«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Dommernes bok 15

1  Då det leid um ei tid, og dei hadde teke til med kveiteskurden, kom Samson og vilde lydast til kona si. Han hadde med seg eit kje og sa: Lat meg få koma inn i kammerset til kona mi! Men far hennar vilde ikkje gjeva han lov til det

2  og sa: Eg tenkte so visst at du ikkje lika henne meir, og so gav eg henne til brursveinen din. Kann du ikkje taka den yngre systeri i staden? Ho er då mykje venare!

3  Då sa Samson: Denne gongen er eg saklaus um eg gjer filistarane vondt.

4  Han gjekk av og fanga tri hundrad revar, fann seg faklar, batt revane i hop etter rovone, tvo og tvo, og feste ein fakkel millom kvart rovepar.

5  So kveikte han eld i faklane og slepte revane inn på åkrane åt filistarane. Soleis brende han upp alt kornet dei hadde ute, både skore og uskore, og alle oljehagar.

6  Då spurde filistarane: Kven hev gjort dette? Folk svara: Samson, mågen åt timniten. Det var for di verfaren hadde teke kona hans og gjeve til brursveinen. So for filistarane derupp og brende inne både kona og far hennar.

7  Då sa Samson til dei: Fer de soleis åt, so skal eg visst ikkje kvila fyrr eg fær hemnt meg på dykk.

8  So slo han dei so dei stupte i kross og i krok, og det vart eit stort mannefall på dei. Sidan for han ned til Etam-djuvet og gav seg til der.

9  Då kom filistarane upp i Juda-fylket og lægra seg der, og dei spreidde seg utyver i Leki.

10  Og Juda-mennene sa: Kvi kjem de hit og tek på oss? Dei svara: Me vil binda Samson og gjera like eins mot han som han hev gjort mot oss.

11  So for tri tusund mann av Juda-ætti ned til Etam-djuvet, og dei sa til Samson: Veit du ikkje at filistarane råder her i landet? Kvi hev du då gjort oss dette? Han svara: Som dei gjorde mot meg, so hev eg gjort mot dei.

12  Då sa dei: Me er komne hit for å binda deg og gjeva deg i hendene på filistarane. Samson sa: Lova meg at ikkje de vil slå meg i hel!

13  Dei svara: Nei, me vil berre binda deg og gjeve deg i hendene deira; me vil ikkje drepa deg. So batt dei han med tvo nye reip og førde han upp or djuvet.

14  Då han kom til Leki, sprang filistarane imot han med glederop. Då kom Herrens Ande yver han, og reipi på armane hans vart som brend tråd; bandi datt av hendene hans som dei var morkna.

15  So fann han eit friskt kjakebein av eit asen; det greip han og slo i hel tusund mann med det.

16  Då sa Samson: Med asenkjaken slo eg ein hop og tvo; med asenkjaken slo eg tusund mann.

17  Då han hadde sagt dette, kasta han kjakebeinet frå seg, og sidan kalla dei den staden Ramat-Leki*.

18  Men so vart han so brennande tyrst. Då ropa han til Herren og sa: Du hev hjelpt tenaren din til å vinna denne store sigeren! Skal eg no døy av torste og falla i hendene på dei u-umskorne?

19  Då opna Gud den hola som er i Leki, og det rann vatn utor henne, so han fekk drikka; då rådde han atti og kvikna til. Difor kalla dei den kjelda En-Hakkore*; ho er endå i Leki.

20  Samson styrde Israel i tjuge år; det var i filistartidi.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23