«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Josvas bok 6

1  I Jeriko læste dei portane og stengde seg inne for Israels-borni skuld; ingen gjekk ut, og ingen kom inn.

2  Då sa Herren til Josva: Sjå, no gjev eg Jeriko i dine hender, med kongen og dei djerve stridsmennene hans!

3  Lat alt herfolket ganga rundt ikring byen EIN gong um dagen; so skal du gjera i seks dagar;

4  og sju prestar skal bera sju stridslurar framfyre paktkista. Men den sjuande dagen skal de ganga sju gonger kring byen, og prestane skal blåsa i lurane.

5  Og når stridshornet tek til å ljoma med lange tonar, og de høyrer lurljoden, skal heile heren setja i og ropa so sterkt dei kann; då skal muren ramla ned, so folket kann stiga yver han, beint inn i byen.

6  Då kalla Josva Nunsson prestane til seg og sa til dei: No skal de taka paktkista og bera henne, og sju prestar skal bera sju stridslurar framfyre Herrens kista.

7  Og til folket sa han: Tak no i veg og gakk kringum byen! Dei herbudde skal ganga framfyre Herrens kista!

8  Då Josva hadde sagt dette til folket, gjekk dei i vegen dei sju prestane som bar dei sju stridslurane for Herrens åsyn; dei bles i lurane, og Herrens paktkista fylgde etter dei.

9  Dei herbudde gjekk fyre prestane som bles i lurane, og dei som var attarst i ferdi, gjekk etter paktkista, og lurane ljoma i eino.

10  Men Josva sa til folket: De må ikkje ropa og ikkje lata upp målet! Ikkje eit ord må koma frå munnen dykkar fyrr den dagen eg segjer til dykk: Ropa no! Då skal de ropa.

11  So for Herrens kista heilt ikring byen ein gong; sidan drog dei inn i lægret og var der um natti.

12  Morgonen etter var Josva tidleg uppe, og prestane tok og bar Herrens kista.

13  Og dei sju prestane bar dei sju stridslurane framfyre Herrens kista og bles alt i eitt i lurane. Dei herbudde gjekk fyre dei, og dei som attarst var, gjekk etter Herrens kista, medan lurane ljoma i eino.

14  Soleis for dei den andre dagen EIN gong kring byen og gjekk so attende til lægret. So gjorde dei i seks dagar.

15  Den sjuande dagen reis dei upp med same det tok til å dagast, og gjekk sju gonger kring byen; dei for like eins åt som fyrr, berre at dei den dagen gjekk sju gonger kring byen.

16  Då no prestane bles i lurane den sjuande gongen, då sa Josva til folket: Ropa no! For Herren hev gjeve dykk byen.

17  Og byen med alt det som i han er, skal vera vigd til Herren og bannstøytt. Berre Rahab, skjøkja, og alle som er i huset hjå henne, skal få leva, for di ho løynde dei mennene me sende ut.

18  Akta no de dykk berre for det som er vigt, so de ikkje fyrst vigjer og sidan tek av det vigde, og soleis legg Israels-lægret under bann og fører det i ulukka.

19  Men alt sylvet og gullet og alle ting som er av kopar eller jarn, skal helgast til Herren og koma i Herrens skattkammer.

20  So tok folket til å ropa, og dei bles i lurane; og då folket høyrde lurljoden, sette dei i med eit øgjeleg herskrik; då ramla muren ned, og folket steig beint inn i byen; og då dei hadde teke han,

21  bannstøytte dei alt som fanst der; både menner og kvinnor, både unge og gamle, både storfe og småfe og asen hogg dei ned.

22  Men Josva sa til dei tvo mennene som hadde njosna der i landet: Gakk inn i huset åt skjøkja og få med dykk ut både kvinna sjølv og alt folket hennar, soleis som de hev lova henne!

23  So gjekk dei inn, dei unge mennene som hadde vore der og njosna, og dei henta Rahab og foreldri og brørne hennar og alle andre som høyrde til ætti; alt skyldfolket hennar henta dei ut og fann ein verestad åt dei utanfor Israels-lægret.

24  Byen brende dei upp med alt som i han var; men sylvet og gullet og alle ting som var av kopar eller jarn, la dei ned i skattkammeret i Herrens hus.

25  Josva let Rahab, skjøkja, få leva, og heile huslyden og alt skyldfolket hennar, og sidan hev ho og ætti hennar fenge bu millom Israels-folket alt til denne dag, for di ho løynde dei mennene som Josva hadde sendt av stad til å njosna i Jeriko.

26  Den gongen let Josva folket sverja denne eiden: Forbanna for Herrens åsyn vere den mannen som tek seg til å byggja upp att denne byen Jeriko! Når han legg grunnvollen, skal det kosta han eldste sonen, og når han set upp portane, skal han missa den yngste.

27  Soleis var Herren med Josva, og det gjekk gjetord um han yver heile landet.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23