«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Dommernes bok 12

1  Efra'imitane baud ut mannskapet sitt og for nordetter, og dei sa til Jefta: Kvi sende du ikkje bod etter oss då du for av stad og vilde strida mot ammonitane? No vil me setja eld på huset du bur i.

2  Då sa Jefta til dei: Eg og folket mitt låg i ein hard strid med ammonitane; då ropa eg på dykk, men de hjelpte meg ikkje imot dei;

3  og då eg såg at de ikkje vilde hjelpa, våga eg livet og for imot ammonitane, og Herren gav dei i hendene mine. Kvi kjem de so no farande og vil slåst med meg?

4  So samla han alle Gileads-mennene og stridde mot Efra'im. Og Gileads-mennene hogg efra'imitane ned; for di dei hadde sagt: De er rømingar frå Efra'im! Gilead ligg midt i Efra'im, midt i Manasse.

5  Dei stengde vadi yver Jordan for efra'imitane, og kvar gong det kom ein efra'imit som hadde rømt ifrå slaget og vilde sleppa yver, spurde dei: Er du efra'imit? Han svara: Nei.

6  Då sa dei til han: Seg sjibbolet! Men han sa sibbolet; for han kunde ikkje segja det rett. So greip dei han og drap han innmed Jordan-vadi. Den gongen fall det tvo og fyrti tusund mann av Efra'ims-ætti.

7  Jefta styrde Israel i seks år. So døydde Jefta frå Gilead og vart gravlagd i ein av Gileads-byane.

8  Etter han var Ibsan frå Betlehem domar i Israel.

9  Han hadde tretti søner; tretti døtter gifte han burt, og tretti sonekonor henta han heim; han styrde Israel i sju år.

10  So døydde Ibsan og vart gravlagd i Betlehem.

11  Etter han var Elon av Sebulons-ætti domar i Israel. Han styrde Israel i ti år.

12  So døydde Elon av Sebulons-ætti og vart gravlagd i Ajalon i Sebulons-landet.

13  Etter han var Abdon Hillelsson frå Piraton domar i Israel.

14  Han hadde fyrti søner og tretti sonesøner. Dei reid på sytti asenfolar. Han styrde Israel i åtte år.

15  So døydde Abdon Hillelsson frå Piraton og vart gravlagd i Piraton i Efra'ims-land, på Amaleks-fjell.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23