Josvas bok 19
1 Den andre luten fall på Simeon, på Simeons-borni og ættgreinene deira. Det landet dei fekk, låg midt i Juda-fylket.
2 Til Simeons-fylket høyrde Be'erseba og Seba og Molada
3 og Hasar-Sual og Bala og Esem
4 og Eltolad og Betul og Horma
5 og Siklag og Bet-Hammarkabot og Hasar-Susa
6 og Bet-Leabot og Saruhen - trettan byar med grendene som høyrde til;
7 A'in, Rimmon og Eter og Asan - fire byar med grendene som høyrde til,
8 og alle bygdene som låg ikring desse byane, alt til Ba'alat-Be'er, Rama i sudlandet. Dette var odelsjordi som Simeons-ætti og greinene hennar fekk.
9 Dei fekk odelseiga si i det landet som var mælt ut til Juda-borni. Den luten som fall på Juda-borni, vart for stor åt dei; difor var det at Simeons-borni fekk landet sitt midt i deira land.
10 Den tridje luten fall på Sebulons-borni og ættgreinene deira. Det landet dei fekk, rakk til Sarid.
11 Fylkesdeilet gjekk i vest upp til Marala, gjekk frammed Dabbeset og nådde den bekken som renn austanfor Jokneam.
12 I aust, der soli kjem upp, vende det seg frå Sarid burt imot Kislot-Taborbygdi, heldt fram til Haddaberat og gjekk upp til Jafia.
13 Derifrå tok det, på solsida, austsida, yver til Gat-Hefer og Et-Kasin, heldt fram til Rimmon og svinga burt til Hannea.
14 So vende deilet seg nordetter til Hannaton og enda i Jiftah-El-dalen.
15 I Sebulons-fylket låg og Kattat og Nahalal og Simron og Jidala og Betlehem; i alt var der tolv byar med grender ikring.
16 Dette var det landet Sebulons-borni og ættgreinene deira fekk til odel og eiga med byar og grender.
17 Issakar var det som fekk den fjorde luten, Issakars-borni og ættgreinene deira.
18 I landet deira låg Jisre'ela og Hakkesullot og Sunem
19 og Hafara'im og Sion og Anaharat
20 og Harabbit og Kisjon og Ebes
21 og Remet og En-Gannim og En-Hadda og Bet-Passes.
22 Fylkesdeilet gjekk frammed Tabor og Sahasuma og Bet-Semes og enda i Jordan. I alt var der sekstan byar med grender ikring.
23 Dette var det landet som Issakars-ætti og greinene hennar fekk til odel og eiga, med byar og grender.
24 Den femte luten fall på Asers-ætti og greinene hennar.
25 I deira land låg Helkat og Hali og Beten og Aksaf
26 og Allammelek og Amad og Misal. Fylkesdeilet nådde i vest til Karmel og Sihor-Libnat;
27 so vende det seg austetter til Bet-Dagon og gjekk so frammed Sebulons-fylket og Jiftah-El-dalen, nordanfor Bet-Haemek og Ne'iel; sidan heldt det fram til Kabul i nord.
28 I Asers-fylket låg og Ebron og Rehob og Hammon og Kana, alt burt til Stor-Sidon.
29 So vende deilet seg mot Harama og heldt fram til Tyrusborgi; der ifrå tok det leidi til Hosa og gjekk ut i havet ikkje langt frå Aksib.
30 Umma og Afek og Rehob låg og i dette fylket. I alt var der tvo og tjuge byar med grender ikring.
31 Dette var det landet som Asers-ætti og greinene hennar fekk til odel og eiga, med byar og grender.
32 På Naftali-borni fall den sette luten, på Naftali-borni og ættgreinene deira.
33 Fylkesdeilet deira gjekk frå Helef, frå Sa'anannim-eiki, um Adami-Hannekeb og Jabne'el, heldt fram til Lakkum og gjekk ut i Jordan.
34 So vende deilet seg vestetter til Asnot-Tabor og heldt fram til Hukkok. I sud skifte dei med Sebulon og i vest med Aser og i aust med Juda ved Jordan.
35 Av faste byar var der: Hassiddim, Ser og Hammat, Rakkat og Kinneret
36 og Adama og Harama og Hasor
37 og Kedes og Edre'i og En-Hasor
38 og Jiron og Migdal-El, Horem og Bet-Anat og Bet-Semes. I alt var der nittan byar med grender ikring.
39 Dette var det landet Naftali-ætti og greinene hennar fekk til odel og eiga, med byar og grender.
40 På Dans-ætti og greinene hennar fall den sjuande luten.
41 I deira fylkesland låg Sora og Estaol og Ir-Semes
42 og Sa'alabbin og Ajalon og Jitla
43 og Elon og Timnata og Ekron
44 og Elteke og Gibbeton og Ba'alat
45 og Jehud og Bene-Berak og Gat-Rimmon
46 og Me-Hajarkon og Harakkon og bygdene burtmed Joppe.
47 Men det vart for trongt for Dans-borni i landet deira; difor for dei nordetter og tok på Lesem-buane; dei vann landet deira og øydde det med odd og egg; sidan la dei det under seg og vart buande der; og i staden for Lesem kalla dei bygdi Dan etter ættefaren sin.
48 Dette var det landet Dans-ætti og greinene hennar fekk til odel og eiga, med byar og grender.
49 Då Israels-borni vel hadde skift ut heile Kana'ans-landet, so vidt som det var, let dei Josva Nunsson få ei odelseiga millom seg;
50 dei gjorde som Herren hadde sagt, og gav han den byen han bad um, Timnat-Serah på Efra'ims-fjellet; og han bygde upp byen og busette seg der.
51 Dette var dei odelseigone som Eleasar, presten, og Josva Nunsson og hovdingane yver Israels ætter og ættgreiner luta ut i Silo for Herrens åsyn, i møtetjelddøri. Dermed var dei ferdige med å skifta ut landet.