«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Judas' brev 1

1  Judas, Jesu Kristi tenar og Jakobs bror - til dei som er kalla, som er elska i Gud Fader og berga åt Jesus Kristus:

2  Miskunn og fred og kjærleik vere med dykk i rikt mål!

3  De kjære, medan eg gjorde meg all umak for å skriva til dykk um vår sams frelsa, såg eg meg nøydd til å skriva til dykk med påminning um å strida for den trui som ein gong er yvergjevi til dei heilage.

4  For nokre menneske hev snikt seg inn, som denne domen er uppskriven for alt for lenge sidan: ugudelege, som misbrukar vår Guds nåde til ukjurskap og neittar vår einaste herskar og herre, Jesus Kristus.

5  Men sidan de no ein gong veit alt, vil eg minna dykk um at Herren, etter han hadde frelst folket ut or Egyptar-land, sidan tynte dei som ikkje trudde,

6  og um at dei englar som ikkje heldt fast ved sitt høge stand, men gjekk ifrå sin eigen heim, deim held han i varetekt i ævelege lekkjor under myrkret til domen på den store dagen,

7  liksom Sodoma og Gomorra og byane der ikring, som på same vis som desse dreiv hor og for etter framandt kjøt, ligg der til eit fyredøme, med di dei lid refsing i æveleg eld.

8  Like vel gjer desse og like eins; med di dei gjeng i draumar, gjer dei kjøtet ureint, vanvyrder herredøme og spottar høge makter.

9  Men då yverengelen Mikael tretta med djevelen um Mose lekam, våga han ikkje å segja ein spottande dom, men sa: Herren refse deg!

10  Desse derimot spottar det dei ikkje kjenner; men det dei av naturi skynar, liksom dei vitlause dyr, med det tynar dei seg.

11  Usæle dei! for dei hev gjenge Kains veg og kasta seg inn i Bileams villfaring for vinning skuld og hev gjenge til grunns ved Korahs trass.

12  Desse er skamflekkene ved dykkar kjærleiksmåltider, med di dei utan blygsla sit i gilde med dykk og forar seg sjølve, vasslause skyer, som vert drivne av stad av vinden, avlauva, fruktlause tre, tvo gonger utdøyde, upprykte med roti,

13  ville havbåror som skumar ut si eiga skam, villfarande stjernor, som kolmyrkret er etla åt i all æva.

14  Desse var det og Enok, den sjuande frå Adam, spådde um då han sa: Sjå, Herren kjem med sine mange tusund heilage

15  og vil halda dom yver alle og refsa alle dei ugudlege for alle dei ugudlege gjerningane som dei gjorde, og for alle dei harde ordi som dei tala imot han, dei ugudlege syndarane!

16  Desse er folk som murrar og klagar yver lagnaden, endå dei fer etter sine lyster, og deira munn talar skrøytande ord, endå dei gjøler for folk for vinning skuld.

17  Men de, kjære, kom i hug dei ord som fyrr er tala av vår Herre Jesu Kristi apostlar,

18  korleis dei sa dykk at i den siste tidi skal det koma spottarar som fer etter sine ugudlege lyster.

19  Desse er dei som skil seg ut, naturlege menneske, som ikkje hev ånd.

20  Men de, kjære, uppbygg dykk på dykkar høgheilage tru, bed i den Heilage Ande,

21  og haldt dykk soleis i Guds kjærleik, medan de ventar på vår Herre Jesu Kristi miskunn, til æveleg liv!

22  Og sume skal de tala til rettes av di dei tvilar,

23  andre skal de frelsa med di de riv dei ut or elden, andre att skal de miskunna med otte, so de hatar jamvel den kjolen som hev vorte urein av kjøtet.

24  Men honom som er mektig til å verna dykk, so de ikkje snåvar, og føra dykk lytelause fram for sin herlegdom i fagnad,

25  den einaste Gud, vår frelsar ved Jesus Kristus, vår Herre, honom høyrer herlegdom til og majestet og velde og makt fyre all tid, no og i all æva. Amen.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23