«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Josvas bok 20

1  Og Herren tala til Josva og sa:

2  Seg til Israels-borni at dei skal gjeva frå seg dei fredstadene som eg hadde Moses til å tala til dykk um,

3  so den som av vanvare og uviljande hev drepe eit menneske, kann få røma dit; desse byane skal vera dykk til ei trygd for dråpsmannen, når han rømer for blodhemnaren.

4  Dråpsmannen skal røma til ein av dei; han skal stiga fram i byporten og tala si sak for styresmennene i byen, og dei skal taka vel imot han og gjeva han ein bustad hjå seg.

5  Når so blodhemnaren kjem etter, skal dei ikkje lata han få tak i dråpsmannen, etter di det er uviljande han hev drepe ein mann, og han ikkje bar hat til han frå fyrr.

6  Han skal bu der i byen til han hev stade fram for lyden og fenge sin dom, og so til den øvstepresten som då lever, er avliden; då kann dråpsmannen fara heim att til sin eigen by og til huset sitt, til den byen han laut røma ifrå.

7  Då helga dei desse byane til fredstader: Kedes i Galilea i Naftali-fjelli og Sikem i Efra'ims-fjelli og Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, i Juda-fjelli.

8  Og austanfor Jordan, som renn frammed Jeriko, gav dei desse: i Rubens-fylket: Beser i øydemarki, på sletta; i Gads-fylket: Ramot i Gilead; i Manasse-fylket: Galon i Basan.

9  Dette var dei byane som vart kåra til fredstader åt alle Israels-borni og åt dei framande som heldt til hjå dei, so den som av vanvare drep eit menneske, kann få røma dit og ikkje skal døy for hemnarhand, fyrr han hev stade til doms for lyden.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23