«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Josvas bok 7

1  Men Israels-borni for ikkje ærleg åt med det som var vigt til Herren. Akan, son åt Karmi, som var son åt Sabdi og soneson åt Serah av Juda-ætti, tok noko av det vigde. Då vart Herren brennande harm på Israels-borni.

2  Frå Jeriko sende Josva nokre menner til Ai, som ligg tett innmed Bet-Aven, austanfor Betel, og sa til dei: Far upp og njosna i landet! So for mennene upp og njosna i Ai.

3  Og då dei kom attende til Josva, sa dei til han: Lat ikkje alt folket fara der upp! Send tvo, tri tusund mann, so tek dei Ai! Du treng ikkje umaka heile heren dit; for dei er ikkje mange.

4  So for um lag tri tusund mann av heren der upp; men dei rømde for Ai-mennene,

5  og Ai-mennene slo i hel um lag seks og tretti av dei og sette so etter dei frå porten til steinbroti og hogg dei ned i bakkane. Då kolna Israels-borni all igjenom og vart som dei var nomne.

6  Og Josva reiv sund klædi sine og låg å gruve framfor Herrens kista alt til kvelds, både han og styresmennene i Israel, og dei strådde mold på hovudi sine.

7  Og Josva sa: Å, Herre, Herre! Kvi førde du dette folket yver Jordan når du vilde gjeva oss i hendene på amoritane, so dei skulde tyna oss? Gjev me heller hadde teke den rådi å gjeva oss til på hi sida Jordan!

8  Å, Herre! Kva skal eg segja no, når Israel hev snutt ryggen til fienden?

9  Når kana'anitane og alle andre som bur her i landet, fær høyra dette, so kjem dei til å kringsetja oss og rydja namnet vårt ut or verdi, og kva vil du då gjera med ditt store namn?

10  Då sa Herren til Josva: Statt upp! Kvi ligg du her å gruve?

11  Israel hev synda! Dei hev brote den pakti eg hev gjort med dei, og teke av det som var vigt, og stole det og dult det burt og gøymt det millom sine eigne ting.

12  Difor kann ikkje Israels-borni standa seg mot fiendane, men lyt røma for dei; for dei er sjølve komne under bann. Kvittar de dykk ikkje med det som er vigt, so vil eg ikkje vera med dykk lenger.

13  Statt no upp! Lat folket helga seg, og seg til dei: Helga dykk til morgons! For so segjer Herren, Israels Gud! Det er noko vigt hjå deg, Israel! Du kann ikkje standa deg mot fiendane fyrr de kvittar dykk med det som er vigt.

14  Tidleg i morgon skal de stiga fram ætt for ætt, og den ætti som Herren tek ut, skal stiga fram grein for grein, og den ættgreini Herren tek ut, skal stiga fram hus for hus, og den huslyden Herren tek ut, skal stiga fram mann for mann.

15  Og den som det vigde vert funne hjå, skal brennast med alt sitt, for di han hev brote Herrens pakt og gjort eit skjemdarverk i Israel.

16  Morgonen etter reis Josva tidleg upp og let Israel stiga fram ætt for ætt; og Juda-ætti vart utteki.

17  So let han ættgreinene i Juda stiga fram, og serahit-greini vart utteki. So let han serahit-greini stiga fram mann for mann, og Sabdi vart utteken.

18  So let han huslyden hans stiga fram mann for mann, og Akan, son åt Karmi, som var son åt Sabdi og soneson åt Serah av Juda-ætti, vart utteken.

19  Då sa Josva til Akan: Min son, gjev Herren, Israels Gud, æra og pris og seg meg kva du hev gjort! Dyl ingen ting for meg!

20  Akan svara: Å ja, ja, eg hev synda mot Herren, Israels Gud; no skal eg segja kva eg hev gjort:

21  Eg såg millom herfanget ei ven babylonsk kåpa og tvo hundrad sekel sylv og ei gullstong på femti sekel; dette fekk eg hug på og tok det; det ligg nedgrave under tjeldbui mi; sylvet ligg underst.

22  So sende Josva nokre menner av stad; dei sprang burt til tjeldbui, og der fann dei det; det låg nedgrave i tjeldbui, og sylvet låg underst.

23  Dei tok det ut or tjeldbui og bar det med seg til Josva og Israels-lyden og la det ned framfor Herrens åsyn.

24  Og Josva og heile Israel tok Akan, serahiten, og sylvet og kåpa og gullstongi og sønene og døtterne hans og storfeet og asni og småfeet og tjeldbui hans og alt det han åtte, og førde det upp i Akordalen*.

25  Og Josva sa til han: For ei ulukka du hev ført yver oss! I dag skal Herren føra ulukka yver deg! So tok heile Israel og steina han i hel og brende og steina alt som høyrde han til.

26  Sidan kasta dei i hop ei stor steinrøys yver han; den hev lege der alt til denne dag. Då døyvde Herren den brennande harmen sin. Men sidan vart den staden kalla Akordalen*, og det namnet hev han den dag i dag.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23