Dommernes bok 1
1 Då Josva var avliden, spurde Israels-borni Herren: Kven av oss skal fara fyrst ut mot kana'anitane og strida mot dei?
2 Og Herren svara: Juda skal taka ut; eg hev gjeve landet i hans hender.
3 Då sa Juda til Simeon, bror sin: Ver med meg til min lut, og lat oss båe strida mot kana'anitane, so skal eg vera med deg til din lut. Og Simeon vart med han.
4 So tok Juda ut, og Herren gav kana'anitane og ferisitane i hendene deira; dei slo dei i Besek og felte ti tusund mann.
5 I Besek møtte dei Adoni-Besek, og dei stridde mot han og slo kana'anitane og ferisitane.
6 Adoni-Besek rømde; men dei sette etter han, og tok han og hogg av han tumarsfingrane og tumarstærne.
7 Då sa Adoni-Besek: Sytti kongar med avhogne tumarsfingrar og tumarstær sanka smular under mitt bord. No hev Gud gjeve meg lika for det eg gjorde. So førde dei han til Jerusalem, og der døydde han.
8 Juda-borni kringsette Jerusalem og tok byen og øydde han med odd og egg og sette eld i husi.
9 Sidan for Juda-borni ned og stridde mot dei kana'anitane som budde i fjellbygdene, og i sudlandet og i låglandet.
10 Fyrst gjekk dei mot kana'anitane som budde i Hebron - Hebron heitte fyrr i tidi Kirjat-Arba - Og dei slo Sesai og Akiman og Talmai.
11 So gjekk dei mot Debir-buane. - Debir heitte fyrr i tidi Kirjat-Sefer.
12 Då sa Kaleb: Den som kann taka Kirjat-Sefer, skal få Aksa, dotter mi.
13 Otniel, son åt Kenas, Kalebs yngre bror, tok byen og fekk Aksa, dotter hans Kaleb.
14 Då so ho skulde flytja heim til han, eggja ho han til å beda far hennar um ein jordveg, og sjølv hoppa ho ned av asnet. Då sa Kaleb til henne: Kva er det du vil?
15 Ho svara: Lat meg få ei velfargåva! Du hev gift meg burt til dette turre sudlandet; gjev meg no vasskjeldor! So gav han henne Øvrekjeldone og Nedrekjeldone.
16 Etterkomarane etter keniten, verbror åt Moses, for med Juda-borni frå Palmestaden* upp til Juda-øydemarki, som ligg sunnanfor Arad, og vart buande der saman med folket.
17 Sidan gjekk Juda med Simeon, bror sin, og dei vann yver kana'anitane som budde i Sefat. Dei bannstøytte byen; difor kalla dei han Horma.
18 Og tok Juda Gasa og Askalon og Ekron med alt landet som låg til dei byane.
19 Herren var med Juda-borni, og dei la under seg fjellbygdene; men dei var ikkje god til å driva ut dei som budde i dalen; for dei hadde jarnvogner.
20 Dei gav Hebron til Kaleb, som Moses hadde sagt; og han dreiv dei tri Anaks-sønene ut or bygdi.
21 Benjamins-borni fekk ikkje drive ut jebusitane, som budde i Jerusalem - jebusitane vart buande i Jerusalem saman med Benjamins-borni og hev butt der til denne dag.
22 Josefs-borni tok og ut i striden; dei gjekk mot Betel, og Herren var med dei.
23 Dei sende folk til å njosna ut Betel - den byen heitte fyrr i tidi Luz -
24 og speiarane fekk sjå ein mann som kom ut or byen. Og dei sa til han: Kjære, syn oss kvar me kann koma inn i byen, so skal me gjera sælebot på deg!
25 So synte han dei kvar dei kunde koma inn, og dei øydde byen med odd og egg. Men mannen og heile ætti hans let dei fara sin veg.
26 Han for til Hetitar-landet og bygde ein by; den kalla han Luz; og det namnet hev byen havt til denne dag.
27 Manasse dreiv ikkje ut folket i Bet-Sean og Ta'anak og Dor og Jibleam og Megiddo og bygdene som høyrde til dei byane, og kana'anitane var god til å halda seg der i landet.
28 Då Israels-folket vart sterkare, tvinga dei kana'anitane til å træla for seg, men dreiv dei ut gjorde dei ikkje.
29 Efra'im dreiv ikkje ut kana'anitane som budde i Geser; kana'anitane vart buande millom Efra'ims-borni i Geser.
30 Sebulon dreiv ikkje ut dei som budde i Kitron og i Nahalol; kana'anitane vart buande millom Sebulons-borni, men laut gjera trælearbeid.
31 Aser dreiv ikkje ut dei som budde i Akko og i Sidon, og øydde ikkje Ahlab og Aksib og Helba og Afik og Rehob;
32 aseritane busette seg millom kana'anitane som åtte heime i landet; og dreiv dei ikkje ut.
33 Naftali dreiv ikkje ut dei som budde i Bet-Semes og i Bet-Anat; dei busette seg millom kana'anitane som åtte heime i landet. Men folket i Bet-Semes og Bet-Anat laut træla for dei.
34 Amoritane trengde Dans-borni upp i fjelli og let dei ikkje få koma ned i dalen.
35 Amoritane var god til å halda seg i Har-Heres og i Ajalon og Sa'albim, men sidan fekk Josefs-borni yvertaket og nøydde dei til å træla for seg.
36 Landskilet åt amoritane gjekk frå Akrabbimskardet, frå Hassela og uppetter.