Dommernes bok 19
1 På denne tidi, den gongen då det ikkje fanst nokon konge i Israel, var det ein mann av Levi-ætti som heldt til lengst burte på Efra'ims-fjellet. Han fekk seg ei fylgjekone frå Betlehem i Juda-fylket.
2 Men kona var utru mot han og for ifrå han og heim til far sin, til Betlehem i Juda. Der var ho eit bel, fire månader på lag;
3 då for mannen hennar etter henne og vilde tala vel med henne og få henne til å koma att; og han hadde med seg drengen sin og eit par asen. Den unge kona leidde han inn i huset åt far sin, og då faren såg han, vart han glad og tok vel imot han.
4 Og verfar hans, far åt den unge kona, heldt på han, so han vart verande der i tri dagar, og dei åt og drakk, og var der um natti.
5 Tidleg den fjorde dagen gjorde mannen seg reidug og vilde fara i veg. Då sa far åt den unge kona til mågen sin: Få deg fyrst ein bete mat å kveikja deg på! Sidan kann de fara.
6 So sette dei seg ned båe tvo og åt og drakk saman, og far åt den unge kona sa til mannen: Kjære, gjer vel og ver til morgons og hygg deg her!
7 Og då mannen reiste seg og vilde taka ut, nøydde verfaren han so lenge til han gav seg og vart der um natti.
8 Morgonen etter - det var den femte dagen - var han tidleg uppe og vilde taka av stad. Då sa far åt den unge kona: Kjære, få deg fyrst noko å kveikja deg på, og bia so til det lid yver middag! So åt dei i hop, dei tvo.
9 Sidan ferda mannen seg til og vilde taka i vegen med fylgjekona si og drengen. Då sa verfar hans, far åt den unge kona: No lid det alt til kvelds! Kjære, bia til morgons! Sjå korleis dagen hallar! Ver her i natt og hygg deg her! I morgon kann de taka tidleg i vegen, so du kann koma heim att!
10 Men mannen vilde ikkje gjeva seg til der um natti. Han gjorde seg reidug og tok ut og for frametter til han kom midt for Jebus, det er det same som Jerusalem. Med seg hadde han eit par asen med kløv, og fylgjekona var med han.
11 Då dei var innmed Jebus, var dagen langt liden, og drengen sa til husbonden sin: Kom, lat oss taka inn i jebusitarbyen her og vera der med natti!
12 Husbonden svara: Nei, me vil ikkje taka inn i nokon by der det berre bur framande og ikkje israelitar; me vil halda fram til Gibea.
13 Kom, lat oss sjå til å nå ein av dei byane der burte og få hus i Gibea eller Rama! sa han til drengen sin.
14 So heldt dei lenger fram, og då soli gladde, var dei tett ved Gibea i Benjamins-fylket.
15 Der tok dei av vegen og gjekk inn i byen og vilde få hus um natti. Då han kom inn i byen, sette han seg på torget; for det var ingen som baud seg til å gjeva dei hus for natti.
16 Då kom det ut på kvelden ein gamal mann heim frå marki frå arbeidet sitt; han var frå Efra'ims-fjellet, men heldt til i Gibea. Hitt folket der var benjaminitar.
17 Då han såg upp, vart han var ferdamannen på torget og sa til han: Kvar etlar du deg av, og kvar kjem du ifrå?
18 Hin svara: Me kjem frå Betlehem i Juda og skal langt burt på Efra'ims-fjelli, der er eg ifrå. Eg hev vore til Betlehem i Juda og no er eg på vegen til Herrens hus*; men her er ingen som vil hysa meg.
19 Eg hev både halm og for til asni våre og brød og vin til meg og tenestkvinna di og drengen som tenarane din hev med seg; det vantar oss ingen ting.
20 Då sa den gamle mannen: Fred vere med deg! Lat berre meg syta for alt det du treng! Men på torget må du ikkje vera i natt.
21 So fylgde han den framande inn i huset sitt og blanda for åt asni hans, og då dei hadde tvege føtene sine, sette dei seg til bords.
22 Best dei sat og kosa seg, kom mennene i byen, gudlause folk som dei var, og kringsette huset; dei dundra på døri og ropa til den gamle mannen som åtte huset: Lat den karen som hev teke inn hjå deg, koma ut, so me kann få vår vilje med han!
23 Då gjekk huseigaren ut til dei og sa: Far ikkje so, godtfolk! Gjer ikkje vondt! Kom i hug at denne mannen er gjesten min, og gjer ikkje so stygg ei gjerning!
24 Sjå her er dotter mi, som er møy, og fylgjekona hans; dei skal eg senda ut til dykk; so fær de taka dei og gjera med dei som de synest; men denne mannen må de ikkje fara so stygt med!
25 Men karane vilde ikkje høyra på han. Då tok den framande fylgjekona si og leidde henne ut til dei, og dei låg med henne og skamfor henne heile natti og slepte henne ikkje fyrr det leid imot morgonen og tok til å ljosna.
26 I dagrenningi kom kona og seig i hop framfyre døri til det huset der husbonden hennar var; der vart ho liggjande til det var ljost.
27 Då husbonden hennar reis upp um morgonen og let upp husdøri og gjekk ut, vilde fara sin veg, då låg kvinna, fylgjekona hans, framfyre husdøri med hendene på dørstokken.
28 Han sa til henne: Reis deg upp, og lat oss fara i veg! Men han fekk ikkje svar. Då lyfte han henne upp på asnet og tok ut og for til si bygd.
29 Og då han kom heim, treiv han ein kniv og tok fylgjekona si og lema henne sund i tolv luter, og lutene sende han kring i heile Israels-riket.
30 Og alle som såg det, sa: Slikt hev aldri hendt og aldri vore spurt alt ifrå den dagen då Israels-borni for frå Egyptar-land, og til denne dag. Tenk etter, legg råd og seg kva de meiner!