«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Dommernes bok 14

1  Ein gong bar det so til at Samson gjekk ned til Timnata; der fekk han sjå ei filistargjenta.

2  Då han kom heim att, fortalde han det til far sin og mor si og sa: Eg såg ei filistargjenta i Timnata; henne lyt de festa til kona åt meg.

3  Då sa foreldri hans til han: Finst det då ingi gjenta hjå frendane dine eller i heile vårt folk, sidan du vil ganga av og få deg ei kona hjå dei u-umskorne filistarane? Men Samson svara far sin: Henne lyt du festa åt meg! Ho er den som eg likar.

4  Foreldri hans skyna ikkje at dette kom frå Herren, for han søkte eit høve til å koma innpå filistarane - den gongen rådde filistarane i Israel.

5  So gjekk Samson og foreldri hans ned til Timnata. Då dei kom til vinhagane utanfor byen, for ei ung løva burande imot han;

6  då kom Herrens Ande yver han, og han tok løva og sleit henne sund med berre nevane som det skulde vore eit kje; men han sa ikkje til foreldri sine kva han hadde gjort.

7  So gjekk han ned og tala med gjenta; og han lika henne framifrå godt.

8  Um ei tid for han ned att og vilde gifta seg med henne. So tok han av vegen, vilde sjå løva som han hadde drepe; då fann han eit biebol med honning i skrovet hennar.

9  Han tok honningen ut og heldt han i hendene og åt med han gjekk frametter, og då han kom til foreldri sine, gav han dei og, og dei åt; men han sa det ikkje til dei at han hadde funne honningen i løveskrovet.

10  Då far hans kom ned til bruri, gjorde Samson eit gjestebod der, som dei unge mennene hadde for vis.

11  Og so snart dei fekk sjå han, fann dei han tretti brursveinar; dei var stødt med han,

12  og ein dag sa Samson til dei: No vil eg bjoda dykk ei gåta! Løyser de henne åt meg innan dei sju gjestebodsdagane er ute, og løyser de henne rett, so skal eg gjeva dykk tretti fine skjortor og tretti festklædningar;

13  men kann de ikkje løysa henne, skal de gjeva meg tretti fine skjortor og tretti festklædningar. Dei svara: Seg fram gåta di, so me fær høyra henne!

14  Då sa han: Av ein etar kom etande, av den sterke kom søtt. So gjekk det tri dagar, og dei var ikkje god til å løysa gåta.

15  Den sjuande dagen sa dei til bruri: Sjå du kann få lokka mannen din til å segja oss løysingi på gåta, elles brenner me upp både deg og folket ditt! Er det for å arma oss ut at de hev bede oss hit?

16  Då gret bruri framfyre han og sa: Du held ikkje av meg! Du berre hatar meg! Du hev bode landsmennene mine ei gåta, men meg hev du ikkje sagt korleis ho skal løysast! Han svara: Eg hev ikkje sagt det til far min og mor mi; skulde eg so segja det til deg?

17  Men ho hekk yver han med gråt alle dei sju dagane som gjestebodet varde, og den sjuande dagen sa han det til henne, av di ho plaga han so. So løyste ho gåta for landsmennene sine.

18  Og fyrr soli gladde den sjuande dagen, kom mennene i byen og sa til han: Kva er søtare enn honning? Kva er sterkare enn løva? Då svara Samson: Hadde de ikkje pløgt med mi kviga, so hadde de ikkje løyst mi gåta.

19  Og Herrens Ande kom yver han; han gjekk ned til Askalon og slo i hel tretti filistarar, tok klædi deira og let dei som hadde løyst gåta, få dei til høgtidsklede; og harm som han var, for han heim att til garden åt far sin.

20  Men kona hans vart gjevi til den brursveinen som han hadde valt seg til fylgjesmann.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23