Josvas bok 3
1 Morgonen etter reis Josva tidleg upp og tok ut frå Sittim med alle Israels-borni og kom til Jordan; der var dei eit bel fyrr dei gjekk yver.
2 Og då tri dagar var lidne, gjekk tilsynsmennene gjenom lægret
3 og tala soleis til folket: Når de ser paktkista åt Herren dykkar Gud, og Levi-prestane som ber henne, so skal de fara av stad og fylgja etter henne,
4 so de kann vita kva leid de skal taka; for den vegen hev de ikkje fare fyrr. Men det lyt vera eit godt stykke millom dykk og paktkista, tvo tusund alner på lag; kom henne ikkje for nær!
5 So sa Josva til folket: Helga dykk no! For i morgon vil Herren gjera underfulle ting imillom dykk.
6 Og til prestane sa han: Tak paktkista og far fram fyre folket! So tok dei paktkista og gjekk fyre folket.
7 Og Herren sa til Josva: I dag vil eg taka til og gjera deg stor framfor augo åt heile Israel, so dei skal sjå at eg er med deg, liksom eg var med Moses.
8 Seg no du so til prestane som ber paktkista: Når de kjem heilt nedåt Jordan, skal de verta standande der, nedmed åi!
9 Då sa Josva til Israels-borni: Kom og høyr ordi frå Herren dykkar Gud!
10 Dette, sa Josva, skal de hava til merke på at den levande Gud er midt imillom dykk, og at han skal driva burt for dykk både kana'anitane og hetitane og hevitane og ferisitane og girgasitane og amoritane og jebusitane:
11 Paktkista åt han som råder yver all jordi, skal fara fyre dykk ut i Jordan.
12 Vel no ut tolv menner av Israels-ættene, ein for kvar ætt!
13 Og når prestane som ber paktkista åt Herren som råder yver all jordi, når dei stend med føtene i Jordan-vatnet, då skal Jordan-vatnet - det som kjem ovantil - demmast upp, so det stend som ein vegg.
14 So tok folket ut frå tjeldbuene sine og skulde ganga yver Jordan, og prestane som bar paktkista, gjekk fyre dei;
15 og då desse same prestane som bar paktkista, var komne til Jordan og so vidt hadde duppa foten i elvevatnet - men Jordan var heile våren* so stor at ho gjekk yver breddene alle stader -
16 då stana det vatnet som kom ovantil, og stod som ein vegg langt burte, uppmed Adam, den byen som ligg jamsides med Sartan, og det som rann nedetter til Moavatnet - eller Saltsjøen - vart reint burte. So gjekk folket yver åi midt for Jeriko.
17 Men prestane som bar paktkista åt Herren, vart standande på turre botnen midt i Jordan, medan alle israelitane gjekk turrskodde yver åi, til heile folket var kome vel yver.