Josvas bok 22
1 Då kalla Josva til seg rubenitane og Gaditane og helvti av Manasse-ætti
2 og sa til dei: De hev gjort alt det Moses, Herrens tenar, sa dykk fyre, og meg hev de og lydt i alt eg hev sagt.
3 I heile denne lange tidi hev de ikkje vike frå brørne dykkar; de hev halde dykk trutt etter det som Herren dykkar Gud sa dykk fyre.
4 Og no hev Herren dykkar Gud late brørne dykkar koma til ro, som han hadde lova dei; far no de heim att til tjeldbuene dykkar, til dykkar eige land, det som Moses, Herrens tenar, gav dykk på hi sida Jordan.
5 Men kom vel i hug å leva etter det bodet og den lovi som Moses, Herrens tenar, lærde dykk, at de skal elska Herren dykkar Gud og all tid ganga på hans vegar og halda bodi hans og vera trugne imot han og tena han av alt dykkar hjarta og all dykkar hug.
6 So lyste Josva velsigning yver dei og bad dei vel leva, og dei for heim att.
7 Den eine helvti av Manasse-ætti hadde fenge land i Basan av Moses, og den andre helvti hadde Josva gjeve land vestanfor Jordan saman med brørne deira. Som no Josva gav dei heimlov og velsigna dei,
8 sa han og til dei: No fer de heim att med mange eigneluter og ovmykje bufe, med sylv og gull og kopar og jarn og ovmange klæde. Byt no med brørne dykkar det herfanget de hev teke frå fienden!
9 So tok dei då på heimvegen, Rubens-borni og Gads-borni og helvti av Manasse-ætti; dei skildest med dei andre Israels-borni og for frå Silo i Kana'ans-landet attende til Gilead, sitt eige land, der dei hadde fenge eiga si, soleis som Moses hadde lova dei frå Herren.
10 Men då dei kom til landet attmed Jordan, den luten av det som høyrer til Kana'ans-landet, sette dei upp eit altar der attmed Jordan, eit stort og sjåleg altar.
11 Då fekk Israels-borni høyra at folk sa: Sjå, Rubens-borni og Gads-borni og helvti av Manasse-ætti hev sett upp eit altar i landet burtmed Jordan, fremst i Kana'ans-landet, på den sida som vender til Israels-borni;
12 og då Israels-borni høyrde det, samla heile lyden seg i Silo og vilde fara imot dei med ufred.
13 Men fyrst sende dei Pinehas, son åt Eleasar, presten, til Gilead-landet
14 og saman med han ti fyrstar, som var or kvar sitt fylke i Israel og hovdinger yver kvar si grein av Israels-ættene.
15 Då so dei kom til Gilead-landet og fann Rubens-borni og Gads-borni og helvti av Manasse-ætti, tala dei soleis til dei:
16 So segjer heile Herrens lyd: Kva er dette for svik de hev gjort mot Israels Gud, med di de no hev vendt dykk burt ifrå Herren og bygt dykk eit altar? Kvifor hev de no sett dykk upp imot Herren?
17 Var det ikkje nok med det brotet me gjorde då me heldt oss til Peor, so ulukka kom yver Herrens lyd? Det brotet hev me endå ikkje reinsa oss frå,
18 og so vender de dykk no burt frå Herren! Men set de dykk i dag upp imot Herren, so kjem han i morgon til å lata heile Israels-lyden få kjenna sin vreide.
19 Eller tykkjer de det er ureint det landet de hev fenge til eigedom, so kom berre yver til Herrens eige land, der som Herrens tabernakel stend, og få dykk eigedom millom oss, men set dykk ikkje upp imot Herren og set dykk ikkje upp imot oss, med di de byggjer dykk eit altar umfram altaret åt Herren vår Gud!
20 For ikkje Akan Serahsson og med svik då han tok av det som var bannstøytt! Då råma vreiden heile Israels-lyden, og han var ikkje den einaste som laut døy for det brotet han hadde gjort.
21 Då tok Rubens-borni og Gads-borni og halve Manasse-ætti til ords og tala so til hovdingane yver Israels-ættene:
22 Gud, Herren Gud, ja Gud, Herren Gud, han veit det, og Israel skal vita det: Det var ikkje i trass og utruskap mot Herren
23 me bygde oss eit altar, og ikkje på den måten at me vilde venda oss burt frå Herren; var det det, so gjev du ikkje vilde hjelpa oss i dag! Ikkje heller var altaret bygt til å ofra brennoffer eller matoffer eller bera fram takkoffer på; var det so, då hemne Herren sjølv seg på oss!
24 Men det var ein ting me var redde, difor gjorde me dette: me tenkte borni dykkar ein gong kunde koma til å segja til våre born: Kva hev de å gjera med Herren, Israels Gud?
25 Hev ikkje Herren sett eit skilmerke, Jordan, millom oss og dykk, de Rubens-born og Gads-born! De eig ikkje med i Herren. Soleis kunde borni dykkar få våre born til å halda upp med å ottast Herren.
26 Difor sa me: Det me hev å gjera, er å byggja eit altar, ikkje til brennoffer eller slaktoffer,
27 men det skal vera eit vitne millom oss og dykk og millom dei ættene som kjem etter oss, at me vil tena Herren for hans åsyn med brennofferi og slaktofferi og takkofferi våre, so ikkje borni dykkar ein gong skal segja til våre born: De eig ikkje med i Herren.
28 Skulde dei nokosinne segja sovore til oss eller etterkomarane våre, sa me, so vil me svara: Sjå på det likendet av Herrens altar som federne våre gjorde, ikkje til å ofra brennoffer eller slaktoffer på, men til eit vitne millom oss og dykk!
29 Aldri kunde det sviva oss i hugen at me no vilde setja oss upp imot Herren og venda oss burt ifrå han og byggja noko altar til brennoffer eller matoffer eller slaktoffer umfram altaret åt Herren vår Gud, som stend framfor tabernaklet.
30 Då Pinehas, presten, og styresmennene for lyden og hovdingane yver Israels-ættene, som var med han, høyrde kva Rubens-borni og Gads-borni og Manasse-sønene sa, lika dei det vel;
31 og Pinehas, son åt Eleasar, presten, sa til Rubens-borni og Gads-borni og Manasse-borni: No kann me skyna at Herren er midt imellom oss, sidan de ikkje hev gjort dette sviket imot han; dermed hev de berga Israels-borni or Herrens vald.
32 So skildest Pinehas Eleasarsson og hovdingane med Rubens-borni og Gads-borni, og for frå Gilead-landet heim att til Kana'ans-landet, til Israels-borni, og sa frå kva svar dei hadde fenge.
33 Og Israels-borni tykte godt um svaret; dei lova Gud og tenkte ikkje lenger på å taka ut i strid mot Rubens-borni og Gads-borni og øyda landet dei budde i.
34 Men Rubens-borni og Gads-borni gav altaret namn og sa: Eit vitne er det oss imillom at Herren er Gud.