Josvas bok 5
1 Alle amoritarkongane vestanfor Jordan og alle kana'anitarkongane utmed havet vart reint vitskræmde då det spurdest at Herren hadde turka ut Jordan for Israels-borni medan me for yver, og dei torde ikkje lenger tenkja på å møta Israels-borni.
2 I det same belet sa Herren til Josva: Gjer deg steinknivar og umskjer Israels-borni att*!
3 So gjorde Josva seg steinknivar og umskar Israels-borni attmed Ha'aralot-haugen*.
4 Men at Josva laut umskjera dei, det hadde seg so: Alt folket som for frå Egyptar-land, alle karar, alle våpnføre menner, hadde døytt burt i øydemarki på vegen frå Egyptar-land.
5 No var alle dei som for frå Egyptar-land, umskorne, men av dei som vart fødde på ferdi i øydemarki, var ingen umskoren.
6 For i fyrti år laut Israels-borni ferdast i øydemarki, til dess heile folket, alle våpnføre menner som for frå Egyptar-land, hadde døytt burt; dei vilde ikkje lyda Herrens ord, difor svor han dei til at dei ikkje skulde få sjå det landet han hadde lova federne deira å gjeva oss, eit land som fløymer med mjølk og honning.
7 Men i staden for dei let han borni deira veksa upp; dei var det Josva umskar; for dei gjekk endå med huvehold, av di dei ikkje hadde vorte umskorne på ferdi.
8 Då dette var frå seg gjort, og heile folket var umskore, heldt dei seg i ro i lægret til såri hadde batna.
9 Og Herren sa til Josva: I dag hev eg velt av dykk egyptarskammi. Sidan hev den staden vore kalla Gilgal* alt til denne dag.
10 Medan Israels-borni låg i læger attmed Gilgal, heldt dei påske på Jeriko-moane den fjortande dagen i månaden, um kvelden.
11 Og dagen etter påske åt dei av landsens grøda; usyrt brød og steikte aks åt dei den dagen.
12 Same dagen traut manna; for no åt Israels-borni av landsens grøda, og sidan fekk dei ikkje meir manna, men tok same året til å eta av det som var avla i Kana'ans-landet.
13 Medan Josva var innmed Jeriko, hende det han noko: Best som han lyfte upp augo, vart han var ein mann som stod beint framfyre han med eit drege sverd i handi. Då gjekk Josva burt til mannen og sa: Er du av våre folk, eller høyrer du til fienden?
14 Han svara: Nei, eg er hovdingen yver Herrens her. No er eg komen. Josva fall på kne og bøygde seg til jordi og sa: Kva hev herren min å segja tenaren sin?
15 Då svara hovdingen yver Herrens her: Drag skoen av foten din! For den staden du stend på, er heilag. Og Josva gjorde so.