Josvas bok 23
1 Då lang tid var lidi, og Herren hadde late Israel få fred for alle fiendar rundt ikring, og Josva var gamal vorten og ut i åri komen,
2 då kalla Josva i hop heile Israel, styresmennene og hovdingane og domarane og tilsynsmennene deira, og sa til dei: No er eg gamal og langt fram i åri,
3 og de hev sjølve set alt det Herren dykkar Gud hev gjort med alle dei folki som laut røma for dykk; for det var Herren dykkar Gud som stridde for dykk.
4 Dei veit eg hev luta ut åt dykk, ætt for ætt, dei folki som endå er att, og like eins alle dei eg hev rudt ut, frå Jordan og til Storhavet i vest.
5 Herren dykkar Gud skal sjølv støyta desse folki ut og driva dei burt for dykk, so de fær eigna til dykk landet deira, soleis som Herren dykkar Gud hev lova dykk.
6 So ver no urikkeleg støde til å halda og gjera alt det som er skrive i lovboki åt Moses! Vik aldri av ifrå det, korkje til høgre eller vinstre!
7 Gjev dykk ikkje i lag med desse folki, dei som endå er att hjå dykk! Tak ikkje namnet åt gudane deira på tunga, sver ikkje ved dei, ten dei ikkje og tilbed dei ikkje,
8 men haldt fast ved Herren dykkar Gud, soleis som de hev gjort til denne dag!
9 Difor dreiv Herren ut for dykk store og sterke folkeslag, og ingen hev til dessa vore god til å standa seg mot dykk.
10 Ein einaste av dykk kunde jaga tusund; for det var Herren dykkar Gud som stridde for dykk, soleis som han hadde lova.
11 So akta no vel på dykk sjølve, so sant de hev livet kjært, og elska Herren dykkar Gud!
12 For vender de dykk burt frå han og held lag med dei folki som endå er att hjå dykk, og de gifter born i hop og blandar dykk med kvarandre,
13 so skal de vita for visst at Herren dykkar Gud aldri vil driva desse folki ut for dykk; men dei skal verta til ei snara og ei fella for dykk og til ei svepa yver ryggen og tornar i augo dykkar, til dess de vert utrudde or dette gilde landet som Herren dykkar Gud hev gjeve dykk.
14 No fer eg snart den vegen alt her på jordi lyt fara. Kom då i hug og lat det aldri ganga dykk or minne at ikkje eit einaste av alle dei gode ordi som Herren dykkar Gud hev lyst yver dykk, hev vorte um inkje; alt hev gjenge fram; aldri eit ord hev vorte um inkje.
15 Men liksom det hev gjenge etter alle dei gode ordi som Herren dykkar Gud hev tala til dykk, soleis skal Herren lata alt det vonde han hev truga med, koma yver dykk, til han hev rudt dykk ut or dette gilde landet som han hev gjeve dykk.
16 Bryt de pakti som Herren dykkar Gud gjorde med dykk, og gjeng de av og tener andre gudar og tilbed dei, då skal Herrens harm loga imot dykk, og de skal vonom snøggare verta utrudde or det gilde landet han hev gjeve dykk.