Josvas bok 8
1 So sa Herren til Josva: Ottast ikkje og ver ikkje redd! Tak med deg alt stridsfolket, og gjer deg reidug og far upp mot Ai! Sjå, eg hev gjeve Ai-kongen i dine hender, og folket og byen og landet hans,
2 og du skal fara like eins med Ai og kongen der som du for med Jeriko og den kongen; men herfanget og bufeet, det kann de eigna til dykk. Lat nokre av folki dine leggja seg i løynlega på vestsida av byen!
3 Då gjorde Josva seg reidug til å fara upp mot Ai med heile heren. Han valde ut tretti tusund mann, djerve stridsmenner; dei sende han av stad um natti
4 og sa til dei: Høyr her: no skal de leggja dykk i løynlega på vestsida av byen, ikkje svært langt ifrå han, og halda dykk reiduge alle saman.
5 Men eg og alt folket som er med meg, me vil ganga tett innåt byen, og når dei fer ut imot oss som dei gjorde fyrre gongen, so skal me låst røma for dei.
6 Då kjem dei til å setja etter oss, til me hev fenge lokka dei burt ifrå byen; for dei tenkjer med seg: Dei rømer for oss no liksom fyrre gongen. Men medan me rømer,
7 skal de koma fram or løynlega og taka byen; for no vil Herren dykkar Gud gjeva han i hendene dykkar.
8 Og når de hev teke byen, skal de setja eld på han; de skal gjera etter Herrens ord. No hev de høyrt kva det er de skal gjera.
9 So sende Josva dei i veg, og dei gjekk av og fann seg ein løynstad, og der la dei seg til; det var millom Betel og Ai, vestanfor Ai. Men sjølv var Josva hjå folket den natti.
10 Morgonen etter reis Josva tidleg upp og mynstra heren og for so saman med styresmennene i Israel fyre heren upp til Ai;
11 og alt stridsfolket som var med han, tok i vegen og gjekk fram til dei kom midt for Ai; der lægra dei seg, nordanfor byen, so dalen var millom den og dei.
12 So tok Josva um lag fem tusund mann og la dei i løynlega millom Betel og Ai, vestanfor Ai.
13 Og då dei hadde fylkt heren, både den som lægra nordanfor byen, og den flokken som låg i løynlega vestanfor byen, for Josva same natti midt ned i dalen.
14 Då kongen i Ai såg det, skunda han seg ut tidleg um morgonen, både han og bymennene, alt herfolket hans, og vilde møta israelitane og stridast med dei på den staden dei hadde avtala, framanfor moen; men han visste ikkje at det låg so mykje folk og lurde på han vestanfor byen.
15 Og Josva og heile Israel lest tapa for dei og rømde burtimot øydemarki.
16 Då vart alt folket i byen utbode til å setja etter dei, og medan dei sette etter Josva, kom dei lenger og lenger burt ifrå byen;
17 det fanst ikkje ein mann, korkje i Ai eller Betel, utan han drog ut etter israelitane; dei let byen liggja open etter seg og elte Israel.
18 Då sa Herren til Josva: Rett spjotet som du held i handi, ut imot Ai! For eg vil gjeva byen i dine hender! So rette Josva spjotet sitt ut imot byen.
19 Og med same han rette ut handi, sprang dei fram dei som låg løynde, og for inn i byen og tok han, og dei sette eld på han det snøggaste dei vann.
20 Best som no Ai-mennene snudde seg og skoda attende, vart dei vare røyken som steig til vers ifrå byen; då såg dei seg ingi råd til å koma undan, korkje til ei sida eller onnor, av di den heren som hadde rømt åt øydemarki, den vende seg no um imot fienden.
21 For då Josva og Israelitane såg at dei frå løynlega hadde teke byen, og såg røyken stiga upp, då snudde dei um og tok på Ai-mennene;
22 og dei hine for til møtes med dei frå byen, so Ai-mennene kom midt imillom Israelitane og fekk dei kring seg på alle sidor. Soleis vart dei nedhogne til siste mann; ingen vart att eller slapp undan,
23 so nær som kongen; honom tok dei levande og førde han til Josva.
24 Då Israel hadde gjort det av med alle dei Ai-buane som hadde sett etter dei ut i øydemarki, og fiendane alle som ein var falne for sverdet, so vende heile Israel att til Ai og hogg ned alle som var der.
25 Den dagen fall det i alt tolv tusund menner og kvinnor, alt folket som åtte heime i Ai.
26 Josva tok ikkje til seg att handi som han heldt spjotet i, fyrr han hadde bannstøytt alle Ai-buane.
27 Men bufeet og herfanget som Israelitane tok der i byen, eigna dei til seg, etter det som Herren hadde sagt til Josva.
28 Josva brende upp byen og gjorde han for alle tider til ein grushaug og ein øydestad, so som han hev vore til denne dag.
29 Kongen der hengde han upp på eit tre, og der vart han hangande til kvelds; men då soli gladde, let han dei taka liket ned frå treet; so kasta dei det der, utfor byporten, og hauga i hop ei stor steinrøys yver det; den hev lege der alt til denne dag.
30 Den gongen bygde Josva eit altar for Herren, Israels Gud, på Ebal-fjellet,
31 soleis som Moses, Herrens tenar, hadde sagt Israels-borni fyre, etter det som stend skrive i lovboki åt Moses, eit altar av heile steinar, som det ikkje hadde vore bruka jarn på; der ofra dei brennoffer til Herren og slakta takkoffer.
32 Og på steinane sette han ei avskrift av den lovi som Moses hadde skrive for augo åt Israels-borni.
33 Og heile Israel, både sjølve folket og dei framande, med styresmennene og tilsynsmennene og domarane sine, stod på båe sidor av paktkista, midt imot Levi-prestane som bar Herrens kista, den eine helvti uppunder Garisim-fjellet og den andre helvti uppunder Ebal-fjellet, soleis som Moses, Herrens tenar, hadde sagt at det skulde vera når Israels-folket fekk velsigningi.
34 So las han upp alle ordi i lovi, både velsigningi og forbanningi, heiltupp soleis som det stend skrive i lovboki.
35 Det fanst ikkje eit ord av alt det Moses hadde sagt fyre, utan Josva las det upp for heile Israels-lyden med både kvinnor og born, og for dei framande som fylgdest med dei.