«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Dommernes bok 13

1  Men Israels-borni gjorde atter det som var Herren imot. Då let han filistarane få makt yver dei i fyrti år.

2  Det var ein mann av Dans-ætti som heitte Manoah. Han budde i Sora. Kona hans var ikkje barnkjømd; ho hadde aldri ått barn.

3  Og Herrens engel synte seg for kona og sa: Kjære, eg veit at du er ikkje barnkjømd og aldri hev ått barn; men du skal verta umhender og eiga ein son.

4  Akta deg no og drikk ikkje vin eller sterk drykk og et ikkje noko ureint!

5  For no vert du umhender og fær ein son; på hans hovud må det aldri koma rakekniv; for sveinen skal vera ein Guds nasirear alt frå mors liv, og han skal gjera upptaket til å berga Israel frå filistarane.

6  So kom kona og sa til mannen sin: Det kom ein gudsmann til meg; han var å sjå til som Guds engel, fælande ageleg; men eg spurde ikkje kvar han var ifrå, og ikkje sa han meg namnet sitt.

7  Han sa til meg: Du skal verta umhender og eiga ein son; drikk no ikkje vin eller sterk drykk og et ikkje noko ureint! For sveinen skal vera ein Guds nasirear frå morsliv og til sin døyande dag.

8  Då bad Manoah til Herren og sa: Høyr meg, Herre! Lat den gudsmannen som du sende, koma hit att og læra oss korleis me skal fara med det barnet som skal koma til verdi!

9  Og Gud høyrde Manoahs bøn, og Guds engel kom att til kona ein gong ho sat utpå marki, og Manoah, mannen hennar, ikkje var med henne.

10  Då sprang ho svint heim og fortalde det til mannen sin og sa: No hev han synt seg for meg att, den mannen som kom til meg her um dagen.

11  Manoah reiste seg og fylgde kona si, og då han kom til mannen, spurde han: Er du den mannen som hev tala til kona mi? Han svara: Ja.

12  Manoah sa: Når det no gjeng fram det som du sa, korleis skal me då stella oss med sveinen, og korleis skal me fara med han.

13  Då svara Herrens engel: Alt det eg nemnde for kona, lyt ho akta seg for.

14  Ho må ikkje eta noko som kjem av vintreet, og ikkje drikka vin eller sterk drykk og ikkje eta noko ureint; alt det eg hev sagt til henne, lyt ho halda seg etter.

15  Då sa Manoah: Kann du ikkje bia eit bel, so me fær stella til eit kje for deg!

16  Men Herrens engel svara: Um eg biar, so et eg like vel ikkje av maten din. Men vil du laga til eit brennoffer, so ofra det til Herren! For Manoah visste ikkje at det var Herrens engel.

17  Då sa Manoah til Herrens engel: Kva er namnet ditt? - so me kann få æra deg når det hender, det som du hev sagt.

18  Kvi spør du um namnet mitt? - Det er eit underleg namn!

19  So tok Manoah kjeet og matofferet og ofra det på berget til Herren. Då hende det eit stort under, so Manoah og kona hans såg på det;

20  Då logen steig upp frå altaret mot himmelen, då for Herrens engel upp i altarlogen. Då Manoah og kona hans såg det, kasta dei seg å gruve på jordi.

21  Herrens engel synte seg ikkje oftare for Manoah og kona hans; då skyna Manoah at det var Herrens engel,

22  og han sa til kona si: No lyt me døy; for me hev set Gud!

23  Men kona svara: Hadde Herren havt hug til å drepa oss, so hadde han ikkje teke imot brennoffer og matoffer av oss, og me hadde ikkje fenge set alt dette og ikkje fenge høyrt slikt som det me høyrde no.

24  Då det leid på, fekk kona ein son og kalla han Samson. Guten voks upp, og Herren velsigna han.

25  Det var i Dans-lægret millom Sora og Estaol Herrens Ande fyrst tok til å driva han.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23