Josvas bok 21
1 Ættefederne åt levitane gjekk fram for Eleasar, presten, og Josva Nunsson og ættefederne åt Israels-borni
2 og tala soleis til dei i Silo i Kana'ans-landet: Moses kom med det bodet frå Herren at me skulde få byar til å bu i med beitemarker ikring åt feet vårt.
3 Og Israels-borni gjorde som Herren hadde sagt, og gav levitane av sitt eige land dei byane me snart skal nemna, med beitemarkene som låg ikring.
4 Då dei no kasta lut, fall den fyrste luten på Kahats-ættene; dei levitane som var ætta frå Aron, presten, fekk trettan byar hjå Juda-ætti og Simeons-ætti og Benjamins-ætti,
5 og dei andre Kahat-borni fekk for sin lut ti byar hjå Efra'ims ættgreiner og Dans-ætti og den eine helvti av Manasse-ætti.
6 Gersons-borni fekk for sin lut trettan byar hjå Issakars ættgreiner og Asers-ætti og Naftali-ætti og den helvti av Manasse-ætti som var i Basan.
7 Merari-borni og ættgreinene deira fekk tolv byar hjå Rubens-ætti og Gads-ætti og Sebulons-ætti.
8 Desse byane med beitemarkene som høyrde til, gav Israels-borni åt levitane, soleis som Moses hadde sagt dei frå Herren, og let dei kasta lut um dei.
9 I Juda-fylket og Simeons-fylket gav dei frå seg dei byane som me no skal nemna ein for ein:
10 det var Arons-sønene av Levi-ætti, Kahat-greini, som fekk dei; for dei fall den fyrste luten på.
11 Dei fekk den byen i Juda-fjelli som heitte etter Arba, ættefaren åt anakitane, og som me no kallar Hebron, med beitemarkene som låg rundt ikring;
12 men åkerlandet og gardane som høyrde til byen, gav dei Kaleb Jefunneson til odel og eiga.
13 Dei som var ætta frå Aron, presten, fekk i desse tvo fylki både Hebron, som var fristad for dråpsmenner, og Libna
14 og Jattir og Estemoa
15 og Holon og Debir
16 og A'in og Jutta og Bet-Semes, ni byar med beitemarkene som høyrde til,
17 og i Benjamins-fylket Gibeon og Geba
18 og Anatot og Almon, fire byar med beitemarkene som høyrde til.
19 Soleis fekk Arons-sønene, prestane, i alt trettan byar med beitemarker attåt.
20 No skal me nemna dei byane som fall på dei andre Kahats-borni, dei levitiske Kahats-ættene: Dei fekk i Efra'ims-fylket
21 Sikem, som var fristad for dråpsmenner, i Efra'ims-fjelli og Geser
22 og Kibsa'im og Bet-Horon, fire byar med beitemarkene som høyrde til,
23 og i Dans-fylket Elteke og Gibbeton
24 og Ajalon og Gat-Rimmon, fire byar med beitemarkene som høyrde til,
25 og i det eine halve Manasse-fylket Ta'anak og Gat-Rimmon, tvo byar med beitemarkene som høyrde til.
26 Det var i alt ti byar med beitemarker attåt som dei hine greinene av Kahats-ætti fekk.
27 Levitane av Gerson-greini fekk i det andre halve Manasse-fylket Galon i Basan, ein av fristadene for dråpsmenner, og Be'estera, tvo byar med beitemarkene som høyrde til,
28 og i Issakars-fylket Kisjon og Daberat,
29 Jarmut og En-Gannim, fire byar med beitemarkene som høyrde til,
30 og i Asers-fylket Misal og Abdon
31 og Helkat og Rehob, fire byar med beitemarkene som høyrde til,
32 og i Naftali-fylket Kedes i Galilea, ein av fristadene for dråpsmenner, og Hammot-Dor og Kartan, tri byar med beitemarkene som høyrde til.
33 Soleis fekk gersonitane og ættgreinene deira i alt trettan byar med beitemarker attåt.
34 Dei som var att av levitane, Merari-borni og ættgreinene deira, fekk i Sebulons-fylket Jokneam og Karta
35 og Dimna og Nahalal, fire byar med beitemarkene som høyrde til,
36 og i Rubens-fylket Beser og Jahsa,
37 Kedemot og Mefa'at, fire byar med beitemarkene som høyrde til,
38 og i Gads-fylket Ramot i Gilead, ein av fristadene for dråpsmenner, og Mahana'im
39 og Hesbon og Jaser, fire byar med beitemarkene som høyrde til.
40 Det var i alt tolv byar som fall på dei siste Levi-ættene, Merari-borni og ættgreinene deira.
41 Alt i alt fekk levitane i odelslandet åt Israels-borni åtte og fyrti byar med beitemarker attåt.
42 Desse byane hadde kvar sine beitemarker ikring seg; so var det med dei alle.
43 Soleis gav Herren Israel heile det landet som han hadde lova at han vilde gjeva federne deira, og dei eigna det til seg og busette seg der.
44 Og Herren let dei hava fred på alle leder, heiltupp soleis som han hadde lova federne deira. Ingen av alle uvenene deira kunde standa seg imot dei; Herren gav alle fiendar i deira hender.
45 Ikkje eit einaste av alle dei gode ordi Herren hadde tala til Israels hus, vart um inkje; alt saman gjekk fram.