå etter korleis eg fer åt, og far de like eins! So snart de ser eg er komen til utkanten av lægret, skal de gjera som eg gjer!
18 Når eg blæs i luren, eg og alle dei som er med meg, so skal de og blåsa i lurane dykkar rundt ikring heile lægret og ropa: For Herren og for Gideon!
19 Gideon og hundrad mann som var med han, kom til utkanten av lægret fyrstundes i midnattsvakti; det var so vidt midianitane hadde sett ut vaktpostane. Då bles dei i lurane og slo sund krukkone som dei hadde i handi;
20 og alle tri flokkane bles i lurane og slo sund krukkone; med vinstre handi greip dei ikring faklane, og i høgre handi heldt dei lurane og bles i dei og ropa: Drag sverdet for Herren og for Gideon!
21 alt medan dei vart standande kvar på sin stad rundt ikring lægret. Då tok alt som i lægret var, til å renna att og fram og hua og røma,
22 og Herren laga det so at då dei høyrde ljomen av dei tri hundrad lurane, vende dei sverdi sine mot kvarandre. So gjekk det i heile lægret. Og heren rømde til Bet-Hasitta burtimot Serera, til Abel-Meholastrandi framum Tabbat.
23 Men Israels-mennene av Naftali og Aser og heile Manasse, vart utbodne og sette etter midianitane.
24 Og yver heile Efra'ims-fjellet sende Gideon folk som ropa ut: Far ned og møt midianitane og steng dei av frå elvane alt burt til Bet-Bara og Jordan! Då vart alle Efra'ims-mennene utbodne og stengde vegen til elvane alt burt til Bet-Bara.
25 Dei tok tvo av Midians-hovdingane, Oreb og Se'eb, og drap Oreb på Orebsberget, og Se'eb ved Se'ebs-persa. Sidan sette dei etter midianitane og kom med hovudi av Oreb og Se'eb til Gideon på hi sida Jordan.