«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Dommernes bok 20

1  Då tok alle Israels-borni ut, og heile lyden frå Dan til Be'erseba og frå Gilead-landet, samla seg alle som ein mann framfor Herren i Mispa.

2  Og dei gjævaste av heile folket, av alle Israels-ætter, steig fram der Guds-folk heldt møte, fire hundrad tusund mann til fots, væpna med sverd.

3  Men Benjamins-borni fekk spurt at Israels-borni var farne upp til Mispa. Då sa Israels-borni: Seg frå korleis det hev gjenge til med denne ugjerningi!

4  Og leviten, mannen åt den kona som var drept, tok til ords og sa: Eg og fylgjekona mi kom til Gibea i Benjamin og vilde få hus der med natti.

5  Men Gibea-mennene baud vondt og kringsette um natti huset eg var i; meg tenkte dei å drepa, og fylgjekona mi valdtok dei, so ho døydde.

6  Då tok eg fylgjekona mi og lema henne sund og sende lutene kring i heile Israels land og rike; for dei hadde gjort eit illverk og ei ugjerning i Israel.

7  No er de samla her, alle Israels-menner; kom no fram med dykkar meining og råd!

8  Då reiste folket seg, alle som ein mann, og sa: Ingen av oss skal draga burt til sitt tjeld og ingen fara heim til sitt hus!

9  Og so vil me gjera med Gibea: Byen skal under lutkast*!

10  No tek me ut ti mann for kvart hundrad av alle Israels ætter og hundrad for kvart tusund, og tusund for kvart titusund; dei skal henta mat til hermennene, so dei, når dei kjem til Gibea i Benjamin, kann gjeva folket der lika for den store ugjerningi dei hev gjort i Israel.

11  So samla dei seg, alle Israels menner, og drog imot byen, sameinte som ein mann.

12  Og Israels-ættene sende bod kring til alle ættgreiner i Benjamin og sa: Kva er dette for ei ugjerning som er gjord hjå dykk?

13  Send ut til oss dei gudlause mennene i Gibea, so me kann slå dei i hel og rydja det vonde ut or Israel! Men Benjamins-borni vilde ikkje høyra på Israels-borni, brørne sine.

14  Dei kom i hop til Gibea frå alle byane sine og vilde draga i strid mot Israels-borni.

15  Den dagen vart folket i Benjamins-byane mynstra; det var seks og tjuge tusund våpnføre mann, umfram Gibea-buane; dei vart mynstra for seg og var sju hundrad i talet, alle saman utvalde hermenner.

16  Millom alt det folket fanst det sju hundrad utvalde hermenner som var keivhendte; alle desse høvde på eit hår med slyngjesteinen; ingen kasta i mist.

17  Benjamin frårekna mynstra Israels-sønene fire hundrad tusund våpnføre mann, som alle var herfolk.

18  Dei gjorde seg reiduge og gjekk upp til Betel og spurde Gud: Kven av oss skal taka fyrst ut i striden mot Benjamins-borni? Herren svara: Juda skal fyrst.

19  Um morgonen braut Israels-borni upp og lægra seg midt imot Gibea.

20  So gjekk dei fram til strid mot Benjamin og fylkte heren sin imot dei burtåt Gibea.

21  Då braut Benjamins-borni fram frå Gibea og la den dagen tvo og tjuge tusund Israels-menner i marki.

22  Men folket, Israels-mennene, herde seg til og fylkte seg atter på same staden som dei hadde fylkt seg fyrste gongen -

23  Israels-borni gjekk upp og gret for Herrens åsyn heilt til kvelds, og dei spurde Herren: Skal eg ganga fram att og strida mot Benjamin, bror min? Og Herren svara: Far imot han! -

24  Då no Israels-borni gjekk fram imot Benjamins-borni dagen etter

25  for Benjamin andre gongen ut imot dei frå Gibea og la endå attan tusund israelitar i marki, alle saman våpnføre menner.

