Dommernes bok 2
1 Herrens engel kom frå Gilgal upp til Bokim og sa: Eg henta dykk upp frå Egyptar-land og førde dykk til det landet eg lova federne dykkar, og eg sa: Aldri i verdi skal eg brjota mi pakt med dykk,
2 og de skal ikkje gjera samband med dei som bur her i landet; de skal riva ned altari deira. Men de høyrde ikkje på ordi mine. Kvi gjorde de ikkje det?
3 Eg sa og: Eg vil ikkje driva dei burt for dykk; dei skal verta til broddar i sidone dykkar, og gudane deira skal verta ei snara for dykk.
4 Soleis tala Herrens engel til alle Israels-borni. Då gret folket høgt;
5 Difor kalla dei den staden Bokim*. Der ofra dei til Herren.
6 Då Josva hadde bede farvel med folket, og Israels-borni var farne heim, kvar til sin odel, og skulde eigna til seg landet,
7 då tente folket Herren so lenge Josva var til, og so lenge dei gamle var til, som levde etter Josva og hadde set alle dei storverk Herren hadde gjort for Israel.
8 Men då Josva Nunsson, Herrens tenar, var slokna, hundrad og ti år gamal,
9 og dei hadde gravlagt han på hans eigen gard og grunn i Timnat-Heres i Efra'ims-fjelli, nordanfor Ga'as-fjellet,
10 og då heile den ætti var fari til federne sine, og det hadde vakse upp ei ny ætt, som ikkje kjende Herren og ikkje visste kva han hadde gjort for Israel,
11 då gjorde Israels-borni det som var Herrens imot, og dyrka Ba'alane*;
12 dei vende seg frå Herren, sin fedre-Gud, som hadde ført dei ut or Egyptar-landet, og heldt seg til andre gudar, gudane åt grannefolki, og tilbad dei og arga Herren;
13 dei vende seg frå Herren og dyrka Ba'al og Astarte-bileti.
14 Då vart Herren brennande harm på Israel og gav dei i hendene på røvarar, som herja dei; han slepte dei i hendene på uvenene deira rundt um, og dei kunde ikkje lenger standa seg mot fiendane.
15 Kvar dei for fram, var Herrens hand imot dei, so det gjekk dei ille, som Herren hadde sagt dei, og som Herren hadde svore, og dei kom i stor naud.
16 Då let Herren domarar standa fram, som berga dei frå røvarane.
17 Men dei lydde ikkje domarane sine heller og heldt seg med andre gudar og tilbad dei; dei tok snart ut av den vegen som federne deira hadde fylgt; for dei lydde Herrens bod, men so gjorde ikkje desse.
18 Og kvar gong Herren let ein domar standa fram millom dei, so var Herren med domaren og berga dei frå uvenene deira so lenge domaren levde; for Herren ynkast yver dei når dei sukka og stunde for di dei vart tvinga og trælka.
19 Men ikkje fyrr var domaren burte, fyrr dei fall ifrå att og for endå verre åt enn federne sine, heldt seg til andre gudar og dyrka dei og tilbad dei; dei la ikkje ned noko av det vonde dei hadde fyre seg, eller av si trassige framferd.
20 Då vart Herren harm på Israel, og han sa: For di dette folket hev brote den pakti eg gjorde med federne deira, og ikkje hev lydt mine ord,
21 so vil ikkje eg heller hjelpa dei meir og ikkje driva ut noko av dei folki som Josva let vera att då han døydde.
22 Med dei skulde Israel røynast um dei vilde halda seg etter Herrens vegar og ganga på dei, som federne deira gjorde, eller ikkje.
23 Soleis var det Herren let desse folki få vera og ikkje straks dreiv dei ut og ikkje gav dei i Josvas hender.