«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Dommernes bok 5

1  Den gongen song Debora og Barak Abinoamsson dette kvadet:

2  Lova Herren, for di fyrstane i Israel gjekk fyrst i striden, for di folket viljugt møtte fram!

3  Høyr, kongar! Hovdingar, gjev gaum! Eg - eg vil syngja um Herren, eg vil lovsyngja Herren, Israels Gud.

4  Herre, då du gjekk ut frå Se'ir, då du skreid fram frå Edomsheidi, då ristest jordi, himmelen draup, det strøymde vatn frå skyene.

5  Fjelli skalv for Herrens åsyn, sjå Sinai-fjellet der, det skalv for åsyni åt Herren, Israels Gud.

6  I Samgars, Anats-sonens, dagar, i Jaels dagar var vegane aude, ferdamennene laut fara på krokute stigar.

7  Då fanst det ingen førar i Israel, alt til eg, Debora, stod fram, til eg stod fram, ei mor i Israel.

8  Dei valde seg nye gudar; då stod det strid i portane; ein såg ikkje skjold og ikkje spjot hjå fyrti tusund hermenn i Israel.

9  Min hug er hjå hovdingane i Israel og hjå dei av folket som viljugt møtte fram. Prisa Herren!

10  Syng, de som rid på kvite asnor, de som sit på dykkar dyre teppe, og de som vandrar etter vegen!

11  Bogeskyttarane sit og kved attmed brunnane; der prisar dei Herrens rettvise verk, at han førde Israel so rettvist. Då steig Herrens folk ned til portane.

12  Vakna upp, vakna upp, Debora, vakna upp, vakna upp, røysta i og kved! Statt upp, Barak, før fangane burt, du son åt Abinoam!

13  Då vart det sagt: Stig ned, du vesle flokk, stig ned til kjempone, du folk! Herre, stig ned og strid for meg millom kjempone!

14  Av Efra'im steig dei ned, dei som hev si rot på Amaleks fjell; etter deg kom Benjamin i fylgje med dine folk; av Makir steig hovdingar ned, og av Sebulon dei som gjekk fram med førarstav i hand,

15  og fyrstar av Issakar i fylgje med Debora, og som Issakar, so gjorde Barak; i hans fotfar fer dei ned i dalen. Ved Rubens-bekkene heldt dei store rådleggjingar.

16  Kvi vart du sitjande i ro millom kviene, og høyrde hjuringfløytor let? Ved Rubens-bekkene heldt dei store rådleggjingar.

17  Gilead - på hi sida Jordan gav han seg i ro, og Dan - kvi drygde han attmed skipi? Aser vart sitjande utmed sjøstrandi, innmed vikane sine heldt han seg i ro.

18  Sebulon er eit folk som lite vyrder livet sitt, og like eins Naftali på sine fjell.

19  Kongar kom og stridde, ja då stridde Kana'ans-kongane ved Tana'ak, ved Megiddo-vatnet; sylv fekk dei ikkje til herfang.

20  Frå himmelen stridde dei, stjernone frå sine skeid, dei stridde mot Sisera.

21  Kisonbekken tok dei, den eldgamle bekken, Kisonbekken. Skrid fram, mi sjel, med kraft!

22  Hardt slo hestehovane i marki medan kjempone køyrde, køyrde av stad i tanande sprang.

23  Banna Meros, sa Herrens engel, banna, banna dei som bur der, av di dei ikkje kom Herren til hjelp, Herren til hjelp millom kjempone.

24  Velsigna framum andre kvinnor vere Jael, kona åt Heber, keniten! Velsigna vere ho framum alle kvinnor som bur i tjeldbuer!

25  Vatn bad han um, mjølk gav ho han; i briki skål baud ho han fløyte.

26  Med vinstre handi triv ho naglen, med høgre smidjehamaren; so slær ho Sisera med den, og hovudet hans krasar ho, tunnvangen hans slær ho i knas, driv naglen tvert igjenom han.

27  For hennar føter seig han ned, fram stupte han, so låg han der; for hennar føter seig han ned; der han seig ned, der låg han felt.

28  Gjenom vindauga ser ho, mor åt Sisera, og ropar ut gjenom grindi: Kva ventar vogni hans etter? Kvi drygjer tråvarane hans?

29  Dei klokaste fruone hennar svarar, og sjølv gjev ho seg svar på sine ord:

30  Visst finn dei herfang og skifter: Ei kvinna, tvo kvinnor til manns, farga klæde åt Sisera, farga og krota klæde, ein farga kjole, tvo krota halsdukar for kvar ei herteki kvinna!

31  Gjev, Herre, at alle dine fiendar må lata livet sitt soleis, og at alle som elskar han, må vera som soli når ho stig upp i sitt velde! - Sidan hadde landet fred i fyrti år.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23