Dommernes bok 18
1 I den tidi fanst det ingen konge i Israel. Og i den tidi leita Dans-ætti etter eit odelsland til å busetja seg i; for det hadde ikkje til den dag falle nokon arvlut på dei, som på dei andre Israels-ættene*.
2 Dans-borni sende ut fem mann av heile si ætt, djerve karar frå Sora og Estaol, som skulde endefara landet og sjå det vel yver, og dei sa til dei: Far no i veg og sjå dykk vel um i landet! Mennene kom til garden hans Mika i Efra'ims-fjellet og vart der um natti.
3 For då dei for frammed husi hans Mika, kjende dei att målet åt den unge leviten, og so tok dei av vegen og spurde han: Kven hev ført deg hit? Kva gjer du her, og korleis hev du det?
4 So sa han dei kva Mika hadde gjort for han, og at han hadde leigt han til prest for seg.
5 Då sa dei: Kjære deg, spør Gud for oss, so me får vita um den ferdi me hev fyre oss skal lukkast!
6 Presten svara: Far i fred! Gud hev augo med dykk på ferdi dykkar.
7 Då for dei sin veg, dei fem mennene, og kom til La'is; og dei såg at folket der i bygdi levde sutlaust på same vis som sidonarane, roleg og sutlaust; det fanst ingen i landet som gjekk dei for nær i nokon ting, ingen einvaldsherre; langt var dei frå sidonarane og hadde ikkje noko å gjera med anna folk.
8 So kom dei heim att til brørne sine i Sora og Estaol, og brørne deira spurde: Kva tidender kjem de med?
9 Dei svara: Kom, lat oss fara i veg og taka på La'is-buane! Me hev skoda landet; det er eit ovgodt land. Og de sit berre og tegjer? Dryg ikkje med å taka på vegen til det landet og eigna det til dykk!
10 Når de kjem dit, kjem de til eit folk som ikkje kjem i hug nokon fåre, og landet er romsamt og vidt. Gud hev gjeve det i hendene dykkar - eit land der det ikkje vantar nokon verdeleg ting.
11 So for dei i vegen, seks hundrad fullvæpna mann av Dans-ætti, frå Sora og Estaol.
12 Då dei var komne upp i høgdi, slo dei læger i Kirjat-Jearim i Juda-fylket; difor hev den staden vore kalla Dans-lægret alt til denne dag; det er vestanfor Kirjat-Jearim.
13 Derifrå for dei yver til Efra'ims-fjelli og kom til garden hans Mika.
14 Då tok dei til ords, dei fem mennene som hadde vore til La'is-bygdi og speia, og dei sa til brørne sine: Veit de at i desse husi er det ein messehakel og husgudar og eit utskore bilete med eit støypt fotstykke til? So veit de vel kva de lyt gjera?
15 So tok dei av vegen der og kom til huset åt den unge leviten på garden hans Mika og helsa på han.
16 Der stod no i portledet seks hundrad fullvæpna mann av Dans-ætti;
17 og dei fem mennene som hadde vore der i landet og speia, gjekk upp på garden og inn i gudshuset og tok det utskorne biletet og messehakelen og husgudane og det støypte fotstykket, medan presten stod i portledet hjå dei seks hundrad fullvæpna mennene.
18 Då no desse karane hadde vore inn i huset hans Mika og teke det utskorne biletet med messehakelen og husgudane og det støypte fotstykket, so sa presten til dei: Kva er det de gjer?
19 Dei svara: Teg deg og akta munnen din! Kom heller med oss og ver far og prest for oss! Er det ikkje mykje betre for deg å vera prest for ei heil ætt og grein av Israel enn for ein huslyd?
20 Dette lika presten vel. Han tok messehakelen og husgudane og det utskorne biletet og gav seg med flokken.
21 So snudde dei seg og for av garde og let borni og bufeet og eignelutene sine vera fremst i ferdi.
22 Dei var alt komne langt ifrå garden fyrr mennene i grendi hans Mika fekk samla seg og nådde dei att.
23 Dei ropa etter Dans-borni, og dei vende seg og sa til Mika: Kva er tids, med di du hev samla folki dine?
24 Han svara: De hev teke gudane som eg hev gjort meg, og presten og fare av garde med; Kva hev eg so att? Og endå spør de meg kva er tids!
25 Då sa dei til han: Lat oss ikkje høyra eit ord av deg meir! Elles kunde hug-rame karar rjuka på dykk, so du kom til å missa livet både du og dine.
26 So for dei sin veg, Dans-borni. Og då Mika såg at dei var han for sterke, snudde han um og for heim att.
27 Då Dans-borni hadde teke alle dei ting som Mika hadde kosta seg, og presten som var hjå han, kom dei brått yver La'is, yver eit folk som levde roleg og ikkje kom i hug nokon fåre; folket øydde dei med odd og egg, og byen brende dei upp.
28 Og det var ingen som hjelpte; for dei budde langt ifrå Sidon og hadde ikkje noko å gjera med anna folk. Byen låg i Bet-Rehobdalen. Dans-borni bygde han upp att og vart buande der.
29 Dei kalla byen Dan etter ættefar sin, son åt Israel. Fyrr heitte han La'is.
30 Der sette dei upp att det utskorne biletet, og Jonatan, son åt Gersom, Moses' son*, var prest for Dans-ætti, og so var etterkomarane hans alt til den dagen då landet vart øydt.
31 Det utskorne biletet som Mika hadde gjort seg, vart standande hjå dei so lenge Guds hus var i Silo.