«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Dommernes bok 17

1  Mika heitte ein mann som budde i Efra'ims-fjelli.

2  Han sa til mor si: Dei elleve hundrad* sylvsekel som vart tekne frå deg - du lyste endå for den skuld ei forbanning, som eg høyrde på - dei pengane er hjå meg; det er eg som hev teke dei. Då sa mori: Herren velsigne deg, min son!

3  So gav han dei elleve hundrad sylvsekel att til mor si. Då sa ho: Desse pengane vigjer eg no til Herren og gjev dei frå meg til bate for son min, so han kann gjera eit utskore bilete med eit støypt fotstykke til, og no skal du få dei att.

4  So tok ho tvo hundrad sekel av pengane han kom att med, og gav dei til ein gullsmed, og han gjorde for dei eit utskore bilete med eit støypt fotstykke til; det var sidan på garden hans Mika.

5  Og Mika var slik mann at han hadde eit gudshus, og hadde gjort ein messehakel og husgudar og hadde vigt ein av sønene sine til å vera prest for seg.

6  I dei dagar var det ingen konge i Israel; kvar mann gjorde som han hadde hug til.

7  Det var ein ung mann frå Betlehem i Juda; han var av Levi-ætti, av den greini som åtte heime i Juda-fylket, og der heldt han til.

8  Den mannen flutte burt frå byen sin, frå Betlehem i Juda, og vilde finna seg ein verestad kvar det kunde høva. På ferdi si kom han til Efra'ims-fjelli og til garden hans Mika,

9  og Mika spurde han: Kvar kjem du frå? Han svara: Eg er ein levit frå Betlehem i Juda, og no er eg ute og ferdast og vil finna meg ein verestad kvar det kann høva,

10  Då sa Mika til han: Gjev deg til hjå meg, og ver far og prest for meg! Eg skal gjeva deg ti sylvsekel for året og halda deg med kost og klæde. So steig leviten innanfor.

11  Han gjekk med på å vera hjå mannen og vart som ein av sønene hans.

12  Mika vigde den unge leviten til prest for seg, og han vart verande i huset hans Mika.

13  Og Mika sa: No veit eg at Herren vil gjera vel mot meg, sidan eg hev fenge ein levit til prest.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23