26  Då gjekk alle Israels-borni, heile folket, upp til Betel; der sat dei gråtande for Herrens åsyn og fasta heile den dagen, alt til kvelds; og dei ofra brennoffer og takkoffer for Herrens åsyn

27  Og spurde Herren - for den gongen stod Guds paktkista der,

28  og Pinehas, son åt Eleasar og soneson åt Aron, gjorde den tid tenesta for hans åsyn. - Israels-borni spurde: Skal eg endå ein gong draga ut i striden mot Benjamin, bror min, eller skal eg lata vera? Og Herren svara: Drag ut! I morgon vil eg gjeva han i hendene dykkar.

29  Då la Israel folk i løynlege rundt ikring Gibea,

30  og so for dei tridje gongen mot Benjamins-borni og fylkte seg burtåt Gibea liksom dei fyrre gongene.

31  Benjamins-borni for ut imot dei og vart dregne burt ifrå byen; og liksom dei fyrre gongene felte dei i fyrstningi nokre av folket på ålmannvegane som ber uppetter, den eine til Betel og den andre yver marki til Gibea; det var um lag tretti Israels-menner dei fekk felt.

32  Då sa Benjamins-borni: Dei ryk for oss no som fyrr! Men Israels-borni sa: Lat oss røma, so me fær drege dei burt frå byen og ut på ålmannvegane!

33  So tok alle Israels-mennene ut frå stødet sitt og fylkte seg i Ba'al-Tamar, medan dei som låg i løynlega, braut fram frå sitt støde på Gebasletta.

34  Og ti tusund utvalde stridsmenner av heile Israel gjekk beint mot Gibea. Då vart det ein hard strid; men Benjamins-borni visste ikkje at ulukka var tett innpå dei.

35  Og Herren laga det so at Benjamin rauk for Israel; Israels-borni felte den dagen fem og tjuge tusund og eitt hundrad mann av Benjamins-ætti; alle desse var våpnføre.

36  Benjamins-borni trudde fyrst at Israels-mennene var slegne; for dei drog seg undan for Benjamin, men det var berre av di dei leit på umsåti dei hadde sett mot Gibea.

37  Og no brårende umsåtmennene fram mot Gibea og trengde seg inn og øydde heile byen med odd og egg.

38  Israels-mennene hadde gjort den avtalen med umsåtmennene at dei skulde lata ein tett røyk stiga upp ifrå byen.

39  Då no Israels-mennene snudde ryggen til i striden, og benjaminitane i fyrstningi felte nokre av dei - um lag tretti mann - og sa: Dei ryk for oss, som i den fyrste ota!

40  då tok røyken til å stiga upp frå byen som ein stor stopul, og då benjaminitane såg attum seg, fekk dei sjå at heile byen stod i ein loge, som slo upp mot himmelen.

41  I det same snudde Israels-mennene um. Då vart Benjamins-mennene forfærde; for dei såg at ulukka var tett innpå dei.

42  Dei vende seg og tok vegen til øydemarki for å koma undan Israels-mennene; men striden fylgde dei fot og fet, og jamvel midt i byane vart dei nedhogne, dei som åtte heime der.

43  Israels-mennene ringa Benjamin inne, elte han og trakka han ned der han kvilde, alt til dei var beint i aust for Gibea.

44  Og det fall attan tusund mann av Benjamins-ætti; alle desse var djerve stridsmenner.

45  So snudde dei um og rømde til øydemarki burtimot Rimmons-høgdi. Og Israels-mennene felte på ålmannvegane endå fem tusund mann; Sidan sette dei etter dei til Gideon og felte tvo tusund til.

46  I alt var det fem og tjuge tusund våpnføre mann av Benjamins-ætti som fall den dagen; alle desse var djerve stridsmenner.

47  Då snudde dei um og rømde ut i øydemarki, til Rimmons-høgdi, seks hundrad mann, og dei vart verande på Rimmons-høgdi i fire månader.

48  Men Israels-mennene for attende til Benjamins-landet og øydde det med odd og egg; både byen med sine folk og bufeet og alt det dei fann, og alle byane som fanst der, sette dei eld på.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23